Bergen Engines blir kjøpt opp av TMH International AG, dersom regjeringa ikkje stoppar oppkjøpet.

Kva er poenget med eit forsvar, om Russland skal stå for vedlikehaldet?

Avlys dette salet.

  • Morten Myksvoll
    Morten Myksvoll
    Kommentator i Bergens Tidende
Publisert: Publisert:
Dette er en kommentar
Kommentaren gir uttrykk for skribentens holdning.

Det er som ei scene frå ein komedie: Ein fabrikk med panoramautsikt til Knarvik, står midt i eit storpolitisk drama.

Plottet er absurd. Russiske oligarkar kjøper opp fabrikken, som leverer motorar til Sjøforsvaret. Slik får russiske eigarar ansvar for vedlikehaldet av kystvaktskip som patruljerer norskekysten – på leiting etter unormal russisk aktivitet.

Men det er ikkje fjernsyn – og det er ikkje komisk.

Dette kan bli realiteten, dersom regjeringa ikkje stoppar salet av Bergen Engines til THM International AG.

Selskapet er eigd av Russlands største produsent av togmotorar. Men BT/E24 har kartlagt eigarskapet ytterlegare. To av dei største eigarane er russiske oligarkar, som har organisert eigarskapet gjennom ei rekke dotterselskap.

Det er ille nok at Russland kan få tilgang til viktig informasjon om korleis Sjøforsvaret vårt fungerer. Oppkjøpet gir dei òg tilgang på sjølve teknologien, som Russland slit med å utvikle på eige hand.

Det seier Ståle Ulriksen, som forskar på forsvarspolitikk ved Sjøkrigsskulen.

KV «Svalbard» er eitt av kystvaktskipa som Bergen Engines har levert motoren til. Her er skipet på nordpolen i 2019, som første norske fartøy.

Galskapen stoppar ikkje der. Onsdag kunne BT/E24 avsløre at Bergen Engines òg leverte motorar til FS «Marjata».

Det norske spionskipet vert brukt til å overvake russisk aktivitet i nordområda. Skipets gudmor er statsminister Erna Solberg (H), som sjølv vart varsla om oppkjøpet 4. februar.

Varslaren meinte at kjøparane er knytt til den russiske presidenten Vladimir Putin. Grovt forenkla er russiske oligarkar anten tett knytt til presidenten eller så sit dei i fengsel.

Russland vil sjølvsagt vere interessert i at Kystvakta og etterretningsskipet ikkje får vere på sjøen mest mogeleg. Då er det utruleg at russiske oligarkar skal stå for vedlikehaldet.

Heile poenget med patruljeringa, er å kartlegge all militær aktivitet, sånn at me fort oppdagar avvik frå det normale.

Les på E24+

Varslet Erna om Norges spionskip: «Motorene på dette fartøyet som du var gudmor på er levert og vedlikeholdt av Bergen Engines»

FS «Marjata» til kai i Horten, før det vart sett i drift for Etterretningstenesta.

Oppkjøpet kan stoppast, dersom salet fører til ein «ikke ubetydelig risiko for at nasjonale sikkerhetsinteresser blir truet». Det står i den nye tryggingslova.

Men fabrikken driv ikkje med det lova definerer som viktig nasjonal infrastruktur, ifølgje Nærings- og fiskeridepartementet.

Ein skulle tru motoriserte kystvaktskip var viktig nok.

Eit alternativ, dersom oppkjøpet går gjennom, er at Forsvaret finn andre leverandørar av motorar til sine skip. Men Bergen Engines er den einaste norske fabrikken som driv med slikt.

Fabrikken vil framleis vere omfatta av såkalla eksportkontroll, skriv Utanriksdepartementet til BT/E24.

Men det er vanskeleg å forstå korleis denne kontrollen hindrar kunnskap om motorteknologi i å kome seg frå Hordvikneset til den russiske nordflåten.

Frykta for at dette skal skje er ikkje tatt ut av lause lufta, men frå etterretningstenestenes eigne trugselvurderingar. Dei vart lagt fram for eit par veker sidan.

Forsvarsminister Frank Bakke-Jensen (H) må stoppe salet av Bergen Engines.

Alle desse vurderingane passar godt til Bergen Engines-saka, og viser kor naivt det er å slå fast at kjøparen berre er ein kommersiell aktør:

  • Etterretningstenesta i Forsvaret: «Utviklingen av sivil og militær teknologi skjer i økende grad integrert. Det betyr at teknologien i mange tilfeller ikke er eksportkontrollregulert. (...) Utenlandske oppkjøp av norske teknologibedrifter, bruk av frontselskaper og mellomledd i vestlige land kompliserer bildet.»
  • Politiets tryggingsteneste (PST): «Dersom deler av drift og utvikling i norsk infrastruktur og nøkkelvirksomheter blir prisgitt andre lands politiske disposisjoner, vil Norge være sårbare for påvirkning og press.»
  • Nasjonalt tryggingsorgan (NSM): «Det er vanskelig å skille mellom investeringer som utføres på bakgrunn av rent kommersielle hensyn, og strategiske investeringer som gir fremmede makter tilgang på informasjon, ressurser og infrastruktur, eller som gir mulighet til å påvirke beslutninger.»

No får heldigvis forsvarsminister Frank Bakke-Jensen (H) sjansen til å rydde opp. Tre stortingsrepresentantar frå Ap, Frp og Sp har stilt spørsmål om avsløringa.

Dette oppkjøpet er ein del av ein svært samansett trugsel mot norsk tryggleik. I denne saka kan regjeringa vise kor seriøst dei tar implementeringa av tryggleikslova – eller ikkje.

Les på E24+

Russere overtar motorfabrikk: Forsvaret må vurdere kontrakter på nytt

Les på E24+

Bergen Engines-salget: Advarer mot «skitne penger» fra Russland

Publisert:
Gå til e24.no

Her kan du lese mer om

  1. Bergen Engines
  2. Sjøforsvaret
  3. Russland
  4. Forsvar
  5. Oppkjøp
  6. Kommentar

Flere artikler

  1. Derfor er salget av Bergen Engines så kontroversielt

  2. Rolls-Royce stanser foreløpig salget av Bergen Engines til russisk selskap

  3. Vi må ikke sove!

  4. Betalt innhold

    Slik svarer forsvarsministeren på anklagene etter Bergen Engines-handelen: – Vi er ikke naive

  5. Betalt innhold

    Bergen Engines-saken: – Regjeringen må stoppe salget, vitner om komplett svikt i alle ledd