Frå milliarden i pluss til 351 millionar i minus for DSD

Etter eit rekordår i 2019 blei 2020 tøft for DSD. Store nedskrivingar på flåten bidrog til eit negativt resultat.

Konsernsjef Ingvald Løyning ser tilbake på eit krevjande år.

Fredrik Refvem
  • Kristine M. Stensland (Stavanger Aftenblad)
  • Kjell-Ivar Gilje Grøndal (Stavanger Aftenblad)
Publisert: Publisert:

Eit resultat før skatt på minus 351 millionar kroner blei fasiten for DSD-konsernet i rekneskapen for 2020. Konsernet eig blant anna busselskapet Tide og DSD Shipping.

Omsettinga til DSD-konsernet fall frå 5,341 milliardar i 2019 til 4,326 milliardar kroner i 2020. I 2019 selde DSD dotterselskapet Norled, noko som naturleg nok også har prega den totale omsettinga i 2020. Norled-salet bidrog til eit rekordresultat på 1,1 milliardar kroner i 2019.

Eigaren av DSD er Folke Hermansen AS, der Yuhong Jin Hermansen er største aksjonær gjennom selskapa sine. Eigarane tar ut eit utbytte på 35 millionar kroner.

DSD blei etablert i 1855 og har hovudkontor i Stavanger.

Vekst i Tide

Omsettinga i Tide utgjer nærare 90 prosent av totalen i konsernet. Dei har hovudkontor i Bergen og er det nest største busselskapet i Norge. I tillegg er dei til stades i Danmark. Til saman har dei 4.521 tilsette og opererer 1.968 bussar.

Tide hadde ein omsettingsvekst på 254 millionar kroner, eller sju prosent, sjølv om transportbransjen blei ramma hardt av koronapandemien.

Busselskapet Tide hadde 700 permitterte sjåførar på det meste i fjor. Det var den kommersielle delen av verksemda, med flybussar, Kystbussen og turbussar, som blei ramma av krisa. Denne delen av Tide hadde eit fall i inntekter på 43 prosent. Også tala hos Go Fjords, som lagar reiselivsopplevingar, blei prega av pandemien.

DSD reknar med at ein må venta til 2022 før ein ser ei normalisering av den internasjonale turismen i Norge.

At Tide likevel auka omsettinga, kjem av kontraktar med det offentlege. Slike kontraktar vinn dei på anbod, og dei får inntekter sjølv om passasjertalet går ned. Tapte billettinntekter er det dei offentlege kollektivtrafikk-selskapa som får merka.

Tide si verksemd som er basert på anbod i Norge og Danmark, hadde ein auke i omsettinga på heile 574 millionar kroner.

Eigaren av DSD er Folke Hermansen AS, der Yuhong Jin Hermansen er største aksjonær gjennom selskapa sine.

Jarle Aasland

Nedskrivingar på 345 millionar

DSD har åtte tankskip som seglar internasjonalt. Tre av desse er nye og blei leverte i løpet av 2020.

Då konsernsjef Ingvald Løyning i august skildra det fyrste halvåret, kunne han visa til at «dei skyhøge ratane i tankmarknaden» gav dei eit fint pluss på botnlinja så langt. Ratane steig på grunn av koronakrisa og behovet for å lagra overflødig olje på tankskip. Men så kollapsa marknaden. Selskapet skriv at fjerde kvartal blei historisk svakt med ei inntening som låg under driftskostnadane for alle skip.

Dette bidrog til svake resultat og verdifall for skipa til DSD. Dei gjorde nedskrivingar på totalt 354 millionar kroner innan internasjonal shipping. I 2019 svinga derimot verdien av flåten motsett veg og gav ein positiv resultateffekt på 60 millionar kroner.

Ventar krevjande år

I løpet av 2020 blei DSD eigar i fem nye selskap. Blant desse finn ein teknologi- og mobilitetsselskapet Ferdia.

Styret ventar at også 2021 «blir krevende resultatmessig, men DSD står finansielt sterkt til å støtte opp om investeringer, samt å være opportunistisk til å realisere nye investeringer innen satsningsområdene». Eigenkapitalen til selskapet var 1,943 milliardar kroner i 2020.

Les også

Tide Buss kjøper seg inn i teknologiselskap

Publisert:

Her kan du lese mer om

  1. AftenbladetE24
  2. DSD
  3. Tide
  4. Kystbussen
  5. Tankskip
  6. Norled
  7. Shipping

Flere artikler

  1. Bondeopprørarar om milliardkrav: – Offensivt og positivt

  2. Plast og vaksine bidrog til sterkt resultat for Veen-familien

  3. Bøndenes grasrotopprør har fått over 10.000 underskrifter

  4. Betalt innhold

    Hildegunn elskar garden sin. No er han til sals

  5. Betalt innhold

    Stjernekokk har stor tru på reker frå Florida i Bergen: – Dei er kjempebra