Matfylket Rogaland er dårlegast i landet på jordvern

I fjor vedtok Rogaland nytt mål for jordvern. Same år gjekk det med over 50 prosent meir matjord enn målet politikarane har sikta seg inn på.

Fungerande fylkesordførar Arne Bergsvåg er skuffa over kor mykje jordbruksjord som blei omdisponert i fjor. Dette jordet er ein del av planen for ny E39 på strekninga mellom Osli og Hove i Sandnes.

Tommy Ellingsen
  • Kristine M. Stensland (Stavanger Aftenblad)
Publisert:,

– Jordvernmålet blir veldig vektlagt i festtalar, men ikkje i den daglege politikken. Me er ikkje flinke nok, seier Arne Bergsvåg (Sp) som er fungerande fylkesordførar.

I fjor blei 621 dekar, noko som svarar til cirka 89 fotballbanar, med dyrka jord omdisponert i Rogaland. Dette talet kjem eitt år etter at fylkestinget i Rogaland vedtok at ein skal omdisponera maksimalt 400 dekar med jordbruksareal i året. Ein skal nå målet innan 2022.

I 2018 blei 469 dekar jordbruksareal omdisponert i Rogaland, og i 2017 var talet 261 dekar, så om Rogaland skal nå målet, må trenden snu.

– Stort sett alle partia har slutta seg til jordvernmålet i jordvernstrategien. Men me ser at når enkeltsakene kjem, så pressar kommunane på, og mange parti er då villige til å omdisponera, seier Bergsvåg.

Talet finn ein i ein rapport frå KOSTRA (Kommune-Stat-Rapportering). Omdisponering betyr her at kommunane har gjort jorda tilgjengeleg for annan bruk, anten med det same eller i framtida. Med jordbruksjord meiner dei fulldyrka jord, overflatedyrka jord og innmarksbeite.

Verst i landet

Det nasjonale jordvernmålet er at maksimalt 4000 dekar skal bli omdisponerte. Denne grensa greidde Noreg å halda seg innanfor i fjor, med ei total omdisponering på 3617 dekar. Det er tredje året på rad ein når det nasjonale målet.

Rogaland omdisponerte mest jordbruksareal av alle fylka i landet, ifølgje KOSTRA-rapporten.

Tre på topp på verstinglista i Rogaland er Karmøy (179 dekar), Sandnes (97 dekar) og Gjesdal (95 dekar). Dette gjev Karmøy fyrsteplassen også nasjonalt, medan Sandnes og Gjesdal har sjette- og sjuandeplassen. Neste Rogalandskommune på lista er Time (53 dekar) på ein 19.-plass. Samferdsel var den viktigaste årsaka til at matjord blei omdisponert i desse kommunane.

Les på E24+ (for abonnenter)

Jordvernar trur nye E39 kan gje vinn-vinn-situasjon

«Me har ikkje dårleg samvit»

– Det er ikkje noko mål i seg sjølv å måtta ta dyrka areal. Men me veks og veks. Det blir bygd nye vegar, det kjem nye bedrifter og folk skal ha ein plass å bu, seier Pål Morten Borgli (Frp), fungerande ordførar i Sandnes.

Kor mykje som er omdisponert så langt i år, har han ikkje oversikt over, men han veit at det er gått med noko dyrka jord i år også.

– Kva betyr målet i jordvernstrategien for Sandnes?

– Me skal alltid setja oss gode mål for arealdisponering. Og så skal me som matfylke sjølvsagt unngå å ta mest mogleg. Men me har ikkje dårleg samvit. Me er ein by i kraftig vekst. Eg trur me framleis skal utvikla den gode bustadbyen som Sandnes er, og ikkje berre prøva å få folk inn i blokker langs jernbanen. Det ville ha vore keisamt.

Borgli fortel at Sandnes også har mykje fjell og uproduktive område.

– Men ting heng litt saman. Skal ein bygga bustadar, må ein gjera det der det allereie ligg infrastruktur frå før av.

Han vil presisera at for nokon område, går det andre vegen.

– Det er trass alt ein god del nydyrking. Og så var det vel i fjor me tilbakeførte ganske så mykje areal frå bustadformål på Austrått.

Fungerande ordførar i Sandnes, Pål Morten Borgli (Frp), viser til at Sandnes er ein by i vekst for å forklara bruken av jordbruksjord til andre formål.

Rune Vandvik

20 dekar som kommunalt mål

– Gjesdal har som mål ikkje ta meir enn 20 dekar jordbruksareal per år, seier Unn Birkeland (Sp), fungerande ordførar i Gjesdal.

Ho understrekar at netto-rekneskapen for 2019 på sikt ikkje vil gje 95 dekar som fasit.

– Noko av det vil bli ført tilbake. Når ein til dømes held på med veg, som tilfellet var i fjor med utbygginga på Lomeland, så blir noko jord som blir fjerna, brukt til nytt jordbruksareal ein annan stad. Men det tar litt tid før dette blir god, produktiv jord igjen.

– Kva betyr den regionale jordvernstrategien for Gjesdal?

– Det betyr enormt mykje at me kan vera med på å sikra at måla blir oppfylte. Med den tida me har vore gjennom no, med korona og med tanke på potensiell matmangel, så blir det ekstra viktig framover at me ikkje skal bygga ned jordbruksjord utan at me klarer å føra tilbake minst like mykje, seier Birkeland.

Unn Birkeland (Sp), fungerande ordførar i Gjesdal, har som mål at kommunen ikkje skal bruka meir enn 20 dekar jordbruksjord i året.

Jon Ingemundsen

Ønsker sterkare jordvern

Fleire store samferdselsprosjekt vil krevja omdisponering av matjord dei komande åra. Dette er Bergsvåg fullt klar over.

– Når ein skal frå a til b med ein veg, så må vegen berre gå der han må gå. Det er viktig for oss å ha jordvern med i planlegginga, slik at ein kan skåna mest mogleg.

Han meiner kommunane har meir å gå på når det gjeld plasseringa av bustadar og næringsområde.

– Det er fullt mogleg å finna areal som ikkje legg band på landbruksareal i fylket. Med det som allereie er regulert, og med potensialet for fortetting, så vil det vera nok med tanke på dei neste 20–30 åra.

Som senterpartist ønsker han eit endå strammare jordvernmål.

– Det er ein avgrensa ressurs. Det nasjonalt målet på 4000 dekar i året bør halverast. Om sjølvforsyningsgraden skal opp, kan me ikkje bygga ned jorda. Me blir stadig fleire, og bygger stadig ned meir matjord. Det går ikkje opp.

Meir nydyrking

For noko areal går det andre vegen. I Rogaland blei 2455 dekar godkjent for nydyrking i fjor. Nasjonalt blei det godkjent cirka 28.100 dekar, noko som er det høgaste talet sidan KOSTRA-rapporteringa starta i 2005. Flest dekar blei godkjende i Trøndelag, Hedmark og Møre og Romsdal.

I perioden 2005 til 2019 er det i gjennomsnitt blitt godkjent 2010 dekar for nydyrking i Rogaland, ifølgje ein rapport frå Fylkesmannen. Når ein har fått godkjent søknad om nydyrking, har ein tre år på seg for å gjennomføra dyrkinga.

Det er cirka ein million dekar jordbruksjord i fylket. Denne består av både dyrka mark og gjødsla beite.

Les på E24+ (for abonnenter)

Nasjonalt mål om meir norske grønsaker, men då må forbrukarane styra unna billig import

Her kan du lese mer om

  1. Gjesdal
  2. Sandnes
  3. Pål Morten Borgli
  4. Fylkestinget
  5. Politikk
  6. Jordvern
mail
E24

Start dagen med

Morgengryn Logo

Hold deg oppdatert på de viktigste nyhetene, de siste nøkkeltallene, og dagens kalender. Tilbudet er gratis.

Flere artikler

  1. Vil vurdera innstramming av jordvernmål

  2. Betalt innhold

    Jordvernar trur nye E39 kan gje vinn-vinn-situasjon

  3. Betalt innhold

    Nasjonalt mål om meir norske grønsaker, men då må forbrukarane styra unna billig import

  4. Annonsørinnhold

  5. Kraftfôr er blitt milliardbutikk

  6. Fagforeningsleder i Norwegian: Hvis Norge kjøper seg inn i SAS, legges det opp til monopol