Q-meieriene selde 8,3 millionar færre liter mjølk i fjor

Årsresultatet til Q-meieriene blei meir enn halvert. – Eit motbakkeløp, seier styreleiar som no ventar på svar på ein viktig klage.

Kristine Aasheim, styreleiar i Q-meieriene, karakteriserer nedgangen i mjølkesalet som dramatisk.
  • Kristine M. Stensland (Stavanger Aftenblad)
Publisert:

I 2021 gjekk omsettinga til Q-meieriene tilbake for fyrste gong i den 23 år lange historia i til Q-meieriene. Dette fortel styreleiar Kristine Aasheim. Ho skildrar fjoråret som eit motbakkeløp.

– Nedgangen kjem i hovudsak at av eit dramatisk fall i mjølkesalet for selskapet, seier ho.

26,5 prosent av den vanlege mjølka som blei selt i Norge i fjor, kom frå Q-meieriene. I 2020 hadde Q-mjølka 28,1 prosent av denne marknaden. I tillegg til at prosenten deira blei redusert, så blei det også selt mindre mjølk totalt.

Q-meieriene fekk dermed selt 8,3 millionar færre liter med mjølk i fjor.

Tilbakegangen i omsetting blei på 2 prosent, og enda på 2,04 milliardar kroner. I tillegg steig utgiftene, og resultatet blei derfor meir enn halvert. I 2020 sat dei att med 138 millionar kroner før skatt, mot 50 millionar kroner i 2021.

Til samanlikning hadde konkurrenten Tine salsinntekter på 24 milliardar kroner i fjor.

Mista 50 millionar

Aasheim meiner at eit vedtak som Landbruksdirektoratet gjorde i fjor haust, har bidratt til at omsettinga deira gjekk ned. Direktoratet slo då fast at Q-meieriene og Rørosmeieriet ikkje lenger har rett på tilskot til distribusjon. For Q-meieriene utgjer dette kuttet 50 millionar kroner årleg, og vedtaket gjaldt frå november i fjor.

– Det er klart at tap av eit tilskot på 50 millionar kroner vil ta frå oss retten til å konkurrera på like vilkår. Vedtaket er katastrofalt for oss i Q, og me blør kvar dag, seier Aasheim.

Landbruksdirektoratet meiner at Q-meieriene ikkje lenger har vesentleg høgare distribusjonskostnadar enn Tine. Det må dei ha om dei skal ha rett på tilskotet.

Q-meieriene har klaga på vedtaket og ventar at dei snart får svar på klagen.

Distribusjonstilskotet er ein del av dei konkurransepolitiske tilskota i prisutjamningsordninga. Denne ordninga er finansiert av avgifter som meieria sjølve betaler inn. Tine meiner at dei konkurransepolitiske tilskota i prisutjamningsordninga bør bli avvikla, og at pengane som i dag går med til å støtta konkurrentane til Tine, i staden bør bli brukt til å auka mjølkeprisen.

Les også

Q-meieriene frykter for eksistensen etter tilskuddskutt: – Tine prøver å skvise oss ut

Les også

Forbrukerrådet tror konkurransen i meierimarkedet kan bli dårligere

Stor investering

Ein annan grunn til at resultatet blei redusert, er at Q-meieriene har vore i innspurten av ei utviding av meieriet på Jæren. Utvidinga kallar dei sjølv for eit innovasjonshus, og dei har investert nærare 900 millionar kroner. Etableringa og utprøvinga av nyvinninga bidrog til ekstra kostnadar.

Den offisielle opninga er sett til 13. mai. Dei såg opphavleg for seg å ha vore i full drift i løpet av 2021, men byggeprosessen drog ut, mellom anna på grunn av på grunn av pandemien.

Les på E24+

Med dette anlegget vil Q-meieriene stela fleire kundar frå Tine

Eit av måla til Q-meieriene er å bruka det nye bygget til å vera oppfinnsame nok til at mjølkekonsumet går opp i Norge.

Når det gjeld både smaksett mjølk, yoghurt og rømme gjekk marknadsandelane til Q-meieriene opp. Størst er dei innan rømme, der dei i fjor sikra seg 34 prosent.

– Salet av skyr og yoghurt auka med over 80 millionar kroner, fortel Aasheim.

Publisert:
Gå til e24.no

Her kan du lese mer om

  1. Q-Meieriene AS

Flere artikler

  1. Betalt innhold

    Storinvesteringa opnar for nye produkt i meierihylla

  2. Tine vil stoppe støtta til konkurrentane: – Mangfald betyr noko

  3. Tine med utbetalingsrekord. Denne garden får 450.000 kroner

  4. Betalt innhold

    Oppfinninga til Jostein (60) blir eige IKM-selskap

  5. Betalt innhold

    Finansmann kjøpte gard til fem millionar over takst. No sel han garden billig – til seg sjølv