Dataangrepet: Nortura varslar leveringsutfordringar til restaurantar
Utan eit fungerande IT-system er utfordringane store for Nortura. Men nyttårskalkunen skal vera sikra.
Etter at Nortura blei utsett for eit dataangrep 21. desember, bestemte dei seg for å stenga ned IT-systema. Dette har resultert i redusert aktivitet ved fleire anlegg.
Målet til Nortura er no at dei skal kunna starta opp att med slakting frå 3. januar ved hjelp av mellombelse IT-løysingar.
Dei vil då prioritera leveransar med store volum, altså dei som endar i daglegvarebutikkane. Dette gjer dei av omsyn til forsyningstryggleik og dyrevelferd.
– Nyttårskalkunen er sikra, seier Kjell S. Rakkenes konserndirektør i Nortura.
Prioriterer sjukehus
I ein innkøyringsfase varslar Nortura større leveringsutfordringar til proff- og industrimarknaden.
– Dette betyr at me vil ha større utfordringar med å levera til restaurantar, forklarer Rakkenes.
Nortura forsikrar om at dei vil prioritera forsyning av varer til sjukehus og andre offentlege institusjonar.
Slaktar ikkje på Forus
Driftsstatus per 28. desember er at slakting og skjering av storfe, småfe og svin er kraftig redusert.
Dette inneber ifølgje Rakkenes at det ikkje blir utført slakting hos Nortura Forus.
– Men der var det heller ikkje planlagt stor aktivitet i jula, seier han.
Slakting og skjering av kylling og kalkun går som planlagt. Eggpakkeriet fungerer med manuelle løysingar. Pølse-, pålegg og posteiproduksjon går tilnærma som normalt.