Nortura Forus-sjefen sluttar på grunn av konsernet sine planar
Olav Tandberg vil ikkje vera den som leiar ei avvikling av Nortura Forus.
– No går me inn i ein fase der anlegget gradvis skal bli avvikla. Ein annan enn meg bør gjera den jobben. Eg vil heller utvikla enn avvikla, seier Olav Tandberg, fabrikksjef hos Nortura Forus.
Dette er bakgrunnen for at han seier frå seg leiarstillinga og sluttar i Nortura, konsernet der han starta som mekanikar i 1996.
I oktober blei det kjent at Nortura skal flytta griseskjeringa som i dag skjer hos Nortura Forus til ei ny avdeling på Tønsberg som skal stå ferdig i 2023. Endeleg vedtak blei fatta den 18. oktober.
Flyttinga rammar 68 av 550 tilsette på Forus.
Nortura vil kutte 126,5 millioner på skjæring av gris
Kjøttskjærer fikk trist beskjed om jobbkutt
147 ansatte i Nortura mister jobben: – Nedslående
Langtidsplanen
– Eg sa opp etter styrevedtaket, men avgjerda mi var meir lenka opp mot den langsiktige strukturplanen til Nortura, seier Tandberg.
Han refererer her til industriutviklingsplanen som konsernet har lagt for åra fram til 2024.
For Nortura Forus ligg vedtaket om flytting av skjeringa an til å bli det fyrste av fleire som til slutt tømmer anlegget for aktivitet. Sjølve slaktinga kan koma til å bli flytta til eit nytt, stort slakteri i Hå kommune.
– Då eg skjønte kva veg det gjekk, var det naturleg å tenka at eg ville gjera noko anna, seier Tandberg.
I desse dagar står han og Nortura midt i utfordringar som følgjer av dataangrep, men dette har ikkje Tandberg høve til å kommentera.
Til elektrofirma
Tandberg går til jobben som dagleg leiar i Nærbø Rør og Elektro der han skal leia 50–60 tilsette.
– Eg har bakgrunn frå elektro og automasjon, og går no tilbake til røtene, seier han.
Den avtroppande fabrikksjefen får berre godord frå klubbleiar Ken Ove Sletthaug i Norsk Nærings- og Nytelsesmiddelarbeiderforbund (NNN).
– Me kjem til å sakna han. Han har vore ein veldig bra leiar som har klart å motivera folk.