Nortura-anlegget på Forus kan bli datasenter

Nortura har inngått intensjonsavtale med eit selskap som ønsker å skapa nye arbeidsplassar dersom Nortura flyttar ut.

Mads Unneberg og Anne Marit Panengstuen frå Nortura møtte Peder Nærbø frå Bulk Infrastructure og rådgjevar Marius G. Dietrichson frå Cushman & Wakefield på Nortura sitt anlegg på Forus.
Publisert: Publisert:

Kva skal skje med den 110 mål store Nortura-tomta på Forus dersom Nortura flyttar ut?

Ein nysignert intensjonsavtale mellom Nortura og selskapet Bulk Infrastructure kan vera starten på eit svar.

– Kommunen ønsker industriutvikling, og me har søkt etter partnarar som kan tilfredsstilla det. Dersom me flyttar frå Forus, skal me gjera det med eit positivt fotavtrykk, seier Anne Marit Panengstuen, konsernsjef i Nortura.

Nortura-anlegget ligg langs toglinja ved Gandsfjorden.

Datasenter og nettkablar

Datasenter og nettkablar er viktige stikkord for verksemda til Bulk Infrastructure. Datasenter har dei blant anna i Oslo og i Vennesla.

Selskapet oppgjev sjølv å ha bygd 10.000 kilometer med internettkablar til sjøs, inkludert Havfruekabelen som kryssar Atlanterhavet og koplar saman USA og Norge. I samarbeid med Bane Nord har dei dessutan lagt fiberkabel frå Oslo til Stavanger, og frå Oslo til Bergen.

Så kva ser dei føre seg at dei kan finna på dersom Nortura tar ei endeleg avgjerd om å forlata Forus?

– Denne eigedommen kan vera ein unik stad å knyta teknologiindustri saman med ein stor by med høgt kompetente arbeidsfolk, seier Peder Nærbø, som trass i etternamnet, ikkje er jærbu, men austlending.

Bulk Infrastructure er i gang med å planlegga ein ny fiberkabel frå Norge til Canada. Sidan begge landa har vasskraft, hevdar selskapet at dette vil bli ein berekraftig, digital infrastruktur.

– Denne kabelen, som får namnet Leif Erikson, ønsker me å ha i land ein stad mellom Stavanger og Bergen.

I samanheng med denne kabelen kan det bli aktuelt med datasenter på Forus. Nortura-anlegget disponerer i dag 9 megawatt, og dette er noko ein fint kan starta eit lite datasenter med, meiner Nærbø.

– No startar arbeidet med å undersøka om det kan koma meir kraft eigedommen. Me vil sjå om det er mogleg å etablera eit stort datasenter her, seier han.

Vertikalt landbruk, kanskje?

Men Nærbø vil ha fleire med seg om det skal bli aktuelt å satsa på Forus. For eit datasenter aleine skaper ikkje all den aktiviteten han og Nortura ønsker seg på tomta.

Med intensjonsavtalen på plass håper han på å få kontakt med fleire interesserte aktørar i Rogaland.

– Eit datasenter produserer overskotsvarme som andre kan nytta. Me jobbar med å kopla til oss eksterne prosjekt, blant anna folk som driv med vertikalt landbruk. Me vil også sjå på om det mogleg å gje varme til fjernvarmenettet, seier Nærbø.

I tillegg peikar han på næringar som ser det som ein fordel å vera tett på eit datasenter. Men noko potensielt tal på arbeidsplassar, synest han det er for tidleg å rekna på.

Både Bulk Infrastructure og Nortura understrekar at avtalen som er inngått, inneber fleksibilitet for dei begge. Bulk Infrastructure treng meir tid til å undersøka kva det er mogleg å få til på Forus, og Nortura treng tid til å koma fram til eigne konklusjonar.

Nærbø eig sjølv 51 prosent av Bulk Infrastructure. Eigedomsfondet Bentall Green Oak eig 16 prosent, og John Fredriksen eig 13 prosent gjennom selskapet Geveran. Mange av dei tilsette er også aksjonærar i selskapet.

Ein del av ein langsiktig plan

Å flytta frå Forus ligg i den langsiktige industriutviklingsplanen til Nortura.

Eit fyrste steg blei tatt då Nortura i haust bestemte at 68 årsverk vil bli flytta frå Forus til Tønsberg.

«Det er urovekkande at ein så stor aktør som Nortura i praksis legg ned mange hundre arbeidsplassar i regionen for å sentralisera på Austlandet», sa Stavanger-ordførar Kari Nessa Nordtun (Ap) om Nortura-planen.

Men fleire enkeltvedtak står att før nedlegging av anlegget er eit faktum. Nortura må blant anna gå inn for å starta bygging av eit nytt, stort slakteri i Kviamarka i Hå kommune.

I 2020 bad Nortura om ei ny områderegulering slik at dei kunne bruka eigedommen til bustad- og næringsformål.

Publisert: