Forseinking i Irland kostar Tine 10 millionar kroner i månaden

Prøveproduksjonen er i gang. Men det er framleis uvisst kva tid den ordinære Jarlsberg-produksjonen på det nye Tine-meieriet i Irland kan starta.

Produksjonen av Jarlsberg-hjula skal flytta frå det store Tine-meieriet i Hå kommune. Kva tid det blir, er framleis uvisst.

Geir Sveen
  • Kristine M. Stensland (Stavanger Aftenblad)
Publisert:

Tine investerer 800 millionar i Irland, skreiv Stavanger Aftenblad i januar. Saka handla om det nye meieriet som Tine har bygd i Mogeely ved byen Cork. Meieriet skal produsera Jarlsberg-ost til eksportmarknaden. Det var venta at produksjonen skulle starta opp i løpet av årets fyrste halvår.

No som andre halvdel av 2020 er i gang, kan ein konstatera at den ordinære produksjonen er forseinka.

– Me har framleis ikkje fått nødvendige utsleppsløyve, fortel Bjørn Malm, pressevakt hos Tine.

Det nye Tine-meieriet i Mogeely er klart for Jarlsberg-produksjon, men utsleppsløyvet manglar.

Tine

Følgjer opp irske styresmakter

Forseinkinga kan koma til å bli dyr for Tine.

– Meirkostnadane for Tine er på cirka 10 millionar kroner per månad. Kostnaden begynner å løpa no frå juni-juli, seier Malm.

Ifølgje Malm følgjer Tine no opp irske styresmakter tett.

– Me er trygge på at nødvendige løyve vil koma på plass. Det ligg ikkje innvendingar til grunn for forseinkinga. Det tar rett og slett berre tid.

Malm hevdar at moderne teknologi gjer at utsleppa frå anlegget er heilt ufarlege, både for miljø og menneske.

Prøveproduksjon

Sjølv om full produksjon er eit stykke unna, er det likevel liv på det nye meieriet.

– Me er no i gang med prøveproduksjon. Dei fyrste resultata ser lovande ut, men det er framleis noko testing og justeringar som skal bli gjennomførte før osten er klar for sal, seier Malm.

Han fortel at det er etablert ei mellombels løysing for handtering av utsleppa.

– Avløpet frå produksjonen under prøveperioden blir pumpa på oppsamlingstankar og blir vidare handtert av eksterne samarbeidspartnarar.

Det er produsert Jarlsberg på det nye meieriet, men då som ein del av prøveproduksjonen.

Tine

Bad om meir mjølk

Eksportproduksjonen av Jarlsberg blir flytta ut av Noreg etter at Stortinget fatta eit vedtak om å fasa ut eksportstøtta for ost, ifølgje Tine-leiinga. Stortinget gjekk inn for dette etter at Verdas handelsorganisasjon (WTO) bestemte at ein skal fasa ut all bruk av eksportstøtte for landbruksvarer.

Når irske kyr skal produsera mjølk til Jarlsberg-produksjonen, vil det bli tilsvarande mindre etterspørsel etter mjølka frå norske kyr. Men med utsett irsk produksjon, blir også den venta norske mjølkereduksjonen flytta fram i tid.

– Tidlegare i vår bad me mjølkeprodusentane våre om å auka produksjonen. Me opplever god respons på dette, slik at me får levert nødvendig mjølk i tida framover. Auka kjem ikkje eine og aleine av utsettinga i Irland, men også auka etterspørsel som følgje av koronasituasjonen, seier Malm.

Framleis uvisst for norske tilsette

Det har lenge vore kjent at satsinga i Irland vil få konsekvensar for tilsette ved Tine-meieriet på Kviamarka i Hå kommune.

– Produksjonen ved meieriet på Jæren går i dag som normalt. Men når produksjonen i Irland er oppe og står, vil dagens produksjon av Jarlsberg-hjul på Jæren bli flytta til meieriet vårt i Elnesvågen. Dette vil føra til behov for ei noko redusert bemanning ved anlegget på Jæren. Det er foreløpig ikkje bestemt korleis dette blir gjennomført, opplyser Malm.

Her kan du lese mer om

  1. Landbruk
  2. Tine
  3. Jæren
  4. Irland
  5. Ost
  6. Eksport
  7. WTO
mail
E24

Start dagen med

Morgengryn Logo

Hold deg oppdatert på de viktigste nyhetene, de siste nøkkeltallene, og dagens kalender. Tilbudet er gratis.

Flere artikler

  1. Vil møta Nortura for å berga arbeidsplassar

  2. Fleire investerer i tilleggsnæringar: Bondebrør satsa på kjøtskjering

  3. Europa-satsing bidrog til femti prosent auke i omsetting

  4. Annonsørinnhold

  5. Kraftfôr er blitt milliardbutikk

  6. Kritiserer handelsregel: – Skremmande at dei vil knebla utviklinga