Straumsjokk: - Dette må opp i vårens jordbruksoppgjer

Skyhøge straumprisar, «gjødselsjokk» og fugleinfluensa. Bøndene som lagar maten vår, har nok å stri med for tida.

Marit Epletveit er leiar av Rogaland Bondelag.
  • Kristine M. Stensland (Stavanger Aftenblad)
Publisert:

Fredag besøker mat- og landbruksminister Sandra Borch matfylket Rogaland. Her har bøndene litt av kvart å stri med.

Oppdatering 3. desember: Borch har avlyst besøket sitt til Rogaland, melder landbruks- og matdepartementet.

For dette er fylket der fugleinfluensaen nyleg fann vegen inn i kommersielle fjørfehald for fyrste gong i norsk historie.

Samstundes får skyhøge energiprisar utgiftene til å auka.

Og ja, endå ein ting. «Gjødselsjokk» melder avisa Nationen torsdag. «Prisane på gjødsel har eksplodert og nyleg kom eit nytt kjempehopp», skriv dei.

Kva har rogalandsbøndene på hjartet når dei no får snakka med statsråden?

Sandra Borch (Sp) er landbruks- og matminister i den nye regjeringa.

Betaler 19 millionar for energi

Aslaug Joa i Norsk Agurk er den fyrste som får besøk. På 16 mål produserer ho agurk, også på vinterstid.

– Det er mykje det er viktig å snakka om når det gjeld veksthusproduksjon. Men no overskygger energikostnadane alt anna, seier ho.

Basert på høge straumprisar i haust hadde ho rekna seg fram til at straumen ville kosta bedrifta hennar 1,8 millionar kroner i desember.

– Då trudde eg at eg tok hardt i. Men no ser det ut til å gå med bli 2, 6 millionar kroner til straum.

Hør podkast om elektrifisering av sokkelen:

I fjor hadde Norsk Agurk ni millionar kroner i energiutgifter. Det inkluderer både straum og gass, men straum er den tyngste av dei to utgiftspostane.

– I år blir energiutgiftene på 19 millionar kroner. Det har smelt noko så inn i granskauen, seier Joa.

Historia hennar er ikkje unik. Tidlegare i haust fortalde Wiig gartneri om ei energirekning som auka med ti millionar kroner.

Dagleg er Joa i kontakt med kollegaar i bransjen. Og samtaleemnet er: Kva tid skal me skrua av straumen og tømma husa for plantar?

– Plantene i seg sjølve kostar oss så mykje, at det å kasta dei ut, er veldig vanskeleg.

I november hadde Joa cirka 30 prosent redusert produksjon.

– Støtteordningane i jordbruket treff veksthusprodusentane veldig dårleg. Borch må sjå på kva moglegheiter det finst for å hjelpa dei få som produserer om vinteren.

Les på E24+

Energirekninga auka med ti millionar kroner

Slit framleis med 2018-vêret

– Alle bønder treng eit inntektsløft, seier Marit Epletveit, leiar av Rogaland bondelag.

For som ein har høyrt fleire gongar både i år og tidlegare år: Økonomien er stram for mange bønder.

– Dei økonomiske konsekvensane av vêret i 2017 (for mykje vatn, journ.merk.) og 2018 (for lite vatn, journ. merk.) heng igjen. Ein klarer ikkje å ligga i forkant.

Då passar det dårleg med høge gjødselprisar.

– Heldigvis treng ingen å gjødsla akkurat no. Men held prisane seg høge, er det fleire som vurderer ulike alternativ til våren. Me kan risikera at bønder vel å spara på gjødsel, noko som vil gje mindre matproduksjon, seier Epletveit.

Høge gjødselkostnadar blei kompensert i tilleggsoppgjeret til årets jordbruksoppgjer. Men den siste prisauken fører til at bønder må betala rundt 50 prosent meir for gjødsla enn denne kompensasjonen, ifølgje Nationen.

Energiprisane blei ikkje kompensert i oppgjeret.

– Alle merkar dei høge straumprisane, særleg dei som dyrkar i veksthus om vinteren, og dei som har kylling og smågris. Dette må ein ta opp i vårens jordbruksoppgjer, seier Epletveit.

– Kan høgare utgifter gje høgare prisar i butikkane?

– Alle må betala for auka kostnadar. Men det finst eit skjeringspunkt for kor mykje eg kan ta betalt for norske produkt før du eller butikken vel import i staden. Me må sjå på moglegheitene for å betra tollvernet.

Tone Steinsland set pris på at Sandra Borch har sett av tid til å besøka fjørfenæringa i Rogaland.

Kyllingar treng varme

Borch besøker også fagmøtet til Rogaland Fjørfelag. Tone Steinsland, nestleiar i Norsk Fjørfelag, fortel at næringa har fleire tema dei vil drøfta.

Fugleinfluensaen står sjølvsagt på agendaen. Borch har tidlegare lova auka erstatning til bøndene som har fått økonomiske tap på grunn av fugleinfluensaen. Kor mykje det blir, er framleis ikkje fastsett. Steinsland håper det blir nok til å dekka dei faktiske tapa.

Å halda små kyllingkroppar varme på vinterstid krev energi. Så høge energiprisar bit frå seg også i denne bransjen.

Familiebedrifta Steinsland og co. produserer kyllingar som skal bli til verpehøns.

– Hos oss blir straumrekninga i år nær ein halv million kroner høgare enn ho var i fjor, seier Steinsland, og legg til at straumprisen i 2020 rett nok var uvanleg låg.

Vel, kan ikkje næringa då berre setja opp prisane i butikken? Fullt så enkelt er det ikkje, ifølgje Steinsland, for prisar på egg og kyllingkjøt blir berre endra to gongar i året.

Ho håper på tiltakspakkar som kan hjelpa fjørfenæringa med dei høge energiprisane.

Publisert:
Gå til e24.no

Her kan du lese mer om

  1. Landbruk
  2. Sandra Borch
  3. Fugleinfluensa
  4. Strømpriser

Flere artikler

  1. Straumprisar blir tema i jordbruksforhandlingane

  2. Borch meiner straumkrisa i drivhusa må få konsekvensar på kassalappen

  3. Betalt innhold

    Fugleinfluensa påvist i Rogaland: – Den store skrekken

  4. Mistanke om nytt tilfelle av fugleinfluensa: – Kjem ikkje til å merkast i butikkane endå

  5. Fryktar redusert matproduksjon: – Kostnadane har stige enormt