Bonderebellar ber om forhandlingsbrot: – Eg er lei meg

Sjølv om Rogaland Bondelag synest tilbodet frå staten er for dårleg, vil ikkje leiaren ha forhandlingsbrot heilt endå. – La oss lesa tilbodet fyrst, seier ho.

Sven Martin Håland er den sjette generasjonen som driv garden på Figgjo. Han kjenner til mange bønder som anten vil slutta å investera i gardane sine, eller slutta heilt.

Jon Ingemundsen
  • Kristine M. Stensland (Stavanger Aftenblad)
Publisert: Publisert:

– Eg er så paff! Eg hadde ikkje trudd at det skulle vera så ufatteleg lågt, seier Marit Epletveit, leiar av Rogaland Bondelag.

962 millionar kroner. Det er ramma for tilbodet staten gav til bondeorganisasjonane under året jordbruksforhandlingar.

Kravet som førre veke kom frå bondeorganisasjonane, hadde ei ramme på 2,1 milliardar kroner.

Grovt rekna: Tilbodet frå staten er på mindre enn halvparten enn det bøndene kravde.

Les også

Staten tilbyr 962 millioner kroner i jordbruksoppgjøret

Les også

Bondeopprørarar om milliardkrav: – Offensivt og positivt

Oppfordrar til brot

Grasrotopprøret Bondeopprør 21 bidrar i år til å legga ekstra press på forhandlingane. Oppropet deira nærmar seg no 25.000 underskrifter. Dei krev at den norske bonden skal ha ein økonomi som gjer dei i stand til å produsera trygg mat no og i framtida. Slik er det ikkje no, ifølgje opprørarane.

– Det må koma eit brot. Bondeopprøret kan ikkje stilla seg bak forhandlingane på noko vis no, seier Sven Martin Håland.

Figgjo-bonden er ein av dei fem bøndene som starta det nasjonale opprøret. Han meiner at det å gå i forhandlingar vil vera ein aksept av dei store linjene i tilbodet.

– Forhandlingar vil berre gå på detaljar, hevdar han.

Bondeopprørarane er ikkje til stades ved forhandlingsbordet. Men det er Norges Bondelag.

– La oss lesa heile det 166 sider lange tilbodet fyrst, svarer Epletveit på spørsmål om korleis ho vurderer moglegheitene for eit forhandlingsbrot.

– Når ein har sett det store engasjementet i forkant og høyrt historiene til fortvilte bønder, så er det tydeleg at det er høge forventningar. Mange har behov for ein klapp på skuldra, seier Epletveit.

Og om det skulle vera tvil: Ho tolkar ikkje tilbodet frå staten som ein klapp på skuldra til bøndene.

Dersom forhandlingane blir brotne, blir det ei sak for Stortinget.

Marit Epletveit, leiar i Rogaland Bondelag, synest tilbodet frå staten er «ufatteleg dårleg», men meiner foreløpig ikkje at tida er inne for forhandlingsbrot.

Carina Johansen

4,5 prosent vekst i inntekter

Eitt av måla til bondeorganisasjonane er å gje alle bønder eit kraftig inntektsløft, nærare bestemt 48.700 kroner per årsverk. 30.000 av desse kronene skal bidra til å tetta gapet mellom jordbruket og andre grupper.

– Inntektsgapet blir redusert, sa Viil Søyland, forhandlingsleiar for staten, då ho la fram tilbodet under ein pressekonferanse.

Om bøndene grip inntektsmoglegheitene tilbodet gjev, vil det ifølgje Søyland gje bøndene ein vekst i inntekter på 4,5 prosent.

– Når me heng etter andre grupper, hjelper det ikkje å få prosentar. Då er det kroner ein må ha, sa Kjersti Hoff, leiar av Norsk Bonde- og Småbrukarlag, som starta sitt innlegg med å seia at ho er fortvila over tilbodet frå staten.

Då NRK spurte Søyland kva dei 4,5 prosentane vil innebera i kroner, svarte ho at det svarer til cirka 18.700 kroner per bruk.

Mens bøndene er tydelege på at dei ikkje er nøgde med inntektsutviklinga si dei siste åra, seier Søyland det slik:

– Inntektsutviklinga i sektoren frå 2015–2021 har vore god, men det har vore store variasjonar frå år til år, særleg på grunn av tørke og deretter pandemi.

Partane er einige om at pandemien har gjeve ein betre marknad for norske jordbruksvarer, men dei er begge usikre på korleis marknaden vil bli når grensene ein dag opnar att.

Lars Petter Bartnes, som leiar forhandlingane for bøndene, går i år av som leiar av Bondelaget.

– Det er ekstremt krevjande å få til så mykje som medlemsmassen ventar. Men Lars Petter er ein «fighter» som går inn i jobben med hud og hår, seier Epletveit.

Lars Petter Bartnes, leiar i Norsk bondelag, og statens forhandlingsleiar Viil Søyland skal møtast i det som ser ut til å bli tøffe forhandlingar.

Torstein Bøe/NTB

Ikkje eit valkampfrieri til bøndene

I fjor blei partane einige om å gjennomføra ei forenkla utgåve av jordbruksforhandlingane. Etter eit pauseår frå ordinære forhandlingar, blir årets oppgjer desto viktigare.

490 millionar av kronene i tilbodet frå staten skal koma som auka løyve over statsbudsjettet. 400 millionar kroner skal vera auka målprisar, altså prisen bøndene skal kunna få for enkelte av produkta sine.

– Eg hadde trudd at pengane sat litt lausare i eit valkampår. Eg kjem faktisk ikkje heilt over kor dårleg tilbodet er, seier Epletveit.

Håland synest ikkje dette er noko godt valkamputspel frå regjeringspartia, og særskilt rettar han kritikken mot landbruksminister Olaug V. Bollestad frå KrF.

– Eg er rett og slett lei meg, og det er ikkje eit ord eg bruker ofte. For me må jo tolka dette som ein beskjed om at den maten me produserer, landskapet me pleier og tryggleiken som me representerer for det norske folk, ikkje er ønskt, seier Håland.

Han veit ikkje endå om opprørarane kjem til å foreta seg noko som ein reaksjon på tilbodet.

Ifølgje avisa Nationen får oppropet til Bondeopprøret støtte av 178 ordførarar. Ingen av desse er frå regjeringspartia Høgre eller KrF. Avisa har fått svar frå 214 av 235 ordførarar.

Foreslår utval for kritiserte tal

Bondeopprørane har vore sterkt kritiske til talgrunnlaget som blir lagt til grunn for forhandlingane. Dei meiner det er vanskeleg for mange bønder å kjenna seg att i inntektene i desse utrekningane. Då bondeorganisasjonane la fram kravet sitt, opna dei for at ein burde ta ein gjennomgang av systemet.

Søyland foreslo på vegner av staten at partane skal setja ned eit utval som skal gå gjennom prinsippa for dette grunnlagsmaterialet. Men gjeldande talgrunnlag vil bli lagt til grunn for årets forhandlingar.

Publisert:

Her kan du lese mer om

  1. AftenbladetE24

Flere artikler