69 kyllingbønder søker kompensasjon etter at fuglane deira er blitt ramma av ein E. coli-bakterie med uvanlege eigenskapar.
«Vi føler med dere som har store belastninger i disse tider.»
Dette står i ein e-post som Hå Rugeri sende ut i april. Bakgrunnen for meldinga var at ein ny E. coli-bakterie gav høgare dødelegheit blant kyllingar hos enkelte kyllingbønder.
Dyrevelferd og arbeidskvardagen til bøndene er utgangspunktet for spørsmåla Aftenbladet/E24 har stilt i saka. Svara fortel blant anna at:
- Nortura og Den Stolte Hane ikkje vil fortelja kor mange kyllingar som har døydd.
- Kyllingbønder som har fått sjukdommen inn i husa sine, har opplevd det som både mentalt og økonomisk belastande.
- Mattilsynet ikkje har oversikt over talet på daude kyllingar.
Fleire av kjeldene Aftenbladet/E24 har snakka med, fortel at denne E. coli-varianten ikkje fører til sjukdom hos folk. Dermed er ikkje faren for magesjau tema i denne saka.
Allerede Aftenposten-abonnent? E24 er inkludert