Kan gulrotplukking bli ein draumeferie? Ja, meiner desse

Over 500 norske gardar har noko å tilby turistar. No går jærske bønder saman for å styrka Jæren som turistdestinasjon.

Maggi Gausel (i midten) serverer surdeigsbrød til gjestane Frode Hagerup jr. og Heidi Netland Berge.
Publisert: Publisert:

– Me betaler i dyre dommar for å vera med på drueplukking i Italia. Kvifor skal me ikkje kunna gjera det same for å hausta gulrøter, spør Heidi Netland Berge.

– Eller kanskje ugrasplukking, foreslår Frode Hagerup jr.

Dei to er med i gruppa bak prosjektet «Agroturisme på Jæren». «Agro-» blir brukt i ord som har med jordbruk å gjera.

Slik høyrest det ut når dei drøymer om kva idear som kan bli realiserte når prosjektet har kome seg ut av startgropa. Dei held fram: Sommarbuss frå gard til gard? Eller ei sykkelrute?

Prosjektet skal bidra til at fleire turistar finn vegen til jærske gardar og får smaka på meir av det som blir skapt lokalt, gjerne i kombinasjon med andre aktivitetar og overnatting.

– Me er her for bøndene som vil bruka tid på å løfta fram matturismen og vera kreative, seier Hagerup, som er med på prosjektet som leiar av reiselivsorganisasjonen Opplev Jæren.

Auke i tal på gardsutsal

I 2019 omtalte National Geographic agroturisme som ein aukande trend. Tidlegare blei agroturisme sett på som noko fint, men, om ein skal vera ærleg, litt keisamt, hevdar dei. No er det derimot blitt ei global rørsle.

Agroturisme gjev ikkje mange norske treff på nettet. Fleire treff får ein derimot på «gårdsturisme». Hagerup meiner omgrepet agroturisme kan treffa betre internasjonalt.

På nettsida til Visit Norway finn ein ei eiga side for gardsovernatting og besøksgardar. Slike er markerte med raude prikkar. Ingen prikkar finst på Jæren.

Annleis er det om ein leitar etter gardsutsal. I ei oversikt som Aftenbladet laga i sommar, finn ein til saman 21 slike utsal i kommunane Time, Klepp og Hå.

– Talet på gardsbutikkar aukar, særleg i Rogaland. Det har vore eit bra år for dei, og eg trur det vil halda fram, seier Agneta Linden Moen som er medlemsansvarleg i organisasjonen Hanen som skal «visa veg til Norges bygdeperler».

Hanen har 528 medlemmar. Rundt 60 prosent av desse driv med utsal av gardsmat, mens 40 prosent er registrerte som kjedeuavhengige overnattingsstadar. 25 av medlemmane er i Rogaland, og åtte av desse er i Time, Klepp og Hå.

– Me ser at det er utvikling på Jæren, og fleire nye kjem til, seier Moen.

Heidi Netland Berge, Maggi Gausel og Frode Hagerup jr. drøymer om sommarbussar og syklande turistar på vegar som denne på Hognestad i Time kommune.

Matkurs og fersk mjølk

Maggi Gausel på Dalheim gard er ein av dei fyrste som er blitt med på prosjektet. Ho meiner det er på høg tid at jærbønder markerer seg sterkare på turistkartet.

– Om me er fleire om det, gjev det styrke, seier ho.

På gardstunet sitt arrangerer ho livsstilskurs, og no for tida har ho det travelt med å læra folk å baka med surdeig.

Drivhuset til Sofia Edbæk, som tilbyr matservering, Hole gardsutsalg, der ein blant anna kan tappa seg ei flaske mjølk rett frå garden, og den økologiske garden Hadland er også blitt med på prosjektet.

«Agroturisme på Jæren» har fått 300.000 kroner i støtte frå Rogaland fylkeskommune. I tillegg støttar kommunane Time, Klepp og Hå organisasjonen Opplev Jæren økonomisk.

Hagerup lovar at eit kart med oversikt over gardar som ønsker turistar velkomne, skal vera klar til neste turistsesong.

Eit sterkare sjølvbilde

Magnar Forbord, forskingsleiar ved forskingsinstituttet Ruralis, fortel at gardsturismen har utvikla seg veldig dei siste 20 åra.

– Går ein 30 år tilbake i tid var det enkelt og primitivt. No er det mange plassar eit ganske avansert mat- og opplevingstilbod, seier han.

I tillegg til å gje økonomisk verdiskaping, trur Forbord at slik turisme kan bidra til å styrka det lokale sjølvbildet. Han ser også føre seg at ei vektlegging av lokalprodusert mat kan appellera til turistar som er opptatt av miljø og klima.

– Utfordringane kan gå på økonomi. Ein kan vera litt sårbar når ein er såpass liten. Men ofte har gardane fleire bein å stå på, så eg trur ikkje denne bransjen er så aller verst stilt.

Publisert:

Her kan du lese mer om