Nortura er i gang med snuoperasjon
Resultatet til Nortura-anlegga har gått frå minus til pluss. Men konsernsjefen bruker likevel ordet «risikabelt».
«Nortura har over tid hatt for dårlige økonomiske resultat og ikke nok konkurransedyktige priser til våre bønder. Derfor jobbes det kontinuerlig med å forbedre økonomien i selskapet. Forbedringsarbeidet som ble igangsatt i 2017 begynner å gi resultater.» Dette skriv konsernstyreleiar i Nortura, Trine Hasvang Vaag i den ferske årsmeldinga til selskapet.
Men forbetringane er ikkje komne langt nok til at konsernsjef Anne Marit Panengstuen er nøgd.
– Det er eit svakt resultat for andre år på rad, seier ho og viser til at driftsresultatet hamna på 0,8 prosent.
Nortura SA | 2019 | 2018 |
Inntekter | 18,9 milliardar kroner | 18,9 milliardar kroner |
Driftsresultat | 49,1 millionar kroner | - 78, 1 millionar kroner |
Årsresultat før skatt | 63,1 millionar kroner | - 12 millionar kroner |
Konsernet | ||
Inntekter | 23,7 milliardar kroner | 23,4 milliardar kroner |
Driftsresultat | 196,7 millionar kroner | 88, 2 millionar kroner |
Årsresultat før skatt | 109, 6 millionar kroner | 25,5 millionar kroner |
– Risikabelt
I 2018 gjekk Nortura SA med 12 millionar kroner i minus før skatt. I 2019 var dei over på plussida med 63 millionar kroner. I denne rekneskapen inngår alle Nortura-anlegga i Noreg.
Nortura-konsernet, der også andre selskap som ikkje ber Nortura-namnet er inkluderte, fekk eit resultat før skatt på 109 millionar kroner i 2019 mot 25 millionar kroner i 2018.
– Når me har nesten 24 milliardar kroner i inntekt og sit igjen med 109 millionar kroner på botnlinja før skatt, er det ganske risikabelt i ein så volumsensitiv bransje. Det kan like gjerne hamna på null, seier konsernsjefen.
Den store planen
I juni la Nortura fram ein fireårig industriutviklingsplan for raudt kjøt. Her legg dei opp til ein ny struktur som ifølgje selskapet vil få konsekvensar for mellom 200 og 300 tilsette. I planen ligg det også inne 1,4 milliardar kroner i investeringar i ny teknologi.
– Me er nøydde for å investera i eigen konkurranseevne, seier Panengstuen.
Panengstuen fortel at Nortura må konkurrera for å vinna både forbrukarar og produsentar. Nortura er eigd av 17.700 kjøt- og eggprodusentar.
– Me må betala produsentane våre betre. Kor mange me mistar varierer frå område til område. Men generelt går talet ned med kanskje ein prosent i året.
Om ein bonde kjem til Nortura og vil levera kjøt, så skal han få det, for Nortura har, i motsetting til konkurrentane, mottaksplikt.
Men no har Nortura overkapasitet.
– Det er noko av grunnen til at me må setja i verk industriutviklingsplanen, seier Panengstuen.
Nortura-tillitsvald fryktar at 450 jobbar er i fare i Rogaland
Reduserer stillingar
Eit tiltaksprogram har ifølgje konsernstyret gjeve positive resultat på om lag 160 millionar kroner. Målet med programmet er å koma opp igjen på 2016-nivå. Frå 2016 til 2017 gjekk resultatet til morselskapet Nortura SA ned frå 489 millionar kroner til 28 millionar kroner.
– Programmet består av mange element. Me har mellom anna redusert talet på administrative stillingar, seier Panengstuen.
Innan 2022 skal 20 prosent av dei administrative årsverka bort, ifølgje planen.
– Dei 20 prosentane utgjer cirka 300 årsverk. Per utgangen av 2019 var talet på stillingar reduserte i samsvar med planen.
Overproduksjon
Marknaden for kjøt og egg var i 2019 prega av overproduksjon. Men konsernstyret meiner situasjonen var betre enn han var i 2018. Ifølgje Panengstuen går det også i år i rett retning.
– Noko av grunnen er nok auka etterspørsel fordi me har vore utan grensehandel. Og så har nok også produksjonen gått noko ned, seier Panengstuen.
Ved utgangen av 2019 hadde Nortura 2.900 tonn lam på reguleringslager.
– Det er framleis godt med lam på lager, men det er betre enn det var.
Tilførsel i tonn | 2019 | 2018 |
Gris | 80.374 | 84.902 |
Storfe/kalv | 61.810 | 64.352 |
Småfe | 16.204 | 18.074 |
Egg | 46.967 | 46.658 |
Kylling | 48.404 | 44.464 |
Kjelde: Årsmeldinga til Nortura |