Lokalmat-gründerar: – Historia til maten blir meir og meir viktig

Bonde Jone Wiig går for andre gong inn som medeigar i ein serveringsstad. Han håper å bidra til å auka bruken av lokale råvarer.

Linn Vorkinn (dagleg leiar), Frode Hagerup (medeigar, styremedlem) og Alf Reime (styreleiar) ser fram til å gje toppetasjen på Forum Jæren nytt liv.
  • Kristine M. Stensland (Stavanger Aftenblad)
Publisert: Publisert:

– Kvifor er du som bonde med på å starta serveringsstadar?

– Det lurer eg sjølv litt også på. Men det er for å påverka slik at det blir brukt meir lokale råvarer, seier Jone Wiig.

Grønsakprodusenten er ein av fire eigarar av eit nytt selskap:

Jæren hummer- og kanarioppdrett AS.

Både kokk Arne Nese og bonde Jone Wiig er med som eigarar i Jæren hummer- og kanarioppdrett.

Styret og eigarskap er identisk med det ein finn hos restauranten Hemmeleg i Bryne sentrum. I fyrste omgang blir hummar- og kanarioppdrettet eit selskapslokale med matservering frå Hemmeleg, men aktørane bak ser for seg å utvikla det vidare på sikt.

Lokalet ligg på toppen av det 67,7 meter høge høghuset til Forum Jæren på Bryne, eit av dei høgaste bygga i Rogaland, der restauranten Vidsyn tidlegare heldt til.

Satsar på opptur

– Me har eit volumproblem på Hemmeleg. Me har ikkje plass til store selskap, seier Frode Hagerup, styremedlem og eigar i begge selskapa. Han er også kjent som Farsekongen, leiar av Opplev Jæren og lokalpolitikar i Høgre.

På toppen av Høghuset kan maten frå Hemmeleg bli servert til rundt 100 magar om gongen.

Restauranten måtte takla koronanedstengingar allereie i det fyrste driftsåret sitt, men omsette trass dette for 6,5 millionar kroner og rodde i land eit resultat før skatt på 320.000 kroner i 2020.

– I fjor gjekk me 85.000 kroner i minus. Det er me nøgde med sidan forholda var som dei var, seier Frode Hagerup.

Det fyrste kvartalet i 2022 kjem til å gå i pluss, mykje takka vera at Hemmeleg torsdag leverer maten til Jærmøtet der 280 næringslivsaktørar er påmelde til festmiddagen på kveldstid. Det er også her dei lanserer det nye konseptet sitt for offentlegheita.

Når dei no satsar stort, tar dei sjansen på at nedstenging og koronarestriksjonar er historie for denne gong.

– Næringslivet har stor oppgang og vil nytta plassar som dette, seier styreleiar Alf Reime.

Linn Vorkinn, Frode Hagerup og Alf Reime ser fram til å skapa nytt liv i toppetasjen på Høghuset, som også tidlegare er brukt til matservering.

Utsikt over matfatet

Ser ein vestover mot sjøen, kan ein sjå området der Wiig dyrkar grønsaker. Han er sjølv leverandør til Hemmeleg, og han hjelper også til med å kopla nye lokale leverandørar opp mot Hemmeleg.

Restauranten har knytt til seg ei lang rekke lokale matprodusentar, som til dømes Jerseymeieriet, Topp Sopp, Nyyt og Ystepikene, og menyen skal i størst mogleg grad skal vera sett saman basert på sesongvarer frå desse.

Kor mykje Wiig sjølv leverer frå månad til månad, varierer ut frå kva som er i sesong og kva som står på menyen på restauranten.

Saman med kokken Arne Nese, som også er med på både Hemmeleg og det nye prosjektet, har Wiig dessutan utvikla Jærknekken, eit knekkebrød der ein av ingrediensane er grønsaker som elles ville ha blitt kasta fordi ikkje held butikkvalitet.

Gjennom alle sine roller og prosjekt får bonden eit inntrykk av at interessa for lokalmat er stor.

Les på E24+

Opnar eige meieri på garden. Det er ho ikkje aleine om

Hummaroppdrett

Hummar- og kanarioppdrettet har fått 400.000 kroner i støtte frå Innovasjon Noreg. I søknaden fortalde eigarane at dei ville ta matformidling til nye høgder.

– Me vil formidla framtidas matproduksjon. Me vil visa fram og løfta opp den norske bonden, seier Hagerup.

– Historia til maten blir meir og meir viktig for folk, det ser eg når eg er innom Hemmeleg. Det er ein grad av medvit om dette som ikkje eksisterte for ti år sidan, seier Reime.

Reime har ein finger med i spelet mange stadar, og han er blant anna også styreleiar i Norwegian Lobster Farm.

– Me bygger oppdrettsanlegg for hummar på Rennesøy der me skal bruka spelvarme frå datasenteret Green Mountain. 40 av dei 100 millionane me treng, er på plass.

Denne koplinga kan gjera hummaren i namnet til Jæren hummer- og kanarioppdrett til eit heilt konkret innslag på menyen. Ja, dei drøymer til og med om å ha eit miniatyroppdrett i sjølve restauranten.

Dette er ikkje den einaste mikroproduksjonen eigarane ser føre seg. Kva med ein soppvegg med sjølvdyrka sopp? Eller dyrking i eit lite, akvaponisk anlegg? Ein skal alltid ta spenstige idear med ei klype salt, men denne gjengen er frå før av kjent for å faktisk klara å realisera ein god del av det dei drøymer om.

Linn Vorkinn er tilsett som dagleg leiar i Jæren hummar- og kanarioppdrett. Ho har lang erfaring frå både butikk- og restaurantbransjen og er fulltidsstudent på BI. No skal ho jobba tett med Hemmeleg for å utvikla nye konsept.

– Det er ein kreativ gjeng som får til mykje nytt. Ein kan ikkje takka nei når ein får tilbod om jobb av dei, seier ho.

Publisert:
Gå til e24.no

Her kan du lese mer om

  1. Restaurant
  2. Landbruk
  3. Bryne

Flere artikler

  1. Bondeopprøret «trer til side»: – Det står om landbrukets framtid

  2. Betalt innhold

    Jæder har «skrikande behov for folk»: Tilset fire robotar

  3. Betalt innhold

    Storinvesteringa opnar for nye produkt i meierihylla

  4. Betalt innhold

    Designar flyttar klesproduksjon frå Kina og heim til låven

  5. Betalt innhold

    Finansmann kjøpte gard til fem millionar over takst. No sel han garden billig – til seg sjølv