Bondeopprøret «trer til side»: – Det står om landbrukets framtid

60.000 signerte oppropet til Bondeopprøret. No teier opprørarane stilt, men det betyr ikkje at dei er fornøgde.

Sven Martin Håland har lagt mykje tid og krefter inn i arbeidet med grasrotopprøret. Han driv gard på Figgjo i Sandnes kommune.
Publisert:

Initiativtakarane bak Bondeopprøret melder at dei «trer til side». Dette skriv dei sjølve i eit langt innlegg på Facebook-sida #bondeopprør 21. Det var Nationen som fyrst omtalte saka.

Bondeopprøret starta i april i fjor, og Figgjo-bonde Sven Martin Håland var ein av dei fem initiativtakarane.

Grasrotopprøret blei til i forkant av jordbruksforhandlingane mellom bøndene sine faglag, som er Bondelaget og Småbrukarlaget, og staten.

Bondeopprøret etablerte seg som ei høgrøysta stemme som stod på utsida av desse forhandlingane.

– Me har bestemt oss for at det me vil seia no, det kan ein lesa i Facebook-innlegget, seier Håland, som dermed ikkje har ytterlegare kommentarar.

– Kva betyr det at de «trer til side»? Betyr det pause eller avslutting?

– Eg viser nok ein gong til innlegget me la ut, svarer Håland.

Facebook-gruppa med 50.000 medlemmar, eksisterer framleis, men er i dvalemodus. Håland har skrudd av kommentarfeltet under deira siste innlegg.

Les også

Bondeopprørarar om milliardkrav: – Offensivt og positivt

– Underbetalt

Opprørarane stilte blant anna krav at bonden skal ha ein økonomi som gjer dei i stand til å produsera mat. Over 60.000 har signert underskriftskampanjen deira.

Jordbruksforhandlingane enda i fjor med brot.

«For oss ble et brudd i fjorårets forhandlinger et mål i seg selv. Vi så et brudd som starten på de egentlige forhandlingene, ikke slutten. Vi trengte en mer ærlig diskusjon. Vi trengte rette tall for mer reelle forhandlinger fremover.»

Men at dei no trekker seg tilbake, betyr slett ikkje at dei meiner at økonomien for den norske bonden er som han skal.

«Den norske bonden er underbetalt, vi har vært svake og blitt tatt for gitt. Men finnes det et bedre tidspunkt å snu dette på enn nå? Vi tror ikke det.»

Opprørarane hevdar at det norske landbruket er i krise.

«Det hviler et tungt ansvar på faglagene for å sette agendaen og innfri tydelige forventninger.»

Dei fem avsluttar innlegget med å skriva at dei no trer «til side som gode venner, skulder med skulder. Vi har tro på at det nå er bondens tur. Det står om landbrukets fremtid, beredskap, norske bygder og nasjonens mat!.»

Les også

Bonderebellar ber om forhandlingsbrot: – Eg er lei meg

Marit Epletveit, leiar av Rogaland Bondelag, blei overraska då ho fekk høyra om den siste meldinga frå Bondeopprøret.

Håper engasjementet smittar

– Eg blei overraska då eg såg at dei vel å gi seg no, seier Marit Epletveit, leiar av Rogaland Bondelag.

Ho har sett at opprøret har auka engasjementet blant bønder. Dette håper ho smittar over på dei organiserte faglaga. Ho ser allereie no teikn til at fleire engasjerer seg med innspel til kva som bør vera viktig for Bondelaget under årets jordbruksforhandlingar.

Å endra talgrunnlaget for jordbruksforhandlingane har vore ei av kampsakene til grasrotopprøret. Epletveit meiner dei har lykkast i å få dette opp på agendaen.

– Prosessen for å få endra talgrunnlaget er i gang, seier ho.

Sjølv om ho set pris på engasjementet som opprøret har skapt, er ho tydeleg på at endring fyrst kjem gjennom faglaga sine forhandlingar med staten.

– Årets jordbruksoppgjer blir avgjerande. Får me ikkje eit løft, vil mange bønder velja å ikkje bli med vidare, seier ho.

Høge prisar på energi, gjødsel og kraftfôr har gjort situasjonen endå meir krevjande for bøndene enn han var før fjorårets forhandlingar starta.

Les også

Dyr energi og dyr mat: – Historisk eksplosiv kombinasjon

Les også

Strømstøtten til bøndene er klar

Les også

Fryktar redusert matproduksjon: – Kostnadane har stige enormt

Publisert: