Forbrukarar vil ha historier. Derfor satsar fleire bønder på eigne merkevarer

Ollestad-brørne trengde ei tilleggsnæring for å kunna driva gardane sine. Då dei investerte, blei dei ein del av ein trend.

Brynjar og Kristian Ollestad har fått inn halve grisar frå slakteriet som dei skal skjera opp og gjera om til ulike kjøtprodukt.

Jan Inge Haga
  • Kristine M. Stensland (Stavanger Aftenblad)
Publisert:

– Me hadde tenkt på det i mange år. No måtte me anten realisera det eller legga det frå oss, seier Kristian Ollestad.

På sikt skal han overta familiegarden på Ollestad ved Ualand i Lund, medan broren Brynjar har kjøpt nabogarden der han foreløpig har 21 mordyr av kjøtrasen Angus.

– Me trengde ei tilleggsnæring, seier Brynjar.

Dei to brørne, som er i starten av trettiåra og i slutten av tjueåra, etablerte Ollestad kjøtt i 2018.

– Me får heile slakt frå slakteriet. Og så lagar me akkurat det kundane ønsker seg, seier Kristian som tidlegare har jobba som slaktar og kjøtskjerar hos Nortura i Egersund.

I oppstarten fekk dei støtte av både Lund kommune og Innovasjon Norge.

Fleire etablerer tilleggsnæring

Dei to brørne i Lund er ein del av ein trend i Rogaland.

– Me har gjeve meir støtte til tilleggsnæringar i landbruket dei siste to åra. Det er ei ønskt utvikling. Me har brukt cirka 20 prosent av midlane våre til det. Tidlegare har det verka uoppnåeleg, seier Olav Tegle som er seniorrådgjevar for landbruk hos Innovasjon Norge i Rogaland.

Ifølgje statistikk frå Innovasjon Norge gjekk 9,3 millionar kroner til tilleggsnæringar i Rogaland i 2019. Fram til 1. august i år er det delt ut 8,8 millionar kroner til same formål. I 2017 var summen 3,1 millionar kroner, og i 2018 var det ikkje meir enn 2,6 millionar kroner.

– Rogaland har nok lege litt etter andre delar av landet. Her er det store gardar der det tradisjonelle står sterkare. Andre stadar i landet der ein har mindre gardar, har det vore meir vanleg å satsa på tilleggsnæringar. Men no trur eg det er i ferd med å snu i Rogaland, seier Tegle.

Han meiner årsaka kan vera at bøndene er blitt meir pressa på marginane.

– Det er nok mjølk og kjøt, og bøndene opplever at dei stangar litt i taket. Dei vil skapa seg nisjar som betaler seg betre enn å levera til Tine, Nortura og dei andre store.

Tine skal snart flytta eksportproduksjonen av Jarlsberg til Irland. Det får konsekvensar for den norske mjølkeproduksjonen.

– Eg veit om mjølkebønder som planlegg eigne ysteri som skal kompensera for dette, seier Tegle.

Stor variasjon mellom fylka

Inger Solberg er direktør for berekraft i Innovasjon Norge nasjonalt. Ho har sett på tala for kor stor del av IBU-midlane til jordbruket (sjå faktaboks) som har gått til tilleggsnæringar dei tre siste åra.

Dei samla nasjonale tala har vore stabile på 14–16 prosent. Men Solberg peiker på store variasjonar mellom fylka.

– Fylke der tradisjonelt landbruk har ei viktig rolle, har jamt over brukt mindre av midlane til tilleggsnæringar, som for eksempel Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane og Rogaland, seier ho.

Det som tidlegare var fylka Østfold, Akershus, Aust-Agder og Troms, og det som framleis er Nordland, skil seg ut ved at det er blitt investert mykje i tilleggsnæringar.

Solberg trur at endringa ein no ser i Rogaland, kan koma av at dette er ein del av dei strategiske føringane som er lagde av Rogaland fylkeskommune, Fylkesmannen, faglaga og Innovasjon Norge.

– Det er ei utvikling me ser svært positivt på, seier ho.

Forbrukarane vil ha historier

I tillegg til å selja eige kjøt som blir marknadsført som Ollestad kjøtt, driv brørne også med leigeskjering for andre.

– Det er mange bønder som vil ha sitt eige merke. Forbrukarane vil ha ei historie, seier Kristian.

– Det er noko anna for forbrukarane når dei veit kven som produserer kjøtet, seier Brynjar.

På nettsida til Ollestad kjøt er det tydeleg at dei sjølve legg vekt på dette. Her blir bøndene på sju gardar presenterte.

– Det står eit nummer på alle pakkene våre. På nettsida kan ein finna nummeret og sjå kva gard kjøtet kjem frå. Alle er i Dalane. Lokal mat skal vera lokal mat, slår Kristian fast.

Også Olav Tegle har fått meg seg at fleire bønder vil nå direkte ut til kundane sine.

– Eg trur mange i marknaden vil ha mat med ei historie. Det trur eg har verdi sjølv om kjøtet kanskje ikkje smaker annleis, seier han.

Tegle viser til at Reko-ringen, der bønder sel varer direkte til kundane, har fått ein oppsving. Han trur at saker som har kome fram i media om bønder som ikkje behandlar dyra sine godt nok, kan vera noko av bakgrunnen for at fleire vil vita kvar maten kjem frå.

Han kjenner til at mange bønder har sett i gang forprosjekt for å kunna legga til rette for å selja kjøt sjølve.

– Det er mange som nemner Ollestad-brørne. Ein del synest nok det er enklare å ta kontakt med ein liten kjøtskjerar. Me håpte at prosjektet på Ollestad skulle få slike ringverknadar.

«Eit fantastisk samarbeid»

Ein av dei som bruker Ollestad kjøt til leigeskjering, er Sunde gård på Revheim.

– Me bruker dei fordi dei er små, og fordi dei driv godt, gammaldags handverk, seier Kathrine Sunde.

Det er over ein times køyretur frå garden utanfor Stavanger til Ollestad.

– Me køyrer med glede til Lund for å få ekspertisen. Det er blitt eit fantastisk samarbeid. Dei er så positive og velvillige til å prøva ut ting.

Også Sunde har nyleg fått pengar frå Innovasjon Norge.

– Me fekk støtte til å bygga gardsutsal. Det opna i februar. For mange bønder er det slik at anten må ein finna på noko på eigen gard som ein kan leva av, eller så må ein gå ut.

Ho fortel at både ho, mannen og den eldste sonen jobbar 100 prosent og vel så det på garden.

– I tillegg har me tilsett ei i 100 prosent og ei i 80 prosent, samt fleire i små stillingar i gardsutsalet.

Gamle oppskrifter

Ollestad-brørne ønsker å gje nytt liv til tradisjonelle oppskrifter. Her har dei fått hjelp av ein eigen mentor.

– Gjennom matforskingsinstituttet Nofima kom me i kontakt med den pensjonerte butikkslaktaren på Lista, Helge Larsen. Han er her så mykje at den vesle i heimen kallar han for bestefar, seier Kristian.

Larsen får også skryt frå Sunde, som seier han er «alfa og omega».

Dei to Ollestad-brørne listar opp ei mengde kjøtprodukt dei kan produsera.

– Me lagar mellom anna bacon etter gammal oppskrift. Det blir gjort manuelt med røykeskap med bøkeflis, seier Kristian.

– Det går mykje morrpølser. Det er ein av dei eldste matrettane i Noreg, seier Brynjar.

Frittgåande grisar

Blant produkta som kjem frå eigne dyr, er kjøt frå frittgåande grisar.

– Me har ti grisar som går ute på 30 mål. Mange av dei er allereie reserverte. Men det veit dei heldigvis ikkje sjølve, seier Kristian og ler.

Kor mykje kjøt som går gjennom bedrifta deira i løpet av eitt år, veit dei ikkje. Men dei veit i alle fall at dei begge, samt éin tilsett, har meir enn nok å gjera. Ollestad kjøtt har dessutan ein ringevikar som dei tyr til når det toppar seg.

– Får me inn ein stut tar det fort ein dag å skjera han opp med tre personar på jobb, seier Kristian.

– Og så lagar me gjerne pølser neste dag. Dette er ikkje ei volumbedrift, seier Brynjar.

Brynjar og Kristian Ollestad samarbeider om produksjonen av svinekjøt. Eit område der det går grisar, blir sjåande annleis ut enn andre beite. – Grisane liker å setja nasen nedi jorda og pløya seg gjennom ho, seier Kristian.

Jan Inge Haga

Omsette for éin million

I 2019 var omsettinga til Ollestad kjøtt oppe i éin million kroner. Men som tilfellet ofte er med oppstartsbedrifter, har det endelege resultatet foreløpig ikkje kome over på plussida.

– I oppstarten er det jo ein del prøving og feiling og investeringar, seier Kristian.

Dei begynte å bygga seg opp eit kundenettverk på lokale matmarknadar og på Facebook.

– Sidan har det berre balla på seg. No sel me til nokon lokale Coop-butikkar og til hotell, seier Kristian.

Ollestad kjøtt har fått til saman 731.500 kroner i støtte frå Innovasjon Norge, samt eit lågrisikolån på éin million kroner.

Her kan du lese mer om

  1. Landbruk
  2. Husdyr
  3. Innovasjon Norge
  4. Lund kommune
  5. Kjøtt
  6. Jordbruk
  7. Innovasjon
mail
E24

Start dagen med

Morgengryn Logo

Hold deg oppdatert på de viktigste nyhetene, de siste nøkkeltallene, og dagens kalender. Tilbudet er gratis.

Flere artikler

  1. Betalt innhold

    Nasjonalt mål om meir norske grønsaker, men då må forbrukarane styra unna billig import

  2. 30.000 geiter blir kasta, men her går salet av kjøt unna

  3. Kraftfôr er blitt milliardbutikk

  4. Annonsørinnhold

  5. Startar arbeidsdagen 03.00 for å kjempa mot dei store matleverandørane

  6. Betalt innhold

    Jordvernar trur nye E39 kan gje vinn-vinn-situasjon