Deja Vu tenkte nytt for å overleva nedstenginga. Det er dei ikkje aleine om

Norske småbedrifter har svart på kva som har redda dei gjennom 2020. Statlege krisepakkar er ikkje det viktigaste.

Dagleg leiar Kjetil Skaret permitterte servitørane i vår, men dei fekk raskt koma tilbake i jobb.

Jon Ingemundsen
  • Kristine M. Stensland (Stavanger Aftenblad)
Publisert: Publisert:

– Då det gjekk frå full gass til null med full nedstenging i mars, visste eg at folk må ha mat uansett. Me begynte å køyra ut med mat med det same, seier Kjetil Skaret, som er dagleg leiar og medeigar av Deja Vu Delikatesser i Stavanger.

Aftenbladet/E24 har nyleg gått grundig inn i temaet konkurs. Men sjølv om konkurs vil bli den mollstemte enden på korona-visa for ein del bedrifter, er det heldigvis også mange som kjem til å overleva. Og nokon vil jo ha det til at det som ikkje tar livet av deg, til og med gjer deg sterkare.

Les på E24+

Pandemien tok knekken på familierestauranten: – Jeg fikk kjærlighetssorg

Les på E24+

– Når Fredrik Bie kommer, er det nesten som å få presten på døra

Fekk fart på planane

Den fyrste tida brukte Deja Vu etablerte kanalar i sosiale media for å koma i kontakt med svoltne heimekontor-arbeidarar og karantene-sittarar. Med hjelp av eit it-selskap fekk restauranten snart på plass ei eiga nettløysing til formålet.

– Dette var tankar me hadde hatt ei stund, men no kom me i gang, seier Skaret, som sette både kokkar og servitørar i sving som sjåførar.

Han er sikker på at dette er noko dei vil satsa vidare på, også når samfunnet ein svært vakker dag er tilbake i ein tilstand utan smittevern-restriksjonar.

– Det er ein marknad i vekst, og vanane er i ferd med å setja seg.

Svar frå hundrevis av bedrifter

– Det som har imponert meg, er at bedriftene har ei fantastisk evne til å snu seg rundt og sjå etter moglegheiter, seier Stein Rhoar Juul som er regionleiar hos BDO i Stavanger.

BDO har spesialisert seg på tenester for små og mellomstore bedrifter. Berre i Rogaland har dei blant anna 2.000 revisjonskundar.

– Gjennom den daglege kontakten me har med hundrevis av lokale bedrifter, ser me at dei bruker nettverka sine og samarbeider tett for å hjelpa kvarandre gjennom krisa, seier Juul.

I haust gjennomførte BDO ei spørjeundersøking der dei henta inn svar frå 642 kundar på landsbasis, og dessutan 180 andre bedrifter i same kategori. Bedriftene blei bedne om å rangera kva som har vore viktigast for dei når dei har handtert korona-situasjonen, og BDO presenterer dei viktigaste resultata for Aftenbladet/E24:

77 prosent trekker fram kompetansen dei allereie hadde i bedrifta. 47 prosent nemner fleksible og løysingsorienterte leverandørar, kundar og forretningspartnarar. Det lokale næringslivsnettverket har vore viktig for 31 prosent. Tiltakspakkene frå staten er det 27 prosent som nemner.

– Nokon bransjar og selskap har vore veldig avhengige av støtte frå staten. Men summane var nok i mange tilfelle mindre enn dei hadde sett føre seg, seier Juul for å forklara kvifor dette ikkje kom høgare opp på rangeringa.

Deja Vu er blant dei som har kvalifisert til å få statlege støttekroner.

– Det var såpass lite at det ikkje har vore avgjerande. Men eg seier ikkje at me ikkje ville hatt pengane, seier Skaret.

Kjetil Skaret er arbeidsgjevar for 14–15 årsverk.

Jon Ingemundsen

Håp om trygg grunn

55 prosent av bedriftene svarte i haust at dei trudde dei kom til å vera på trygg grunn om seks månadar.

– Eg trur mange fekk ein rett i fleisen på nyåret. Men sjølv om me no er førebudde på at det kan ta noko lenger tid, har eg inntrykk av at folk framleis er optimistar, seier Juul.

0,2 prosent av dei som deltok i undersøkinga, trudde at dei ville vera konkurs innan eit halvt år.

Ventar varierte rekneskap

Når revisorane set seg ned med rekneskapane frå 2020, trur Juul dei vil sjå store variasjonar.

– Nokon klarte å snu seg fort, men nokon tok kanskje litt lett på det og møtte ein vegg i haust. Nokon bransjar er dessutan meir solide, mens andre har mindre å gå på, seier Juul.

Han trekker fram utebransjen som ein del av næringslivet som er blitt råka hardt av pandemien.

– Denne bransjen har tradisjonelt kortare levetid enn andre. Dei som står bak, er ofte gründerar som legg sjela si i det, men som sjeldan er veldig kapitalsterke personar, sjølv om det sjølvsagt finst unntak.

«Relativt ok» er dommen Skaret feller over eigne 2020-tal.

– Normalt har me ei omsetting på 27–28 millionar kroner. I fjor blei det cirka 24 millionar kroner i netto, og eit greitt overskot.

Publisert:

Her kan du lese mer om

  1. AftenbladetE24
  2. Koronaviruset

Flere artikler