A-krim på tilsyn i jordbruket: – Eg håper det er ryddigare i år enn tidlegare år

Bønder i Rogaland får skryt etter umelde tilsynsbesøk frå A-krim. Nasjonalt har A-krim i fjor og så langt i år avdekt regelbrot i 39 prosent av tilsyna.

Borghild Lekve, direktør hos A-krim, understrekar at forholda er ryddige hos majoriteten av dei som blir kontrollerte.

Odd E. Nerbø/Bergens Tidende
  • Kristine M. Stensland (Stavanger Aftenblad)
Publisert:

I starten av juni gjennomførte A-krimsenteret i Stavanger 21 tilsyn mot gartneri og frukt- og bærprodusentar i distriktet. Hovudmålet for tilsynet var å kontrollera arbeidsforholda for arbeidarane.

– Etterarbeidet etter kontrollen viser ingen brot på regelverk, noko me finn positivt. A-krimsenteret møtte cirka 80 sesongarbeidarar til saman. Det var veldig ordna forhold. Men me har ikkje tenkt å slutta å kontrollera landbruket av den grunn, seier Hege Moberg hos A-krimsenteret i Stavanger.

Nasjonal satsing

Borghild Lekve i Arbeidstilsynet er direktør for A-krim nasjonalt.

– Me har ei eiga satsing på sesongarbeidarar i landbruket. Me er tidleg i gang i Rogaland, men ein har planar om dette andre stadar i landet også, etter kvart som innhaustinga kjem i gang.

Lekve fortel at tilsyna i 2019 avdekte store variasjonar.

– Det er viktig å ikkje svartmåla, for det er mykje positivt. Majoriteten har ryddige forhold. Men i nokon tilfelle avdekker me fleire formar for lovbrot. Det kan til dømes vera svart arbeid, dårleg innkvartering eller utilstrekkeleg branntryggleik. Erfaringa vår er at utanlandske arbeidarar er meir utsette for lovbrot enn andre. Eg håper det er ryddigare i år enn tidlegare år. Erfaringane frå tilsyna i Rogaland i år er veldig positive, sett frå Arbeidstilsynet.

I 2019 og fram til no i 2020 har A-krim nasjonalt avdekt regelbrot i 39 prosent av tilsyna.

– Positiv utvikling

Juni-kontrollane i Rogaland fann stad til ulike tider av døgnet, slik at tilsynet kunne avdekka eventuelle brot på reglane for arbeidstid. A-krim sjekka også om arbeidarane hadde arbeidsløyve og ID, om dei fekk løna dei skulle ha, om arbeidsplassane hadde tilstrekkeleg smittevern, og om innkvarteringa til arbeidarane var i tråd med regelverket. Dette opplyser Øystein Andersen, talsperson for A-krim, i ei pressemelding.

Etter tilsyna meiner Andersen at bransjen generelt ser ut til å ha ting på stell når det gjeld løn og arbeidstid. Smittevernet er A-krim også nøgde med, både i sjølve matproduksjonen og i innkvarteringa.

– Me opplever at bransjen har snudd seg rundt og vore løysingsorientert. A-krimsenteret ser også at standarden har betra seg når det gjeld innkvartering. Dette er ei positiv utvikling som me håper breier seg hos fleire, uttrykker Andersen i meldinga.

Brannvesenet fann manglar

Brannvesenet var også med på tilsynsrunden i Rogaland. Øyvind Nermoen, som uttaler seg på vegner av brannvesenet i meldinga, peikar på at det framleis er stadar der lovpålagd, brannteknisk utstyr ikkje er på plass, eller ikkje fungerer som det skal.

– I tillegg er det forhold rundt det elektriske ein gjengangar, då etablerte elanlegg ofte ikkje er dimensjonerte for å kunna gje straum til alle dei elektriske apparata der dei bur, uttaler han i pressemeldinga.

Her kan du lese mer om

  1. Arbeidstilsynet
  2. Landbruk
mail
E24

Start dagen med

Morgengryn Logo

Hold deg oppdatert på de viktigste nyhetene, de siste nøkkeltallene, og dagens kalender. Tilbudet er gratis.

Flere artikler

  1. Rørosmeieriet får nye hovedeiere

  2. 30.000 geiter blir kasta, men her går salet av kjøt unna

  3. Vil vurdera innstramming av jordvernmål

  4. Annonsørinnhold

  5. Kraftfôr er blitt milliardbutikk

  6. Betalt innhold

    Nasjonalt mål om meir norske grønsaker, men då må forbrukarane styra unna billig import