Kyllingstad om budsjettkutt: – Svært lite forståeleg

Regjeringa ønsker å auka eksporten, men kuttar likevel støtta til ein organisasjon som hjelper norsk industri med å landa avtalar i utlandet.

Ståle Kyllingstad, styreleiar i Norsk Industri, kritiserer kuttet.
  • Kristine M. Stensland (Stavanger Aftenblad)
Publisert: Publisert:

«Det er positivt med økt støtte til Norwep som bidrar til mer eksport, verdiskaping og sysselsetting i energirelaterte virksomheter.»

Dette sitatet er det Arbeidarpartiet og Senterpartiet som står bak. Det er henta frå ei innstilling frå energi- og miljøkomiteen som gjeld statsbudsjettet for 2021.

I statsbudsjettet for 2022 har Ap- og Sp-regjeringa derimot kutta 10 millionar kroner i støtte til Norwep.

– Kuttet var uventa og svært, svært lite forståeleg, seier Ståle Kyllingstad, styreleiar i Norsk Industri og konsernsjef i IKM-gruppa.

Eksportsatsing i regjeringsplattform

Norwep står for Norwegian Energy Partners. Dette er ein organisasjon som skal støtta internasjonaliseringa av norsk industri.

Summen Norwep låg an til å få i forslaget frå Solberg-regjeringa, var 34 millionar kroner, som er på nivå med støtta dei har fått dei siste åra.

I Hurdalsplattforma som ligg til grunn for Ap-Sp-regjeringa, står det at regjeringa vil auka eksporten. «Statens verktøy for å bistå norske eksportbedrifter skal styrkes, slik at flere kan lykkes i internasjonal konkurranse», kan ein lesa der.

Kyllingstad forstår ikkje at ei regjering som seier dei vil satsa på eksport, samstundes reduserer støtta til eit av dei mest vellykka verkemidla Norge har.

– Når ein kjem inn i eit nytt land stiller ein i utgangspunktet ganske grøn. Men Norwep hjelper oss med kunnskap om nye marknadar. Små og store selskap bruker tenestene deira, seier Kyllingstad.

Aftenbladet/E24 har sendt kritikken til Olje- og energidepartementet. Statssekretær Amund Vik (Ap) svarer på e-post:

«Det var mange avveininger som skulle gjøres på kort tid i forbindelse med budsjettarbeidet. For å frigjøre midler til andre budsjettformål måtte regjeringen prioritere, og det førte dessverre til et kutt i bevilgningen til Norwegian Energy Partners. Vi jobber nå med å finne løsninger for Norwep framover.»

Bygde seg opp utanlands

Geir Seland, dagleg leiar i Øglænd System-gruppa, fortel at dei fekk god hjelp frå Norwep då Øglænd System etablerte seg i USA, Kina, Malaysia og Russland.

– Utan erfaringa og relasjonane me fekk tilgang til gjennom Norwep, hadde det tatt veldig lang tid å bygga seg opp utanlands, seier han.

Selskapet er ein leverandør til olje- og gassindustrien, men dei satsar også i andre næringar. No kjem 30 prosent av omsettinga deira frå havvind, ei satsing det har tatt ti år for dei å bygga opp.

Fabrikksjef Martin Mildestveit, dagleg leiar Geir Seland i Øglænd System-gruppa, og Hermann Holzer, dagleg leiar i Øglænd System.

Seland har erfart at Norwep jobbar langsiktig, og han hevdar at dersom ein kuttar ned eitt år, er det som å hoppa over ein etappe i ein stafett.

– Norwep er eit spleiselag mellom stat og næringsliv. Kan ikkje næringslivet betala litt meir om Norwep er så viktig?

– 70 prosent av selskapa i Norwep er i ein utviklingsfase. Ein må vera veldig forsiktig med kostnadsauke, for det er tøft nok å konkurrera.

Seland sit i styret til Norwep, men han understrekar at han her snakkar på vegner av industrien.

Kritikarane av kuttet får støtte frå Aleksander Stokkebø, stortingsrepresentant frå Høgre.

– Mange bedrifter i energihovudstaden Stavanger og landet elles drar nytte av kompetansen til Norwep for å skapa verdiar og jobbar. Kuttet vil få store konsekvensar for eksportsatsinga innan nye energiløysingar som Solberg-regjeringa stod for, seier Stokkebø.

Aleksander Stokkebø (H) meiner at dette er eit kutt som vil ramma bedrifter i Rogaland.

Fleire bruker tilbodet

– Eit dramatisk kutt, seier Norwep-sjef Sjur Bratland.

Han skildrar Norwep som ein «matchmaker» som koplar norske bedrifter med behova i utanlandske marknadar.

Norwep har søkt om å få 20 millionar kroner ekstra fordi etterspørselen etter tenestene har skote i vêret. Bratland trur oppsvinget har tre årsaker.

Den eine er at næringslivet i større grad har sett nytten av at Norwep har lokale representantar til stades i andre land når reiserestriksjonar har gjort reising meir komplisert.

Den andre er at verda ifølgje Bratland har fått auga opp for norsk teknologi som reduserer utslepp av karbondioksid og er energieffektiv.

– Nyleg sende me 31 forslag med norske bedrifter som har CO₂-reduserande teknologi til Shell i Malaysia. 21 av desse fekk møteavtalar etter dette.

Den tredje er at det skjer mykje i dei såkalla nye næringane.

– Langskip har opna mange dører for oss rundt karbonfangst- og lagring, seier Bratland som eksempel.

Høyr podkast om elektrifisering av sokkelen:

Publisert:
Gå til e24.no

Her kan du lese mer om

  1. AftenbladetE24
  2. Øglænd System
  3. Aleksander Stokkebø
  4. Norwegian Energy Partners
  5. Norsk Industri
  6. Ståle Kyllingstad
  7. Eksport

Flere artikler

  1. Q-meieriene hevdar dei blir motarbeidde av Bondelaget

  2. Betalt innhold

    Felleskjøpet-eigd selskap utviklar vegansk mat

  3. Betalt innhold

    Bøndene slit med uvanleg høge utgifter. Men maten vår blir ikkje brått dyrare av den grunn

  4. Nordiske hamner samarbeider for å bli best på havvind

  5. Betalt innhold

    Energirekninga auka med ti millionar kroner