Fryktar redusert matproduksjon: – Kostnadane har stige enormt

Tysdag møter bondeorganisasjonane landbruksministeren i eit hastemøte. Årets matproduksjon står på spel, ifølgje bøndene.

Sven Martin Håland var i fjor med på å starta Bondeopprøret. Han meiner det hastar med nye forhandlingar med staten.
Publisert:

Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag har bede landbruks- og matminister Sandra Borch om eit hastemøte. Ifølgje NRK vil ho møta dei tysdag denne veka.

Kostnadane i landbruket har auka kraftig det siste året «som en følge av global uro og sterk prisøkning på mange råvarer til matproduksjon internasjonalt», skriv organisasjonane i eit brev til ministeren.

Dei meiner det er viktig at bonden får kompensasjon for kostnadar så raskt som mogleg. «Hvis bøndene ikke får bedre forutsigbarhet og trygghet for å kunne ivareta sine betalingsforpliktelser vil det gå ut over matproduksjonen i 2022 og kunne få langsiktige konsekvenser», hevdar leiarane av bondeorganisasjonane i brevet.

Ønsker tilleggsforhandlingar

– Det sentrale for oss er at me er i ei akutt likividetskrise der kostnadane har stige noko heilt enormt, seier Figgjo-bonde Sven Martin Håland.

I fjor blei Håland kjent som ein av fem bønder som starta opp Bondeopprøret, ein grasrotbevegelse som bidrog til å legga press på fjorårets jordbruksforhandlingar.

Nyleg sende dei brev til landbruks- og matminister Sandra Borch der dei ber ho om å ta initiativ til tilleggsforhandlingar. Slike forhandlingar blei gjennomført i haust, men bondeopprørarane meiner at kostnadane har stige så mykje sidan den gong at ein ikkje kan venta til dei faste, årlege forhandlingane i vår.

I eit svar som blei sendt 6. januar, opnar ikkje Borch for tilleggsforhandlingar.

Få dagar seinare, blir det kjent også Norsk Bonde- og Småbrukarlag ønsker tilleggsforhandlingar. I motsetting til Bondeopprøret, er Småbrukarlaget ein formell part i jordbruksforhandlingane. Den 9. januar sende Småbrukarlaget brev til Bondelaget der dei ber Bondelaget bli med på eit slikt krav.

Partane i jordbruksforhandlingane kan krevja slike forhandlingar dersom viktige føresetnadar for den gjeldande jordbruksavtalen er vesentleg endra, eller når «uforutsette forhold oppstår».

Småbrukarlaget meiner det no er rom for slike forhandlingar fordi «kostnadsøkningene er så prekære».

Les også

Straumprisar blir tema i jordbruksforhandlingane

Gjødsel, straum, fôr …

– Eg kjøpte gjødsel ein dag før fristen gjekk ut i haust. Eg tok ikkje sjansen på å venta, seier Håland.

Dette er ei avgjerd han er glad for at han tok. Han veit at ein del andre ikkje hadde råd eller lagerplass til å handla gjødsel i haust, og han meiner dei no er i ei skikkeleg knipe.

For sjølv om prisen på gjødsel var høg allereie då, så har han i løpet av vinteren stige endå meir.

– Gjødsla eg har kjøpt, bør kanskje vara i meir enn eitt år, for eg veit ikkje korleis prisbildet blir. Eg trur dei som har gjødsel på lager, vil halda att på bruken, seier Håland.

Mindre bruk av gjødsel betyr mindre avling.

Det er ikkje berre gjødsla, og straumprisen som rammar heile samfunnet, som er blitt dyrare.

– Dieselen er blitt dyrare, og rundballeplasten er dobla i pris. Kraftfôrprisen er også på veg opp, seier Håland.

For hans eigen del ligg det an til at overskotet på garden blir halvert, frå fjorårets 400.000 kroner.

– Det er på eit kritisk nivå om garden skal kunna overleva. Får me ikkje eit løft i vår, vurderer eg, og nok mange med meg, å finna noko anna å gjera, seier Håland.

Sjølv har han har kutta ned på investeringar og slik bygd seg opp ein økonomisk buffer.

– Men eg trur mange må gå i banken for å skaffa pengar til drifta. Snart må folk velja om dei skal betala straumen eller kraftfôrrekninga, hevdar han.

Dersom staten ikkje stiller opp med meir pengar til bøndene, meiner Håland det vil vera å gambla med sjølvforsyninga i ei tid med mykje uro internasjonalt.

Bøndene får sjølvsagt også ein del av inntektene sine frå produkta dei sel.

– Ei meir varig løysing er at prisane på mat må noko opp, seier Håland.

Les på E24+

Høge prisar på kraftfôr og kunstgjødsel betyr ingenting for denne bonden

Banksjef førebudd på vanskar

Morten Malmin, banksjef for landbruk i Sparebank 1 SR-Bank, er førebudd på at banken kan koma til å måtta hjelpa fleire bønder enn vanleg på grunn av kostnadsauken.

– Foreløpig har me ikkje merkt noko på nedbetalingsevna deira. Men bøndene veit at store rekningar vil koma. Fleire har snakka om at dei kjem til å bruka mindre gjødsel og redusera produksjonen, seier han.

Dersom bøndene ikkje får hjelp før dei ordinære forhandlingane, trur han likviditeten kan bli krevjande for mange.

Malmin er van med å sjå at prisane på enkeltfaktorar svingar i landbruket.

– Men at så mange faktorar har så stor auke, har eg aldri opplevd før. I tillegg så går ikkje inntektene oppover.

Morten Malmin og Sven Martin Håland møttest på garden til Håland i fjor for å snakka om bondeøkonomi.

Ein konsekvens Malmin allereie har sett, er at auka byggekostnadar har fått fleire til å utsetja byggeprosjekt.

På sikt er han mest uroleg for at situasjonen skal føra at bønder vel ein avviklingsstrategi der dei ikkje fornyar maskinparken og bygger nytt.

– Me ser tendensar til at det er mindre investeringslyst. Frå banken si side så ser utlånsvolumet ut til å flata ut i staden for å stiga som det har gjort tidlegare.

Publisert: