Øyvind byrja som røyrleggarlærling. No er han sjef for digitalisering

Midt i koronakrisa tek Aker Solutions inn 100 nye lærlingar. 30 av dei får plass ved verftet på Stord.

– Eg har alltid vore interessert i korleis ting heng saman, seier Øyvind Malmanger.
  • Ådne Lunde (Bergens Tidende)
Publisert: Publisert:

I 2010 byrja Øyvind Malmanger som røyrleggarlærling på verftet på Eldøyane. I dag sit 28-åringen som sjef for teknologi og digitalisering.

Kvinnheringen frå Rosendal er leiar for 15 personar og har ansvar for digitaliseringsprosjekt på Aker Solutions sine fire verft i Noreg.

– Eg har gripe dei tilboda som har opna seg, men aldri planlagt kva eg skulle gjera om 20 år, seier den unge sjefen.

Den bratte karrieren på verftet byrja altså med fagbrev som røyrleggar og eit fagbrev som sveisar nokre år etterpå.

Stordmodellen

Katarina Hesjedal bidreg til det grøne skiftet med å laga boltar til flytande vindkraft.

– Som røyrleggar er det ein klar fordel å kunna sveisa, seier Malmanger om den saka.

Rundt fire år vart det til saman i produksjonen. Den unge rosendølen følgde den såkalla stordmodellen vidare, med ei veke på teknisk fagskule og to veker på jobb på verftet.

– Eg har alltid vore interessert i mekaniske ting, seier Malmanger om vegen han har vald å gå.

Sidan vart det ingeniørstudie på full tid i Stavanger. Heile tida i kontakt med arbeidsplassen på Stord.

Utdanningsløpet enda med ein master i industriell økonomi. Masteroppgåva skreiv han om fordelar og ulemper ved å bøya røyr framfor å sveisa dei. Eit tema som absolutt burde vera aktuelt på det travle verftsområdet utanfor kontoret hans på Eldøyane.

Treng norske fagfolk

– Eg har aldri angra på dette valet, seier Mats Flatås.

Verftsdirektør Jarle Henriksrud ønskjer at fleire skal gjera som Øyvind Malmanger, og satse på ein lærlingplass på verftet. Koronapandemien har aktualisert trongen for norske fagfolk.

Aker Solutions har varsla permitteringar etter påske. Dette kjem av at verftet er heilt avhengig av innleigd utanlandsk arbeidskraft, då spesielt innan stillas, isolasjon og måling.

– Dei innleigde arbeidarane har vist mykje velvilje, og har strekt seg langt. Når dei no må dra heim, og vi ikkje får inn nye, vil det gå ut over fast tilsett norske arbeidarar, seier Henriksrud.

Han fortel at verftet ønskjer å utdanna norske arbeidarar, også innan desse fagområda. Dette er kraftig aktualisert av pandemien.

Direktør Jarle Henriksrud vi gjerne ønskja nye ungdommar velkomen.

30 nye på Eldøyane

– Vi søkjer etter lærlingar innan stillas og måling. Dessutan vurderer vi lærlingplassar innan isolasjonsfaget for første gang. Elles vil vi sjølvsagt ha folk innan alle disiplinar, seier verftsdirektøren.

Erfaringa frå tidlegare år tilseier at dei klarer å rekruttera 30 kvalifiserte lærlingar på Stord.

Ute i det innfløkte arbeidsfellesskapet på verftet er Katarina Hesjedal (19) og Mats Flatås (21) godt i gang med læretida.

– Det er veldig kjekt, masse folk og svært sosialt her. Sjølv om det er meir enn nok å gjera, er det ofte tid til å slå av ein prat, seier Hesjedal.

Boltar til vindkraft

Katarina Hesjedal styrer den avanserte CNC-benken digitalt.

Mekanikarlærlingen køyrer ein superavansert CNC-maskin. No er det boltar til Hywind Tampen som står på programmet.

– Det er ufatteleg mange av dei, seier ho.

Lærlingen lastar inn nye emne og høyrer fort om alt går greitt inne i maskina. Målet er fagbrev og fagskulen vidare etter stordmodellen.

Mats Flatås har både far og bestefar på verftet. Han prøvde seg likevel med idrett på vidaregåande. Lærlingkontrakt fekk han etter eit sveisekurs i Nav-regi.

Mange karrierevegar

Mats Flatås sveisar røyr i titan til ein oljeplattform.

– Det er eg svært nøgd med. No er planen å sveisa til eg blir lei. Kanskje ti år til. Så blir det nok høgskulen og utdanning som sveiseingeniør, seier han.

Verftsdirektør Henriksrud seier det er ein verdi for verftet å ha ingeniørar med erfaring frå produksjonen.

Og det store konsernet opnar mange karrierevegar. Øyvind Malmanger vart sjef i ein alder av 28 år.

– Samanslåinga til Aker Solutions opna nye mogelegheiter, og eg greip dei, seier han om leiarjobben.

Les også

Utanlandske arbeidarar kommer ikke inn i Norge: – Norske ansatte vil bli permittert

Les på E24+

Her veks vindkraftfundamenta tre meter i døgeret

Publisert:
Gå til e24.no

Her kan du lese mer om

  1. Verft
  2. Fagbrev
  3. Aker Solutions

Flere artikler

  1. Betalt innhold

    Her lagar dei verdas største flytande vindkraftanlegg

  2. Her pakkar dei ut motoren som kan gjera global skipsfart meir berekraftig

  3. Utenlandske arbeidere kommer ikke inn i Norge: – Norske ansatte vil bli permittert

  4. Stenger verft etter koronasmitte

  5. Betalt innhold

    Motorene til E-tjenestens superskip er levert av Bergen Engines, som nå overtas av russere