Bønder trua med kjøtkutt på 900 tonn: – Me slapp å gjennomføra

Den Stolte Hane er på veg opp igjen etter tøffe år. Veksten kom aksjonsvillige kyllingprodusentar til gode.

Det største anlegget til Den Stolte Hane ligg i Kviamarka i Hå kommune i Rogaland.

Jon Ingemundsen
  • Kristine M. Stensland (Stavanger Aftenblad)
Publisert:

I juli 2019 varsla 24 kyllingprodusentar frå Rogaland at dei ville la kyllinghusa stå tomme dei tre siste månadane av året. Årsaka var at dei meinte det var eit betydeleg avvik mellom innteninga dei var førespegla og innteninga dei faktisk fekk hos Den Stolte Hane.

Kjøtforedlingsbedrifta hadde då totalt 83 produsentar. Ifølgje aksjonsgruppa ville ein stopp på dei 24 gardane utgjera ein reduksjon på 900 tonn kjøt, noko som skulle utgjera ein tredjedel av volumet til Den Stolte Hane.

– Me slapp å gjennomføra aksjonen. Me blei einige om ein plan for at økonomien skulle bli betre for produsentane, seier aksjonsleiar Thor Ove Vistnes no.

Han fortel at det etter dette er blitt ein tettare dialog mellom produsentgruppa og leiinga.

– Me kom fram til eit godt resultat, seier dagleg leiar Fredrik Strømmen om fjorårets dialog.

Også i år har leiinga hatt det Strømmen karaktiserer som «konstruktive diskusjonar» med produsentane.

– Me har auka oppgjersprisen og produsentane har fått eit betydeleg løft.

Tøft etter Ica-tap

Tala frå 2019 tydar på at auken i prisen til produsentane var noko Den Stolte Hane kunne ta seg råd til. Bedrifta fekk det beste resultatet sidan 2013.

– I 2013 låg me på 170 millionar kroner. 2014 og 2015 var tøffe år for oss, for me mista Ica. Sidan då har det sakte, men sikkert gått oppover, seier Strømmen.

I 2015 var dei nede i 25 millionar kroner i resultat før skatt, medan det tilsvarande 2019-talet blei 133 millionar kroner.

Då Coop kjøpte Ica, fekk me mykje av posisjonen vår tilbake, sjølv om me fekk eit mindre Ica enn det me mista. Me har også kome inn i NorgesGruppen. Dei siste fem åra har marknadsdelen vår auka frå 20 til godt over 30 prosent i daglegvaremarknaden.

Strømmen skildrar 2019 som eit «unormalt godt år» for egg.

– Den viktigaste grunnen til at me vaks så mykje, var at me selde egg til to kundar. Det var utfasing hos Rema og innfasing hos Coop. Utfasinga gjekk saktare enn innfasinga.

20192018
Inntekter 1,5 milliardar kroner1,4 milliardar kroner
Driftsresultat136 millionar kroner105 millionar kroner
Resultat før skatt133 milionar kroner103 millionar kroner
Kjelde: Brønnøysundregistrene

Vekst i kyllingmarknaden

Som så mange andre bedriftsleiarar, vil Strømmen også kunne kalla 2020 for eit unormalt år, men då med koronautbrotet som årsak. Når han ser på tala for egg og kylling, synest han det kan sjå ut som om folk har fleire fredagar og laurdagar i veka enn det finst i kalenderen.

– Stenginga av grensehandelen førte til auka konsum av daglegvarer frå norske butikkar. Omsettinga tydar på at det er mykje meir heimekonsum. Daglegvaremarknaden for kylling vaks over 20 prosent samanlikna med mai, juni og juli i fjor. Men me mistar mykje på storhushaldningar som hotell og restaurantar.

Men også når han observerer tiårsperioden under eitt, ser han ein marknad i vekst.

– Daglegvaremarknaden for kylling vaks med ni prosent i verdi og to prosent i volum i 2019. Egg er meir stabilt.

Overtok Nortura-bønder

Marknadsveksten har ifølgje Strømmen også gjeve Den Stolte Hane fleire bønder som produserer for dei.

– Me får heile tida nye produsentar.

Konkurrenten Nortura fortel at dei mistar kring éin prosent av produsentane sine kvart år. Dette talet gjeld alle kjøtproduksjonane deira samla, og ikkje berre kylling.

Strømmen fortel at Den Stolte Hane har fått 45 produsentar frå Nortura dei fem siste åra.

– Då Nortura mista noko av det dei hadde i NorgesGruppen, hadde dei for mange produsentar i forhold til det volumet dei hadde behov for. Då me overtok desse produsentane, hindra me ein situasjon der me bygde opp nye produsentar, medan andre produsentar mista grunnlaget sitt. Forsvarleg rekruttering er eit samfunnsansvar.

Les også

Nortura er i gang med snuoperasjon

Her kan du lese mer om

  1. Kylling
  2. Den Stolte Hane
  3. Egg
  4. Nortura
mail
E24

Start dagen med

Morgengryn Logo

Hold deg oppdatert på de viktigste nyhetene, de siste nøkkeltallene, og dagens kalender. Tilbudet er gratis.

Flere artikler

  1. Nortura er i gang med snuoperasjon

  2. Startar arbeidsdagen 03.00 for å kjempa mot dei store matleverandørane

  3. 30.000 geiter blir kasta, men her går salet av kjøt unna

  4. Annonsørinnhold

  5. Europa-satsing bidrog til femti prosent auke i omsetting

  6. Betalt innhold

    Nasjonalt mål om meir norske grønsaker, men då må forbrukarane styra unna billig import