Stadig fleire bankar tar klima med i reknestykket

I SR-bank er klimarisiko blitt ein del av kredittvurderinga. Dermed er banken med på ein aukande trend.

Guro Elgheim Sivertsen, fagsjef for berekraftig finans i SR-Bank, meiner bankane speler ei viktig rolle i overgangen til eit lågutsleppsamfunn.
  • Kristine M. Stensland (Stavanger Aftenblad)
Publisert:

– Tidlegare var det eit nisjeområde. No er det noko alle er opptatt av. Ein har tatt innover seg at det ikkje er noko ein kan velja bort, seier Guro Elgheim Sivertsen, fagsjef for berekraftig finans i SR-Bank.

Ho har jobba med berekraft i finansbransjen i over seks år. No konstaterer ho at det er skjedd ei haldningsendring.

Dette er ei registrering som får støtte i ferske tal frå rådgjevings- og revisjonsselskapet BDO. Dei har spurt 59 små og mellomstore norske bankar over heile landet om korleis dei handterer grøn finansiering og berekraft. Svara dei fekk, viser at stadig fleire bankar lar klimaendringane vera ein faktor i reknestykket.

– Bankane bestemmer kven som får finansiering, og har dermed ganske stor innverknad på kva prosjekt som blir realiserte. Det handlar ikkje berre om dei nye selskapa, men også om å få med seg dei som allereie finst, på ei omstilling, seier Sivertsen.

Les også

DNB har nektet kunder som forurenser å få lån: – Lavere utslipp gir lavere rente

Berekraft har betydning for lånevilkår

79 prosent av bankane i undersøkinga svarte at berekraft er ein del av strategien deira, mens talet i fjor var 55 prosent.

Berekraft er «så absolutt» ein del av strategien til SR-Bank, ifølgje Sivertsen.

– Me har eit overordna mål om å vera ein pådrivar og tilretteleggar for den nødvendige overgangen til lågutsleppssamfunnet.

Ein av metodane deira er å måla eigne klimagassutslepp. Men samanlikna med utsleppa frå ein del av kundane deira, er kontorarbeidsplassane i banken lite forureinande.

– Dei største kundane våre får ti spørsmål om berekraft som ein del av kredittvurderinga. Me har ikkje rigga oss slik at svara kan føra til at kunden ikkje får lån, men svara har innverknad på pris, løpetid og krav til tryggleik for lånet, og me kan også koma med krav om oppfølging.

Når dei møter mindre kundar, konsentrerer banken seg foreløpig om å auka kompetansen blant eigne tilsette slik at berekraft kan bli ein naturleg del av dialogen.

Tredelt klimarisiko

Klimarisiko er eitt av omgrepa som er ein del av berekraftsvurderinga. Sivertsen forklarer at denne er sett saman av tre komponentar.

– Den eine delen er den fysiske klimarisikoen. Og så har ein overgangsrisikoen som gjeld endringar i regelverk og preferansar. Eit eksempel på dette er risikoen for ein bilforhandlarar som ikkje har elbilar. Den tredje delen er ansvarsrisikoen, der ein kan bli stilt til ansvar for eigne utslepp.

Ho kjenner ikkje til at nokon er blitt pålagde eit slikt ansvar i Norge, men ho har høyrt at slike saker har vore oppe i rettssystemet i USA, rett nok med frifinning som resultat.

I undersøkinga går det fram at 64 prosent av bankane ser på klimarisiko som ein del av kredittvurderinga i 2021. I fjor gjaldt dette 41 prosent.

Ventar på nye krav frå EU

– Eg synest det er gledeleg å sjå at bankane har auka aktiviteten innan berekraft så mykje som dei har gjort. Særleg i eit år der korona har tatt så mykje fokus, seier Ann Cathrin Hoffmann, leiar for berekraftig finans i BDO.

– Har dei råd til å la vera?

– Bankane skal vera sikre på at dei vurderer all relevant risiko. Om dei ikkje avdekker klimarisikoen, kan dei heller ikkje strukturera arbeidet sitt ut frå han. Og då er kanskje ikkje prising og prosessar sette godt nok opp.

Hoffmann trur også at den varsla taksonomien til EU snart vil begynna å spela ei større rolle for arbeidet til bankane. Dette er eit sett med reglar som har som mål å slå fast kva bedrifter som er berekraftige, og slik unngå grønvasking.

Sivertsen i SR-Bank følgjer godt med på utviklinga av det nye regelverket.

– Det er eit tydeleg signal frå EU om at dei vil stilla strengare krav, og at dei vil ha med seg finansbransjen, seier ho.

Oppfordringa frå Hoffmann til bankar som framleis ikkje har gjort berekraft til ein del av strategien sin, er som følgjer:

– Det er berre å bli med på toget. Dette går ikkje over, og det er ein prosess ein må øva seg på å meistra.

Publisert:
Gå til e24.no

Her kan du lese mer om

  1. AftenbladetE24
  2. SR Bank
  3. Bank
  4. Banknæringen
  5. Klima

Flere artikler

  1. Omgitt av sauer på beite ligg eit børsnotert selskap som satsar på banebrytande grøn skipsteknologi

  2. Betalt innhold

    Flor- og Fjære-paret vil tena pengar på det grøne skiftet. Det er dei ikkje aleine om

  3. Fullteikna investorlista i Desert Control-emisjon

  4. Betalt innhold

    Tolv plassar i Vestland melder seg på i kampen om ein gigantisk batterifabrikk. Sjå lista her.

  5. Betalt innhold

    No meiner IVAR tida er inne for å realisera over ti år gamle biogassplanar