Landbruksministeren strammar inn jordvernet: – Skulle ønskt eg kunne gå lenger

Regjeringa vil stramma inn det nasjonale jordvernmålet. Ministeren vurderer dessutan eit endå strengare vern på sikt.

Landbruks- og matminister Olaug V. Bollestad (KrF) på det ho sjølv vil karakterisera som heilag grunn, altså jordbruksjord.
  • Kristine M. Stensland (Stavanger Aftenblad)
Publisert:

– Matjorda er gullet vårt, seier landbruks- og matminister Olaug Vervik Bollestad frå KrF.

I fjor varsla ho at ho ville vurdera ei innstramming av det nasjonale jordvernmålet. Fram til no har målet vore nådd dersom ein ikkje har omdisponert meir enn 4000 dekar i året. Fredag la regjeringa fram ein oppdatert jordvernstrategi. Der legg dei lista på 3000 dekar. Målet skal gjelda fram til 2025.

– Eg skulle ønskt eg kunne gå endå lenger. Men for meg er det viktig med realistiske mål slik at heile samfunnet blir med på å nå dei.

Ifølgje Bollestad ser det ut til at målet for 2020 er nådd. Men under 3000 dekar var det ikkje, så det nye målet vil innebera ei innstramming av dagens praksis i kommunane.

Meir blir bygd ned

Når Bollestad argumenterer for eit sterkare jordvern, begynner ho på mikronivå og avsluttar globalt.

– For det fyrste handlar det om mikrobiologi og karbonlagring i jorda. Mange stadar dempar også jorda faren for flaum. Nasjonalt handlar det om mattryggleik og kriseberedskap. Globalt dreier det seg om det store fotavtrykket vårt. Til saman handlar dette om å ta vare på jorda for å sikra ei berekraftig samfunnsutvikling.

«Forbruk og forringelse av verdens jordsmonn skjer raskere enn dannelsen av nytt jordsmonn. Jord som er egnet for matproduksjon er derfor en begrenset ressurs», skriv Norsk Institutt for Bioøkonomi (NIBIO) i ein rapport som er blitt brukt som kunnskapsgrunnlag hos departementet.

Den årlege omdisponeringa har dei siste åra vore lågare enn 4000 dekar, og sånn sett er jordvernmålet nådd. Men faktisk nedbygging har vore på rundt 8000 dekar, ifølgje NIBIO-rapporten.

– Me vurderer å setja eit måltal også for samla nedbygging slik at me også sikrar totalen, seier Bollestad.

Men korleis skal ein for eksempel kunna sikra at utbyggarar bestemmer seg for å bygga ut i eit år der ikkje for mange andre i landet bestemmer seg for akkurat det same? Dette er noko av det Bollestad ikkje har svar på, men framover vil ho bruka NIBIO til å finna meir ut av korleis eit slikt måltal kan fungera.

– I tillegg ønsker me å få til ei tilskotsordning for kommunar som lagar eigne jordvernstrategiar.

I lokale debattar kan politikarar bli møtt med at grunneigarar allereie har inngått opsjonsavtalar med utbyggarar før spørsmålet om omdisponering kjem på bordet hos politikarane. Bollestad ser her behov for å koma med ei presisering.

– Skal ein omdisponera jord, må ein søka om ny konsesjon. Me vil presisera at konsesjonsplikt også gjeld for opsjonsavtalar. Det ligg eigentleg i regelverket frå før, men me har ikkje presisert det godt nok.

Les også

Matfylket Rogaland er dårlegast i landet på jordvern

Vurderer strengare vern

Bollestad er slett ikkje aleine om å snakka varmt om jordvern i norsk politikk. Men vegar, arbeidsplassar og bustadar er alle argument som ofte blir tyngre i den politiske debatten. I tillegg står jordbruket sjølv for ein del av nedbygginga av matjord. Dette er eit juridisk handlingsrom som ligg inne i den gjeldande jordlova.

Bollestad vil vurdera om det er mogleg å gje jordbruksjord vernestatus, i alle fall i viktige jordbruksområde.

– Me har kjerneområde der statusen på dei beste jordbruksareala må hevast betydeleg. Eg tenker at område må få eit meir varig vern. Det må me vera villige til å sjå nærare på, seier ho.

Bollestad set ikkje noko eige øvre tak for nedbygging av jord som ein dag kan bli dyrka opp til matjord.

– All dyrkbar mark er ikkje like eigna til å erstatta den beste matjorda. Det er ikkje så enkelt som å seia at ein skal dyrka ein annan plass når ein bygger noko ned.

På Jæren har det den siste tida vore fleire saker der jordvern er sett opp mot næringsinteresser.

– Som statsråd skal eg vera forsiktig med å meina noko om enkeltsaker. Men som KrF-ar kan eg seia at eg støttar lokale KrF-arar som har stått opp for å halda på dyrka mark.

Publisert:
Gå til e24.no

Her kan du lese mer om

  1. AftenbladetE24
  2. Jordvern
  3. Olaug Vervik Bollestad

Flere artikler

  1. Nådde ikkje jordvernmålet likevel

  2. Betalt innhold

    Følte seg «fanget» som daglig leder – hoppet av for å starte vaskefirma: – Jeg er en annerledes gründer

  3. Smedvig skal bruke 2,5 milliarder på Åsen. Dette er første bygg ut

  4. Erling Braut Haaland kjøper fly

  5. 41 næringseiendommer i Stavanger sentrum står ledige