Ny kalkulator skal gje meir klimavenleg norsk mat

No skal bøndene måla klimagassutsleppa sine for å få dei ned. Det skal dei få til utan å redusera produksjonen.

Kva slags fôr dyra får, er ein av faktorane som kan ha innverknad på klimagassutsleppa på ein gard.

Pål Christensen
  • Kristine M. Stensland (Stavanger Aftenblad)
Publisert:

Fram mot 2030 skal landbruket i Noreg kutta klimagassutsleppa med 4–6 millionar tonn. Eitt av tiltaka er å ta i bruk ein klimakalkulator. Torsdag blei kalkulatoren lansert.

Med kalkulatoren kan bøndene gjera klimautrekningar for gardane sine. På bakgrunn av resultata skal dei få rådgjeving om kva dei kan gjera for å kutta utslepp på garden. Målet er at alle gardar i Noreg skal få slik rådgjeving i løpet av 2025.

Ikkje redusert produksjon

Arbeidet med kalkulatoren starta i 2016. Det er organisert gjennom prosjektet Klimasmart Landbruk som er eigd av samvirket Landbrukets klimaselskap. Samvirket består av 17 sentrale aktørar i norsk landbruk.

– Me har store forventingar til at dette blir eit godt verktøy som kan gje grunnlag for gode og effektive tiltak, seier styreleiar Bjørn Gimming, som også er nestleiar i Norges Bondelag.

Ifølgje Gimming er det ein viktig premiss at klimatiltaka ikkje skal føra til redusert matproduksjon.

– Vil ein klimarådgjevar kunna be ein bonde om å slutta med kyr som gjev utslepp, og begynna med korn i staden?

– Nei, eit slikt råd vil ikkje rådgjevaren gje. Store delar av Noreg er berre eigna til grasproduksjon, medan ein liten del er eigna til korn. Suksessen til norsk jordbruk er at me framleis kan bruka beitearealet til matproduksjon, seier Gimming.

Tilpassa rettleiing

Bakgrunnen for at landbruket meiner det er nødvendig med ein slik kalkulator, er at gardsbruk er forskjellige og dermed har ulikt utgangspunkt for å setja i verk klimaløysingar. Ved å samanstilla dei relevante faktorane på kvar enkelt går, som blant anna driftsform, jordsmonn, størrelse og geografi, håper ein å kunna gje klimarettleiing tilpassa den enkelte garden.

Kalkulatoren bruker data frå produksjonen på garden for å rekna ut og samanlikna klimaavtrykket med andre gardar i same område med liknande produksjon. Basert på dette vil bonden kunna ta avgjerder som gjer garden meir klimavenleg. Dette kan gjelda fôring, gjødsling, energiløysing, val av råvarer og bruk av jorda som karbonlager.

Statlege finansiert

Dei fyrste som får ta i bruk kalkulatoren, er bønder som driv med mjølk, korn og gris. For bøndene skal kalkulatoren vera gratis å bruka.

Gimming kjenner ikkje til det eksakte beløpet som er gått med til utviklinga av kalkulatoren.

– Prosjektet er finansiert gjennom jordbruksavtalen og statsbudsjettet, seier han.

Fram mot jordbruksforhandlingane neste år skal Gimming og samarbeidspartnarane utarbeida ein modell for finansiering av klimarådgjevarane.

Her kan du lese mer om

  1. Landbruk
  2. Norges Bondelag
  3. Miljø
mail
E24

Start dagen med

Morgengryn Logo

Hold deg oppdatert på de viktigste nyhetene, de siste nøkkeltallene, og dagens kalender. Tilbudet er gratis.

Flere artikler

  1. Forsker om landbrukets klimaplan: Bygger på uferdig teknologi

  2. Betalt innhold

    Belgisk milliardkonsern investerte i jærsk humlefjøs

  3. Betalt innhold

    Eit av landets største gartneri investerer i kunstig intelligens

  4. Annonsørinnhold

  5. Betalt innhold

    Desert Control ville halda låg profil. Men så tok BBC og CNN kontakt

  6. Plommekrise i Hardanger