Kritiserer Sp sitt toll-utspel: – Vil auka handelslekkasjen

Sp vil auka tollen på ei del matvarer for å sikra norsk sjølvforsyning. – Tonedøvt, svarer Høgre-politikar.

Høgre-politikar Lene Westgaard-Halle er sjølv bonde.
  • Kristine M. Stensland (Stavanger Aftenblad)
Publisert: Publisert:

– Eg synest forslaget er litt tonedøvt med det prisbildet me har i dag. Me treng ikkje ein politikk som gjer maten endå dyrare, seier Lene Westgaard-Halle, landbrukspolitisk talsperson for Høgre.

Ho viser til utspelet frå Geir Pollestad i Senterpartiet, som vil styrka tollvernet på ein del matvarer for å auka inntektene til bøndene og styrka norsk sjølvforsyning.

– Dette vil gje dårlegare utval og dyrare prisar. Den største utfordringa er at det vil føra til større handelslekkasje, seier Westgaard-Halle.

Senterpartiet vil ha eit sterkare tollvern inn i statsbudsjettet for 2023.

Geir Pollestad kom med utspelet då han besøkte jærbonden Jon Tore Refve. Bonden takkar ja til eit sterkare tollvern.

Frp: – Rammar dei som har minst

Heller ikkje Framstegspartiet er einige med Sp.

– Norge er eit lite land med ein open økonomi. Tollbarrierar kjem ikkje til å gagna oss i det lange løp. Me er avhengige av både import og eksport, seier Sivert Bjørnstad, næringspolitisk talsperson i Frp.

Han meiner at tollvernet er ei av hovudårsakene til at maten i butikkane er dyrare i Norge enn i nabolanda våre.

– For dei som allereie synest det er dyrt å gå i butikken for å handla nødvendige matvarer, vil desse no bli endå dyrare, argumenterer Bjørnstad og hevdar at Sp-forslaget vil ramma dei som har minst frå før av.

SV: – Ventar brei politisk einigheit

Torgeir Knag Fylkesnes, nestleiar i SV, fortel at også dei ser på moglegheita for å styrka tollvernet.

– Me trur at det er uproblematisk når det gjeld storfekjøt og svinekjøt. Dersom me går over til prosenttoll på dette, vil det ikkje ha stor betydning i år, men det vil få mykje å seia på sikt for å sikra meir sjølvforsyning.

Grunnen til at han trur at prisane ikkje vil gå opp nemneverdig med det same, er at dei globale matvareprisane er uvanleg høge. Dermed er skiljet mellom norske og internasjonale prisar mindre enn normalt.

– Eg ventar brei politisk einigheit om å stramma til på toll for å sikra nasjonal produksjon og løfta jordbruket i heile landet. Spesielt no som mattryggleiken i verda er i ferd med å kollapsa. Då er det veldig farleg å gjera oss endå meir avhengig av import, seier Fylkesnes.

Pollestad nemnde blant anna riven ost og potet som døme på kva slags varer han kan tenka seg å stramma til tollvernet på.

Sjølv om SV no ser spesielt på kjøt av storfe og svin, er Fylkesnes open for å også vurdera andre varer, som potet, sau og lam.

Torgeir Knag Fylkesnes sit i næringskomiteen på Stortinget.

Vil vri støtta

Westgaard-Halle synest det er ein god idé med ein politikk som gjev bøndene betre løn. Men ho vil ikkje gjera det på Sp-måten.

– Me kan vri støtteordningane slik at bøndene tener meir på dei varene me vil dei skal dyrka, til dømes frukt og grønt eller korn. Det andre me kan gjera, er å ta i bruk teknologi som gjer landbruket meir effektivt og meir presist, seier ho.

– Om de vil vri støtta, kva vil de då vri bort frå?

– Då me var i regjering gjorde me det meir lønsamt med frukt, grønt og korn. Det meiner eg er ei riktig satsing, seier Westgaard-Halle som dermed ikkje eksplisitt seier kva som bør få mindre støtte.

Les også

Sp vil ha høgare mat-toll: – Det blir bråk!

Publisert:
Gå til e24.no

Her kan du lese mer om

  1. Geir Pollestad
  2. Toll
  3. Torgeir Knag Fylkesnes
  4. Lene Westgaard-Halle
  5. Landbruk

Flere artikler

  1. Sp vil ha høgare mat-toll: – Det blir bråk!

  2. SV trur hurtigspor for havvind kan gje 200 nye turbinar

  3. Tine vil stoppe støtta til konkurrentane: – Mangfald betyr noko

  4. Q-meieriene selde 8,3 millionar færre liter mjølk i fjor

  5. Betalt innhold

    Disse plogene skulle vært på et jorde i Ukraina