Skuffa over jordbruksavtalen: – Overtydar ikkje

Mens Bondelaget meiner ein snuoperasjon er i gang, er bondeopprørar Sven Martin Håland usikker på om jordbruksavtalen er god nok til å skapa optimisme i næringa.

Sven Martin Håland frå Figgjo var ein av fem bønder som i fjor fronta Bondeopprøret.
  • Kristine M. Stensland (Stavanger Aftenblad)
Publisert: Publisert:

– Dei begynner snuoperasjonen som me har etterspurt, seier Marit Epletveit, leiar av Rogaland Bondelag.

Snuoperasjonen er tettinga av det som er blitt kalla for eit inntektsgap mellom bøndene og gjennomsnittlege lønstakarar.

Kommentaren frå Epletveit kjem kort tid etter at mat- og jordbruksminister Sandra Borch har lagt fram resultata av årets jordbruksforhandlingar saman med leiarane av Bondelaget og Noregs Bonde- og Småbrukarlag.

I årets krav frå jordbruket skulle gapet bli tetta med 100.000 kroner per årsverk allereie i 2023. Staten svarte med eit tilbod på 30.000 kroner i inntektsløft per årsverk.

No har partane forhandla seg fram til ein avtale. Her er dei einige om å starta tettinga av inntektsgapet med 40.000 kroner per årsverk i 2023.

– Me hadde nok ønskt oss eit endå større jafs allereie i år. Men det går i rett retning seier Epletveit.

Les også

Enighet i jordbruksoppgjøret: – Vi har fått et nødvendig inntektsløft

Marit Epletveit er mjølkebonde og leiar av Rogaland bondelag.

Ventar på nye utrekningar

– Det er naturleg å stilla spørsmål ved om dette er nok til å skapa optimisme, seier Sven Martin Håland.

Figgjo-bonden var i fjor med på å starta grasrotopprøret «Bondeopprøret» som fekk stor merksemd.

– Totalsummen per årsverk i avtalen overtydar ikkje, seier Håland.

Ei kampsak for bondeopprørarane var at bøndene ikkje kjenner seg igjen i reknestykka som ligg til grunn for dei årlege forhandlingane med staten. Dette fekk dei gehør for, og det statlege Grytten-utvalet er no i gang med å vurdera korleis ein måler inntektene i jordbruket. Resultata deira skal bli lagt fram 1. juli. Dermed var altså årets forhandlingar basert på eit talgrunnlag som Håland i utgangspunktet er kritisk til.

– Det viktige er kor mykje av pengane bøndene faktisk sit att med og kan bruka i butikken. Det må me finrekna på. Prøvesteinen for oppgjeret blir dei som står framfor store investeringar. Blir dei overbeviste til å investera når dei reknar på inntekter og kostnadar? seier Håland.

Mens dei ventar på Grytten-utvalet sine tal, gjorde Bondeopprøret eigne utrekningar for å finna ut kor stor skilnaden er mellom inntektene til bøndene og gjennomsnittlege lønstakarar. Dei rekna seg fram til eit gap på 400.000 kroner.

– Bøndene har gjort opp status og fått andre forventningar. Me vil også tena pengar, seier Håland mens kviger i fjøset hans rautar i bakgrunnen.

10,9 milliardar

Staten og bondeorganisasjonane blei einige om kompensasjon av kostnadsauken bøndene har opplevd den siste tida. Prisar for til dømes kunstgjødsel har skote i vêret.

– Me er glade for at staten har forståing for den ekstreme kostnadsutviklinga, seier Epletveit.

Summen av dette er ein jordbruksavtale som aukar inntektsmoglegheitene for norske bønder med 10,9 milliardar kroner for 2022 og 2023. Ifølgje Bondelaget er dette 778 millionar kroner meir enn det staten fyrst tilbaud. Den største delen av rekordoppgjeret går til kostnadsdekning.

Avtalen består av både direkte tilskot frå staten og auke i målprisar, altså maksprisen bøndene kan få betalt for ein del jordbruksprodukt.

Mjølkebonden Epletveit er glad for at målprisen for mjølk blir sett opp. I dag får ho rundt 5 kroner per liter mjølk ho leverer.

– 36 øre i auka mjølkepris vil for min del bli 72.000 kroner. Det blei visst litt! seier Epletveit etter å ha trykt på kalkulatoren.

– No spørst det kor mykje auka kostnadar kjem til å slå ut, legg ho til.

Summane i oppgjeret er basert på såkalla referansebruk.

– Men ingen gard er eit heilt referansebruk. No kjem bønder til å setja seg ned og rekna for å finna ut korleis avtalen slår ut for deira del, seier Epletveit.

Publisert:
Gå til e24.no

Her kan du lese mer om

  1. Jordbruksoppgjøret
  2. Norges Bondelag
  3. Jordbruk

Flere artikler

  1. Bønder vurderer aksjonar i protest mot tilbodet frå staten

  2. Enighet i jordbruksoppgjøret: – Vi har fått et nødvendig inntektsløft

  3. Regjeringen tilbyr 10,15 milliarder til bøndene

  4. Rekordhøyt jordbrukskrav på 11,5 milliarder – hvorav 2,4 milliarder til ekstra kostnader i år

  5. Sp vil ha høgare mat-toll: – Det blir bråk!