Gir seg som konsernsjef i Fatland

Terje Wester vil konsentrera seg om Fatland Jæren. Der investere dei for å kunna konkurrera med italiensk spekemat.

Terje Wester skal konsentrera seg om Fatland Jæren.
  • Kristine M. Stensland (Stavanger Aftenblad)
Publisert: Publisert:

Terje Wester har vore konsernsjef i kjøtbedrifta Fatland sidan 2008. Denne stillinga har han kombinert med å vera dagleg leiar på Fatland Jæren på Hommersåk. No vil han seia frå seg stillinga som konsernsjef.

– Det er vel litt utypisk på Jæren å berre ha éin jobb, men eg tenkte å prøva det ei stund no, sjølv om det har gått fint å kombinera, seier han.

Då han starta som konsernsjef, var den samla omsettinga 1,99 milliardar kroner. I 2020 var dei oppe i 5,8 milliardar. Han vel leiarjobben på Jæren framfor konsernleiarstolen fordi han alltid har vore veldig glad i å vera tett på folk og det som skjer på anlegget.

– Me har over 1200 bønder knytt til anlegget på Hommersåk, seier han.

Slaktar Kristian Fatland og Terje Wester i eit rom der pinnekjøt heng til tørk hos Fatland Jæren.

Fatland Jæren er i ferd med å utvida anlegget for å satsa på spekemat med lite salt.

– Det blir det importert mykje av, men me trur me kan produsera slik spekemat like godt med norsk råstoff. Me bruker italiensk kompetanse og teknologi for å få det til.

Målet er å ha alt på plass til april.

– Det me gjer no, er ei investering på cirka 20 millionar kroner. Men me har også gjort ting tidlegare for å få dette til, så til saman er det ei investering på over 40 millionar kroner.

Wester fortalde i november at Fatland har selt meir kjøt etter at koronaen kom til Norge.

– Også i starten på 2021 har me ein betydeleg salsvekst samanlikna med same månad i fjor. Dette held seg nok til mars når me møter tala frå hamstringa i 2020. Når grensa til Sverige opnar, førebur me oss på at det vil koma ein nedgang, seier Wester.

Publisert:
Gå til e24.no

Her kan du lese mer om

  1. AftenbladetE24
  2. Jordbruk
  3. Kjøtt
  4. Fatland

Flere artikler

  1. Fatland-topp forlèt konsernet for å bygga opp nytt slakteri

  2. Betalt innhold

    Oljearbeiderens ekstreme jakt på perfekt biff

  3. Betalt innhold

    Med dette anlegget vil Q-meieriene stela fleire kundar frå Tine

  4. Betalt innhold

    Renaa om 2020-tala: – Ikkje så gale som frykta

  5. Betalt innhold

    Han kom til Norge før grensen stengte – for andre blir det verre