Q-meieriet: – Vedtaket kom som eit snøskred

Mjølkeforliket skulle redusera konfliktnivået mellom norske meieri. No hevdar Q-meieriene at vilkåra er brotne.

Bent Myrdahl og Kristine Aasheim i den nye delen av Q-meieriet på Jæren som snart er klart til opning.
  • Kristine M. Stensland (Stavanger Aftenblad)
Publisert: Publisert:

Samvirket Tine er den dominerande aktøren for norske meieriprodukt.

Sidan 1997 har styresmaktene jobba for å auka konkurransen i meierisektoren.

«Det var store utfordringer knyttet til å legge til rette for konkurranse i en sektor som var helt dominert av meierisamvirket», kan ein lesa i ei stortingsmelding frå 2016.

I 2007 blei det inngått eit mjølkeforlik. Hensikta var å gje aktørane stabile rammevilkår ved at dei konkurransefremmande tiltaka blei fastsette for fem år av gongen. Desse støtteordningane blir finansierte gjennom avgifter som meieria sjølve betaler inn. Dei er ein del av prisutjamningsordninga for mjølk.

Mjølkeforliket «tok konfliktnivået kraftig ned», står det i stortingsmeldinga. Men heilt fred er det ikkje.

Sender klage

Den 5. oktober fekk Q-meieriene vita at dei ikkje lenger kjem til å få distribusjonstilskot, som er eitt av dei konkurransefremmande tiltaka. Grunngjevinga frå Landbruksdirektoratet er at Q-meieriene ikkje lenger har vesentleg høgare distribusjonskostnadar enn Tine.

Ifølgje Q-meieriene utgjer dette tilskotet 50 millionar kroner i året for deira del.

Q-meieriene har allereie kritisert vedtaket om kutt i støtta i sterke ordelag, blant anna hos E24.

Les også

Q-meieriene frykter for eksistensen etter tilskuddskutt: – Tine prøver å skvise oss ut

Den 9. november sender dei inn ein klage på vedtaket. Dei hevdar blant anna at vedtaket er i strid med mjølkeforliket fordi Landbruksdirektoratet her har sett på eitt av tiltaka isolert.

– Me har basert oss på ei heilskapleg evaluering kvart femte år. Det er dette me gjer investeringane våre på bakgrunn av, seier Kristine Aasheim, styreleiar i Q-meieriene.

Q-meieriene står midt i sluttspurten for utvidinga av meieriet på Jæren som kostar dei 850 millionar kroner.

– Me må tola å bli evaluerte, men det må vera føreseieleg. Dette vedtaket kom som eit snøskred, seier dagleg leiar Bent Myrdahl.

I 2020 bidrog Q-meieriene med 78 millionar kroner meir til prisutjamningsordninga i form av avgifter enn dei sjølve fekk tilbake i støtte, ifølgje deira eige årsrekneskap.

Les på E24+

Med dette anlegget vil Q-meieriene stela fleire kundar frå Tine

Landbruksdirektoratet er gjort kjent med kritikken frå Q-meieriene.

–Ja, det er rett at me berre har vurdert det særskilde distribusjonstilskotet, konstaterer Robert Rønning, kommunikasjonsdirektør i direktoratet.

Han viser til at dei har eit forvaltningsansvar for ordninga som inneber at dei skal sjekka at vilkåra for utbetalingane er oppfylte. Vidare fortel han at saka blei grundig greidd ut i fjor, og at Q-meieriene i februar fekk eit førehandsvarsel om at direktoratet ville vurdera grunnlaget for tilskotet.

Kjenner seg motarbeidde

Frå tidlegare er det kjent at Tine vil arbeida aktivt for å avvikla dei konkurransepolitiske tilskota som dei meiner at har utspelt si rolle, noko Q-meieriene også har kritisert.

Men det er ikkje berre den store konkurrenten Q-meieriene kjenner seg motarbeidd av.

Aasheim hevdar at både Noregs Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag har vore aktive i prosessen som har ført til at Q-meieriene no mistar tilskotet.

I eit brev som blei sendt til landbruks- og matdepartementet i februar 2020, ber organisasjonane departementet om å vurdera behovet for konkurransepolitiske verkemiddel. I juni 2020 sender dei eit nytt brev der dei ber departementet vurdera å avvikla distribusjonstilskotet, eller redusera den øvre ramma.

Bondelaget: – Situasjonen er endra

Bondelaget er bekymra for konkurranseevna til norske produkt i møte med importerte varer. Dei ønsker derfor å bruka pengane som i dag går til konkurransetiltak, annleis.

– Slik kan pengane sikra prisutjamningsordninga som eit verktøy for landbruk og mjølkeproduksjon over heile landet, seier leiar Bjørn Gimming til Aftenbladet/E24 etter å ha lese kritikken frå Q-meieriene.

Bondelaget meiner at dei ikkje kan vera automatikk i at konkurransetiltaka blir vidareførte.

– Særleg for distribusjonstilskotet har situasjonen endra seg mykje sidan tiltaket blei innført. Q-meieriene får distribuert produkta sine av tre daglegvarekjeder som har effektivisert distribusjonskostnadane, seier Gimming.

Norsk Bonde- og Småbrukarlag stiller seg bak kommentarane frå Gimming.

At situasjonen har endra seg vesentleg, er Q-meieriene ikkje einige med han i.

– Den geografiske ulempa som Q-meieriene har, med to meieri som ligg langt frå marknadane, har ikkje endra seg, seier Myrdahl.

Aasheim viser til at dei konkurransepolitiske tilskota berre utgjer 13 prosent av totalen. Derfor meiner ho at ein bør sjå på heile prisutjamningsordninga under eitt om ein ønsker lågare priser i butikkane.

– Kvifor kan me ikkje gjera dette heilskapleg etter ein transparent prosess der alle får delta? avsluttar Aasheim.

Les også

Tine vil kutte konkurrentenes støtteordninger: – Lite seriøst

Les også

Q-meieriene frykter for eksistensen etter tilskuddskutt: – Tine prøver å skvise oss ut

Publisert:
Gå til e24.no

Her kan du lese mer om

  1. Meieri
  2. Q-Meieriene AS
  3. Landbruksdirektoratet

Flere artikler

  1. Høgre fryktar for valfridomen i butikkhyllene etter Q-kutt

  2. Q-meieriene frykter for eksistensen etter tilskuddskutt: – Tine prøver å skvise oss ut

  3. Betalt innhold

    Bøndene slit med uvanleg høge utgifter. Men maten vår blir ikkje brått dyrare av den grunn

  4. Betalt innhold

    Tiltale mot Lundin: - Fellande dom bør få konsekvensar for Oljefondet

  5. Tine-ansatte med én sykedag mister over 3.000 kroner i bonus