Fatland-topp forlèt konsernet for å bygga opp nytt slakteri

300 millionar kroner skal investerast når Jæder, Grilstad og lokale bønder går saman for å fylla tomrommet etter Nortura i Gudbrandsdalen.

Terje Wester blei konsernsjef i Fatland i 2008.
  • Kristine M. Stensland (Stavanger Aftenblad)
Publisert: Publisert:

I januar blei det kjent at Terje Wester skulle gå av som konsernsjef i Fatland, som i 2020 omsette for 5,8 milliardar kroner.

Han skulle halda fram som dagleg leiar på slakteriet deira på Jæren.

Men 1. januar 2022 går Wester heilt ut av Fatland-konsernet, etter 35 år i deira teneste. Då begynner han i jobben som dagleg leiar ved eit slakteri som endå ikkje er bygd, nemleg Gudbrandsdal slakteri.

– Hovudgrunnen til at eg tar jobben, er at prosjektet er heilt spesielt, seier Wester.

Han fortel at gamle Oppland fylke, der Gudbrandsdalen ligg, var det nest største husdyrfylket i Norge, berre slått av Rogaland.

– Etter at Nortura la ned slakteriet i Gudbrandsdalen i fjor sommar, har næraste slakteri vore to-tre timar unna. Det har vore eit press for å få på plass eit nytt slakteri, seier Wester.

Det nye slakteriet er eit samarbeid mellom kjøtforedlingsbedrifta Jæder som held til i Gjesdal i Rogaland, Grilstad og lokale bønder i Nord-Gudbrandsdal.

– Då Nortura fatta nedleggingsvedtak i 2019, ringde eg ordføraren i Sel som signaliserte at dei såg etter alternativ. Også Jæder kontakta kommunen. Fatland og Jæder jobba i fellesskap med prosjektet ganske lenge. Men Fatland-styret valte å ikkje vera med vidare, seier Wester, og legg til at Grilstad som kom inn i staden for Fatland, utfyller Jæder godt.

Dei fire kommunane Sel, Våga, Nord-Fron og Lom er alle medeigarar i eigedomsselskapet som skal eiga og leiga ut lokalet til slakteriet. Tomta ligg i Sel.

Til saman investerer samarbeidspartnarane i alt 300 millionar kroner i å bygga og driva slakteriet. Her skal det vera både slakting, skjering og foredling av storfe og småfe.

Publisert:
Gå til e24.no

Her kan du lese mer om

  1. Næringsliv
  2. Kjøtt
  3. Fatland
  4. Grilstad
  5. Jæder
  6. AftenbladetE24

Flere artikler

  1. Betalt innhold

    Høge prisar på kraftfôr og kunstgjødsel betyr ingenting for denne bonden

  2. Kan gulrotplukking bli ein draumeferie? Ja, meiner desse

  3. Betalt innhold

    Trass konkurskrav har Miris framleis tru på datatårnet på Bryne

  4. Nortura vil kutte 126,5 millioner på skjæring av gris

  5. 147 ansatte i Nortura mister jobben: – Nedslående