Mistanke om nytt tilfelle av fugleinfluensa: – Kjem ikkje til å merkast i butikkane endå

Mattilsynet har auka bemanninga og jaktar etter smittekjelda til det som truleg er to tilfelle av fugleinfluensa blant verpehøns på Jæren.

Tone Steinsland i Norsk fjørfelag fortel at stemninga i næringa no er spent.
Publisert:

Førre veke blei fugleinfluensa for fyrste gong oppdaga i eit kommersielt fjørfehald i Noreg. Sjukdommen er svært dødeleg for fjørfe, og han er derfor frykta av næringa.

Tysdag melder NRK om eit nytt tilfelle. Denne gongen hos ein nabo til garden der smitta fyrst dukka opp i Klepp kommune på Jæren. Også her er det snakk om 7.500 verpehøns.

– Me fekk meldt inn ein mistanke i dag tidleg, seier Lise Petterson, regionsjef for Mattilsynet i region sør og vest til Aftenbladet/E24.

Mattilsynet tar prøver som vil bli sende til analyse hos Veterinærinstituttet. Endeleg resultat vil koma om nokon dagar.

Petterson karakteriserer mistanken om fugleinfluensa som sterk.

Rogaland er eit viktig område for norsk fjørfenæring. Ein finn 30 prosent av norske høner og kyllingar i fylket.

Kjenner ikkje smittekjelda

– Me handlar som om det er snakk om fugleinfluensa. Besetninga er bandlagt, og bonden vil i dag få eit vedtak frå oss om å avliva, destruera og sanera, seier Petterson.

Hønsehuset er i det som allereie blei definert som risikosone. Petterson fortel at det ikkje vil bli innført nye restriksjonar, men at dei kan koma til å justera radiusen for risikosona.

– Kva fortel det dykk at dei to tilfella ligg så tett?

– Me held på med smittesporing. Det er kjent at det er smitte blant villfuglar i området. Men me kjenner ikkje til kvar smitten kjem frå per no, seier Petterson.

Fjørfebøndene i risikosona lever med strenge restriksjonar. Det er blant anna forbode å transportera fjørfe og egg ut frå sona. Men dei kan søka om unntak frå forboda, og Mattilsynet behandlar søknadar fortløpande.

– Me har auka bemanninga etter det fyrste smitteutbrotet, seier Petterson.

Les på E24+

I risikosona for fugleinfluensa: Gassa 35.000 slakteklare kyllingar

Den rosa sirkelen markerer risikosona, og den blå er observasjonssona.

Vil truleg ikkje merkast i butikken

– Tilfellet sist veke var alvorleg nok. Me fryktar at smitta skal spreia seg vidare, seier Tone Steinsland, nestleiar i Norsk Fjørfelag.

Steinsland trur framleis ikkje at forbrukarar treng å vera bekymra for at utbrotet vil merkast i butikkhyllene.

– Om nokon få produsentar blir sette ut av spel, så ser ein det ikkje i butikkane med det same, seier ho.

Ho meiner me bør setja pris på at fjørfenæringa i Noreg er organisert i relativt små einingar. I kvart av tilfella som no er oppdaga, er det snakk om 7500 verpehøns.

– Då det var utbrot i Sverige i fjor, blei det tatt ut 1,7 millionar høns hos éin produsent.

Fjørfelaget er ein del av beredskapsgruppa til Mattilsynet, og Steinsland er kalla inn til møte tysdag ettermiddag. Her er også Folkehelseinstituttet med, og Steinsland er glad for at dei vurderer risikoen for smitte til menneske som låg.

Dersom Mattilsynet fattar vedtak om destruksjon av fjørfe, skal bøndene få kompensasjon frå staten.

– Det er for tidleg å seia kva dei får i støtte, men Landbruksdirektoratet har jobba med dette gjennom helga, seier Steinsland.

Publisert:

Her kan du lese mer om