«Rykande ueinig» i dom, men ankar ikkje

Q-meieriene vil bruka tida si på anna enn ei ny rettssak om millionkravet frå staten.

Kristine Aasheim fortel at Q-meieriene har tvilt seg fram til avgjerda om å ikkje anka dommen.
  • Kristine M. Stensland (Stavanger Aftenblad)
Publisert:

I fjor fekk Q-meieriene eit krav frå staten på 11 millionar kroner. Q-meieriene betalte, men gjekk så til sak mot staten fordi dei meinte kravet var forelda. I april tapte Q-meieriene då saka var oppe i Oslo tingrett.

No har selskapet bestemte seg for å ikkje anka avgjerda.

– Me er rykande ueinige i dommen, skriv Kristine Aasheim, administrerande direktør hos Kavli Norge som eig Q-meieriene, i ein e-post til Aftenbladet/E24.

Bakgrunnen for million-kravet frå staten var at Q-meieriene fram til 2016 fekk utbetalt eit tilskot for distribusjon av smakstilsette mjølke- og jogurtprodukt. I 2017 kom Oslo tingrett fram til at denne støtta var i strid med EØS-avtalen. Staten kravde derfor å få tilbake den delen av tilskotet som var utbetalt sidan 2010.

– Domstolen tok ikkje stilling til det eigentlege spørsmålet, nemleg om kravet var forelda, hevdar Aasheim.

Då retten frifann staten, brukte dei blant anna følgjande argument: «Selv om departementet måtte ha tatt feil i foreldelsesspørsmålet, blir ikke Vedtaket mer ugyldig av den grunn når rettsfølgen av foreldelse ikke er ugyldigheit».

Den allmenne fristen for forelding er ifølgje lova tre år. Aasheim meiner at dette også bør gjelda for tilbakebetaling av tilskot som blei tildelt og motteke i god tru. Støtta har ifølgje Aasheim vore avgjerande for prisinga av produkta i perioden.

Når dei likevel vel å ikkje anka, er det med fordi det vil vera ressurskrevjande.

– Enkelt sagt, så blir det mindre innovasjon om me skal bruka dagane våre i rettssalen.

Q-meieriene held på med utviding av meieriet sitt på Jæren. I februar var planen å vera ferdige til 31. mars, men pandemien har ført til forseinkingar. No håper dei på å kunna produsera noko frå det nye anlegget i løpet av august, og så vil dei bruka nokon månadar på innkøyring.

Les på E24+

Med dette anlegget vil Q-meieriene stela fleire kundar frå Tine

Publisert:
Gå til e24.no

Her kan du lese mer om

  1. Kavli
  2. Q-Meieriene AS
  3. AftenbladetE24

Flere artikler

  1. Q-meieriene tapte mot staten i retten

  2. Betalt innhold

    Hildegunn elskar garden sin. No er han til sals

  3. Pareto Securities dømt til å betale millionerstatning til britisk bank

  4. Bonderebellar ber om forhandlingsbrot: – Eg er lei meg

  5. Bøndenes grasrotopprør har fått over 10.000 underskrifter