Bøndenes grasrotopprør har fått over 10.000 underskrifter

– Alarmerande, seier ein erfaren rekneskapsførar om kva han frå høyra frå bønder i eit av landets viktigaste jordbruksområde.

Sven Martin Håland har lenge vore frustrert. Då han fekk høyra om bønder andre stadar i landet som stilte dei same spørsmåla, fann han ut at det var lurt å samla kreftene.

Jon Ingemundsen
  • Kristine M. Stensland (Stavanger Aftenblad)
Publisert: Publisert:

Figgjo, Lesja, Namsos, Helgøya, Skiptvet. På desse fem stadane, som er godt spreidde utover norgeskartet, sit fem bønder som bestemte seg for å gå saman og mana til bondeopprør.

– Det har gått med mykje tid, men det er verdt det, seier Sven Martin Håland frå Figgjo, som er ein av dei fem.

Underskriftskampanjen deira #bondeopprør har frå 15. april fram til morgonen den 22. april fått inn over 11.000 underskrifter. Han er så langt årets mest populære kampanje på opprop.net.

«Vi krever at den norske bonden skal ha en økonomi som gjør oss i stand til å produsere trygg norsk mat nå og i framtiden. Slik er det ikke nå», står det skrive med caps lock i oppropet.

Tidspunktet for lanseringa av opprøret er ikkje tilfeldig, for årets jordbruksoppgjer står snart for døra. Den 27. april legg jordbruket fram krava sine, og 4. mai kjem staten med tilbodet sitt. Men bøndene håper også på å kunna påverka stortingsvalet til hausten.

Bank: – Bøndene ofrar alt

– I møte med bønder er spørsmålet som regel om dei får det til å gå rundt, ikkje om det lønner seg. Bøndene legg ikkje inn timebetaling til seg sjølv. Dei fokuserer på å betala gjeld og ha litt til mat i skuffa, seier Morten Malmin som er banksjef for landbruk i Sparebank 1 SR-Bank.

Ifølgje tala til banken har gjelda blant bønder auka kraftig i åra mellom 2010 og 2020.

– Snittgjelda per landbrukskunde auka med 160 prosent, frå 1,3 millionar kroner til 3,1 millionar. Og då reknar ein også med alle dei som ikkje har gjort investeringar. No har me over 100 kundar med over 10 millionar i gjeld. Når ein har kome over 10 millionar kroner, då har ein ikkje lenger noko val om å slutta om ein ikkje vil selja eigedommen.

Malmin understrekar at banken ikkje vil koma med politiske konklusjonar. Men han skildrar gjerne korleis han oppfattar den finansielle tilstanden i næringa gjennom kundekontakt med bønder frå Grimstad i sør til Bergen i nord.

– Dei brenn for faget. Dette veg tyngre enn økonomien, seier Malmin.

– Me bønder har høg trivsel og eit meiningsfullt yrke. Kanskje me må tenka meir som økonomar og legga vekk ideologien som ingen vil betala for? Skulle eg ha tenkt som ein gjer i det vanlege næringslivet, hadde eg slutta, seier Håland.

Malmin fortel at alt bonden kan stilla opp med, inkludert løna til ein eventuell ektefelle med arbeid utanfor garden, er ein del av grunnlaget når banken skal bestemma seg for å om dei kan støtta ei investering.

– Dei hiv alt i potten. Dei ofrar alt, seier Malmin.

Mens gründarar flest blir råda til å skaffa seg eit AS så fort som råd for å unngå den store risikoen det inneber å operera som enkeltmannsføretak (går ein konkurs, kan hus og heim ryka, osv.), er det for bøndene stikk motsett. Malmin forklarer at det blant anna kjem av at berre personar, ikkje selskap, kan eiga og driva ein landbrukseigedom i Norge.

– Investeringsbehovet i landbruket er stort. Mange vil bygga vidare, men mange tel på knappane for å koma fram til om dei vil setja seg i meir gjeld, seier Malmin.

Morten Malmin i Sparebank 1 SR-Bank besøker garden til Sven Martin Håland på Figgjo. Håland representerer den sjette generasjonen med bønder på garden som produserer 330.000 liter mjølk i året.

Jon Ingemundsen

Deprimerande timeliste

Rekneskapsførar Per Herikstad i Hå rekneskapslag har 20 års erfaring med landbrukskundar.

– Ein mjølkebonde førte timeliste det fyrste året han dreiv. Då han på hausten passerte 4000 arbeidstimar, slutta han å føra opp fordi det var for deprimerande, fortel Herikstad.

3500 til 4000 arbeidstimar i året og eit overskot på rundt 400.000 kroner etter at rentene på lånet er betalt, er heilt vanleg ifølgje den erfarne rekneskapsføraren. Til samanlikning er eit vanleg årsverk utanfor jordbruket omtrent 1750 timar.

– Eg snakka nyleg med ein bonde som fortalde at han hadde hatt ein roleg søndag der han ikkje arbeidde meir enn åtte timar, seier Herikstad for å illustrera poenget.

Tidleg i karrieren hende det ofte at han såg bønder høgt oppe på dei lokale skattelistene. Det er blitt sjeldan kost, og skulle han likevel sjå ein bonde der, er det som regel fordi vedkomande har selt gard eller jord.

– No seier fleire bønder at dei ikkje vil anbefala dette for ungane sine. Det er for meg veldig alarmerande.

Når det er sagt, så ser han at det er bønder som «har det heilt greitt» også.

– Men den tredjedelen av bøndene som tener minst, kjemper med ryggen mot veggen. Og for desse skal det mykje til for at dei skal klara å koma seg oppover.

I årets Landbruksbaromter frå Agri Analyse har 1121 bønder svart på spørsmål om korleis lønnsemda på garden er. 44 prosent meiner lønsemda på garden er ganske dårleg. 13 prosent tar i bruk karakteristikken «veldig dårleg». Bønder som driv med storfeproduksjon og sauehald skil seg negativt ut. 59 og 49 prosent av desse fortel om ganske dårleg lønnsemd.

Vil ikkje «jobba dugnad»

– Me bønder vil ikkje halda på med dugnadsarbeid meir. Me har ein jobb med høg risiko og døgnvakt året rundt. Det gjer me for 50 til 100 kroner timen, seier Håland, som hevdar at han betaler den litauiske medhjelparen sin meir i timeløn enn han kan ta ut til seg sjølv.

Ifølgje Statistisk sentralbyrå hadde ein gjennomsnittleg norsk gardbrukar ei næringsinntekt på 201.300 kroner frå garden sin i 2019, ein nedgang på 15,9 prosent sidan 2014. I tillegg hadde desse ei gjennomsnittleg inntekt på 298.800 kroner frå arbeid utanfor jordbruksbedrifta. Merk at desse tala gjeld enkeltpersonen, så om ein ektefelle også har inntekt frå garden, vil dei samla inntektene frå garden vera større.

At bønder tener lite, er ingen ny påstand i den offentlege debatten. Kvifor ventar opprørarane å bli høyrde denne gongen?

– Det er ikkje tomme truslar. Det er mange som ikkje vil investera meir. Og mange seier at dei vil slutta. Det er eit val det norske folk må ta. Eit landbruk kostar pengar, seier Håland.

Politikarar har fått med seg at opprøret finst.

– Vil statsråden ta bondeopprøret på alvor? spurte Sp-politikar Geir Pollestad då han onsdag stod på talarstolen på Stortinget.

– Eg skjønnar utolmodigheita, og eg forstår engasjementet hos bøndene, svarte landbruksminister Olaug V. Bollestad frå KrF, og lova å ta kravet som landbruksorganisasjonane kjem til å legga fram til årets forhandlingar, på alvor.

Sven Martin Håland sat kvelden før oppe til midnatt for å svara på ein leiarartikkel frå Finansavisens Trygve Hegnar. Å leia eit grasrotopprør, tar tid og krefter i ein allereie travel kvardag som bonde.

Jon Ingemundsen

Bondelagsleiar: – Grasrota gjer opprør

Håland meiner også bøndene sjølve må ta ein del av ansvaret for at situasjonen er blitt slik.

– Det er pinleg at me har gått med på det så lenge. Bondelaget har sjølv skrive under på avtalane med staten. Vågar dei godta ein slik avtale med staten igjen?

Ein del av bakgrunnen for kritikken mot Bondelaget er at opprørsbøndene er ueinige med tala partane legg til grunn for jordbruksforhandlingane. Kort samanfatta så meiner dei at fleire faktorar må med for at dei som forhandlar, skal ha ei god nok forståing av den økonomiske situasjonen.

Sjølv om opprørarane er kritiske til Bondelaget, er det ikkje Håland sitt ønske å bryta med organisasjonen. Som talsperson for 13 lokale bondelag på Jæren, meiner han bøndene gjer klokast i å bli verande for å jobba samla.

– Grasrota gjer opprør og er frustrerte over låge inntekter. Dette er det absolutt verdt å ta innover seg, seier Marit Epletveit, leiar i Rogaland Bondelag.

Ho håper at staten vil lytta når dei kjem med årets tilbod med inntektsmoglegheiter for bøndene.

– Staten har sagt at me er samfunnskritiske. Det er heilt reelt at bønder begynner å rekna og vurderer om dei skal slutta. Gjer dei det, har ikkje landet den forsikringa me treng neste gong det kjem ei krise.

Epletveit svarer følgjande på kritikken frå Håland:

– Dagens utfordringar er ei blanding av signerte avtalar og tilbod frå staten der me har brote, men der tilbodet er vedtatt i Stortinget.

Når det gjeld talgrunnlaget, viser ho til at problematikken er løfta inn som sak til årsmøtet Norges Bondelag skal ha i juni. Dette har fleire fylkeslag, blant anna Rogaland, tatt initiativ til.

– Så her er det ein pågåande prosess som blir løfta i heile organisasjonen.

Marit Epletveit meiner økonomien i næringa har vore veldig krevjande dei siste åra.

Carina Johansen
Publisert:

Her kan du lese mer om

  1. AftenbladetE24
  2. Landbruk
  3. Jordbruk
  4. Norges Bondelag
  5. Jordbruksoppgjøret

Flere artikler