Borch meiner straumkrisa i drivhusa må få konsekvensar på kassalappen

Landbruksministeren meiner høgare prisar på norske grønsaker er heilt nødvendig når straumprisen går opp. Coop fryktar kundane heller vil velja importerte varer.

Kåre Wiig, Frode Ringsevjen og Eirik Sunde i eit av dei tomme drivhusa på hos Wiig gartneri.
Publisert: Publisert:

– Eg forstår veldig godt at auka kostnadar på straum er krevjande for jordbruket. Det kan vera vanskeleg å ta ut kostnadsauke i marknaden, men over tid vil det vera heilt nødvendig, skriv landbruks- og matminister Sandra Borch (Sp) på e-post.

Aftenbladet/E24 har kontakta ho etter at det sist veke blei kjent at Wiig gartneri avslutta årets vinterproduksjon som følgjer av dei høge energiprisane.

Borch har tidlegare vist til at straum vil bli tema under jordbruksforhandlingane til våren.

Kåre Wiig, som tidlegare dreiv Wiig gartneri og som no sit i styret, synest ikkje dette er godt nok, og bad styresmaktene koma på banen. Han hevda at næringa ikkje kan overleva med dagens straumprisar.

Men Borch kjem ikkje med nokon nye lovnader. Ho viser i staden til at to tredjedelar av inntektene til jordbruket kjem frå marknaden.

– Auka straumprisar treff ulikt i verdikjeda, og det skal ikkje berre vera bonden som tar denne rekninga. I den situasjonen me står i no, forventar eg at daglegvarekjedene er med og tar ansvar. Auka kostnadar i produksjonen må kunna bli spegla i innteninga og prisar gjennom heile verdikjeda. Slik er det i alle marknadar, og det må det også vera her, skriv Borch til Aftenbladet/E24.

Sandra Borch overtok som landbruks- og matminister i haust.
Les på E24+

Energirekninga auka med ti millionar kroner

Forbundet ber om krisepakke

– Det er mange som reduserer produksjonen sin, både når det gjeld blomar og grønsaker, fortel Katrine Røed Meberg, generalsekretær i Norsk Gartnerforbund.

Forbundet har bede om ei krisepakke slik at bedriftene kan klara seg gjennom vinteren. Dei har rekna seg fram til at kostnadane i vinter blir tre gongar over det dei var i 2019. I 2020 var straumprisane uvanleg låge.

– Me ser det som sjølvsagt at handelen tar noko av meirkostnadane, og har oppfordra til ein dugnad for å fordela kostnadstrykket. Inntrykket er at mange ønsker norske varer, men at moglegheitsrommet for auka prisar til gartnarane er svært avgrensa. Produkta er svært sensitive for pris, og me blir rakst møtt med import som alternativ, skriv Meberg.

Bondelaget og Småbrukarlaget har samla bede ei særskilt kompensasjonsordning for veksthusnæringa.

Coop: – Nødvendig kompensasjon

– Dei ekstraordinære straumprisane råkar heile samfunnet, både næringslivet og hushalda. Hovudansvaret til Coop i denne samanheng er å sikra medeigarane og kundane våre føreseieleg tilgang til sunne varer til gode prisar, skriv Ingvill Størksen, direktør for politikk, i Coop.

Ho fryktar at høge prisar kan føra til at kundane vel bort norsk agurk og tomat til fordel for importerte grønsaker eller mindre sunne varer.

– Produsentane og leverandørane våre er avhengige av føreseielege rammevilkår. Det er både naturleg og naudsynt at det snarast blir etablert ei kompensasjonsordning for denne viktige delen av landbruket, på same måte som for hushalda, hevdar Størksen.

Allereie meir import

– Veksthusprodusentane har det svært krevjande. Me har akseptert høgare prisar på tomat, agurk, crispi og urter, seier Pia Guldbrandsen, kommunikasjonsdirektør i Bama.

Ho understrekar at det er daglegvarekjedene som i siste instans bestemmer kva prisane blir i butikken.

– Me er i dialog med produsentane med tanke på ytterlegare kompensasjon for auken i energiprisar.

Bama har allereie erfart at det blir produsert mindre norsk agurk og crispi-salat i år enn venta.

– Då må me supplera med noko meir import for å dekka etterspørselen. Det er ein situasjon me ikkje ønsker, seier ho.

Konkurransen avgjer

Bård Gultvedt, direktør for næringspolitikk hos Norgesgruppen, fortel at dei er midt dei i ordinære årsforhandlingane med leverandørane.

– Dersom leverandørane dokumenterer kostnadsauke, så blir dette tatt omsyn til i forhandlingane, seier han.

Han trur at forbrukarane til ein viss grad kan ha forståing for at det er nødvendig å auka prisane på grunn av auka produksjonskostnadar.

– Men til sjuande og sist er det konkurransesituasjonen på det aktuelle produktet som bestemmer utsalsprisen, uavhengig av innkjøpsprisen.

Håper på energitiltak

– Noko høgare pris må forbrukarane venta seg. Men det er veldig konkurranse mellom butikkjedene, og alle vil vera billigast, seier Kåre Wiig.

På Wiig gartneri er dei allereie godt i gang med å investera i energisparande løysingar, og gassen er dei i ferd med å fasa ut. Energirekninga deira, altså rekninga for både straum og gass, blei til saman 12 millionar kroner dyrare i år enn dei hadde venta.

– Med desse pengane kunne me ha investert veldig mykje i solceller og biovarmeanlegg, seier produksjonsleiar Frode Ringsevjen.

Han og Wiig håper at politikarane vil sørgja for at delar av ekstrainntektene staten får som følgjer av dei høge energiprisane vil gå tilbake til industri og landbruk i form av støtte til energieffektivisering.

Det endå større Miljøgartneriet, der Kåre Wiig er sjef, held foreløpig fram med vinterproduksjonen, men også dei vurderer no om det lønner seg å halda fram. Miljøgartneriet får fjernvarme frå nabolaget, men energikostnadane har likevel auka med ti millionar kroner.

Ringsevjen og Wiig understrekar at dei allereie har begynt å så til vårproduksjonen, så det er ikkje berre vinterproduksjonen som er avhengig av dagens energiprisar.

Publisert: