Kritiserer handelsregel: – Skremmande at dei vil knebla utviklinga

Margrete Dysjaland (Frp) gjev full støtte til jærbuar som ønsker fleire store handelsaktørar utanfor sentrum.

Margrete Dysjaland, gruppeleiar i Rogaland Frp, meiner det bør vera opp til kommunane å bestemma kvar dei ønsker å ha handel.

Jarle Aasland
  • Kristine M. Stensland (Stavanger Aftenblad)
Publisert:

– Når næringslivet og lokalpolitikarane seier ja, er det skremmande at regionalplansjefen ønskjer å knebla utviklinga, seier Margrete Dysjaland, gruppeleiar i Rogaland Frp.

Dette er reaksjonen hennar etter at ho har lese om planane eigedomsutviklarane i Planum har for handel på næringsområdet Håland på Bryne.

Planum hevdar at store kjeder ønskjer å etablera seg der. Med dette utfordrar dei hovudregelen for etablering av handel i regionalplanen. Ifølgje denne regelen er nyetablering eller utviding av eksisterande varehandelsverksemd nemleg berre tillate i sentrumsområde.

Stoler på næringslivet

Time kommune har både i eigen kommuneplan og høyringssvar til regionalplanen, ønskt å opna for store butikkar på Håland. Kommunen meiner at Håland bør kunna bli for Sør-Jæren det Forus er for Nord-Jæren.

Regionalplansjef Christine Haver forsvarer dei gjeldande reglane. «Vårt håp er at ein i større grad kan sjå Bryne sentrum som ei mogleg lokalisering. Opnar me opp for nyetableringar på Håland, viser statistikken at handelen flyttar dit, ikkje at det bli etablert ny handel», sa Haver til Aftenbladet.

– At fylkeskommunen i svært mange samanhengar har sterke føringar for korleis utviklinga skal skje, er til stort hinder for både dei som ønsker å starta næring, og for forbrukarane. I dette tilfellet er alternativet at biltrafikken til Forus held fram, seier Dysjaland.

– Om ikkje fylkeskommunen kan legga føringar, kan ein ikkje då enda opp med at kvar einaste kommune vil ha handelsområde utanfor sentrum, som så utkonkurrerer kvarandre?

– Det trur eg ikkje kjem til å skje. Kommunar møtast for å sikra at planane deira ikkje overgår kvarandre. Dessutan har nok dei næringsdrivande sjølve gjort ei nøye vurdering før dei finn ein stad dei vil etablera seg. Me må ha tillit til dei næringsdrivande. Det er dei som ber den økonomiske risikoen. Det er heilt unødvendig med regionale planar i regi av fylkeskommunen, seier Dysjaland.

– Regionalplansjefen fryktar at konkurransen vil bli for tøff for butikkar i sentrum. Meiner du frykta er ugrunna?

– Ja. Slike handelsmagnetar som Planum vil ha, bidreg til å tiltrekka seg kundar frå eit større område, og det gjev også positive synergiar for sentrumshandelen. Dei som etablerer seg på Håland, er ikkje dei nisjebutikkane som vil halda til i sentrum.

Noko av bakgrunnen for at ein regionalt ønskjer å halda handel i sentrum, er eit ønske om redusert bilbruk.

– På eitt eller anna tidspunkt må ein ta innover seg at bilen er komen for å bli. Folk gjer ikkje storhandel med buss eller tog, seier Dysjaland.

Alexander Rügert-Raustein i MDG meiner det er behov for regionale retningslinjer for å styra utviklinga.

Fredrik Refvem

Satsar på sentrum

– Me har nyleg vedteke at me ønsker nullvekst for biltrafikk, seier Alexander Rügert-Raustein som representerer Miljøpartiet Dei Grøne på fylkestinget.

Dette nasjonale målet er ei av årsakene til at han støttar regelen om at handel skal bli etablert i sentrum.

– Eg ser dei argumenterer med at «ein ikkje kan stoppa utviklinga». Men dette er ikkje ei utvikling me ønskjer. Det er politikken si oppgåve å sjå kva slags samfunn ein ønskjer seg framover i tid.

– Om ein treng varer det er vanskeleg å få plass til i eit lokale sentrum, er eitt av alternativa til folk på Sør-Jæren å køyra til Forus. Hadde det ikkje vore ønskeleg for MDG og få ned trafikken på E39?

– Kor mange gongar i livet har ein behov for å kjøpa ei ny seng, for eksempel? Er det då betre å køyra to mil til Forus dei få gongane ein treng slike varer, eller skal ein utfordra sentrum med å etablera meir handel i utkanten av Bryne? spør Rügert-Raustein.

– Om fylket seier nei, risikerer ein at dei store aktørane og arbeidsplassane dei representerer, ikkje kjem til området. Er det ein pris det er villige til å betala?

– Ja. Som Haver peiker på, kan det gå ut over arbeidsplassar sentrum. Det kunne fort ha blitt eit nullsumspel når det gjeld arbeidsplassar, i tillegg til at ein ville ha fått meir køyring.

Her kan du lese mer om

  1. Handel
  2. Margrete Dysjaland
  3. Forus
  4. Jæren
  5. Time kommune
  6. Utvikling
  7. Bryne
mail
E24

Start dagen med

Morgengryn Logo

Hold deg oppdatert på de viktigste nyhetene, de siste nøkkeltallene, og dagens kalender. Tilbudet er gratis.

Flere artikler

  1. Hevdar store kjeder vil hit: – Må endra dei konservative handelsreglane

  2. Vil vurdera innstramming av jordvernmål

  3. Matfylket Rogaland er dårlegast i landet på jordvern

  4. Annonsørinnhold

  5. Betalt innhold

    Jordvernar trur nye E39 kan gje vinn-vinn-situasjon

  6. Nortura-tillitsvald fryktar at 450 jobbar er i fare i Rogaland