Straumprisar blir tema i jordbruksforhandlingane

Høge straumprisar rammar delar av norsk jordbruk hardt. Landbruksministeren tar det med seg i forhandlingane til våren.

Sandra Borch (Sp) måtte avlysa den planlagde reisa til Rogaland, men håper å kunna koma til landbruksmøtet på Varhaug tidleg på nyåret.
  • Kristine M. Stensland (Stavanger Aftenblad)
Publisert: Publisert:

Fredag skulle den ferske landbruks- og matministeren Sandra Borch (Sp) ha besøkt matfylket Rogaland. Reisa blei avlyst.

– Eg skulle så gjerne ha vore der, seier Borch til Aftenbladet/E24.

Torsdag snakka Aftenbladet/E24 med bønder som skulle møta ministeren. Høge straumprisar var eitt av temaa dei gjerne ville ta opp med ho.

Verst slår prisane ut hos veksthus som produserer grønsaker på vinterstid. Her har energirekninga blitt fleire millionar kroner dyrare enn venta. Også i fjørfenæringa trengst mykje straum for å halda kyllingar og egg varme.

Les på E24+

Energirekninga auka med ti millionar kroner

– Kan dei venta seg hjelp?

– Me veit at det er store utfordringar rundt straum. Dette er me nøydde til å sjå på i jordbruksforhandlingane til våren, seier Borch, og legg til at regjeringa allereie har gått inn for å redusera elavgifta.

Dermed er ho einig med Marit Epletveit, leiar av Rogaland Bondelag, som meiner at straumen må bli tema når staten møter bondeorganisasjonane rundt forhandlingsbordet til våren.

Les også

Straumsjokk: – Dette må opp i vårens jordbruksoppgjer

Vil hjelpa bøndene

Borch er sjølv frå gard og har stor forståing for at ein del bønder no står i ein økonomisk krevjande situasjon.

Straumen er ikkje det einaste som er uvanleg dyrt før bøndene. Også prisane på kunstgjødsel har stige. Avisa Nationen tok denne veka i bruk ordet «gjødselsjokk» for å skildra prisauken.

Les på E24+

Høge prisar på kraftfôr og kunstgjødsel betyr ingenting for denne bonden

– Mange er nok veldig frustrerte og fortvila. Det har eg stor forståing for, og så skal me bidra med å koma med tiltak som kan letta situasjonen, seier Borch.

Få veker etter at den nye regjeringa var på plass, gjekk dei inn for å gje bøndene ein foreløpig kompensasjon på 754 millionar kroner som følgjer av ekstraordinære kostnadsaukar på gjødsel og bygningsmateriale. Dette var i samsvar med kravet frå jordbruket.

– Dette er ein foreløpig kompensasjon, og eit signal om at me vil hjelpa bøndene over kneika.

Etter den tid har prisen på kunstgjødsel stige endå meir, og straumprisane var ikkje ein faktor i reknestykket i haust. Så tala vil sjå annleis ut når forhandlingane startar igjen til våren.

Følgjer situasjonen

– Trur du at me må førebu oss på at dei høge kostnadane me ser no i landbruket, kjem til å bli noko me må rekna som meir normalt framover?

– Me følgjer situasjonen tett på alle nivå. Me har senka elavgifta og varsla at me vil sjå på langsiktige og kortsiktige tiltak framover, seier Borch.

Når går strømprisene ned?

– Kan høgare matprisar bli konsekvensen om kostnadane til jordbruket held fram med å vera høge?

– Marknaden regulerer prisar, og ein ser prisauke på mange område. Det er viktig med balanse i heile verdikjeda. Eit tydeleg signal frå oss er at me ønsker ei jamnare fordeling av inntektene i verdikjeda, og at bonden skal få meir att for varene.

Epletveit i Bondelaget etterlyser eit sterkare tollvern slik at norske bønder kan få meir betalt for varene sine utan å bli utkonkurrerte av import.

– Me må sjå på kva moglegheiter med har innanfor tollvernet. Det er ein viktig regulator for inntekta til bonden og prisane, seier Borch.

Ho understrekar at ho ønsker å tetta inntektsgapet mellom bønder og andre grupper i samfunnet.

– Me er nøydde til å løfta utfordringa rundt inntekta til bøndene og sikra norsk matproduksjon.

Publisert:
Gå til e24.no

Her kan du lese mer om

  1. Jordbruk
  2. Jordbruksoppgjøret
  3. Sandra Borch
  4. Strømpriser
  5. Landbrukspolitikk

Flere artikler

  1. Straumsjokk: - Dette må opp i vårens jordbruksoppgjer

  2. Skuffa over jordbruksavtalen: – Overtydar ikkje

  3. Borch meiner straumkrisa i drivhusa må få konsekvensar på kassalappen

  4. Fryktar redusert matproduksjon: – Kostnadane har stige enormt

  5. Betalt innhold

    Bøndene slit med uvanleg høge utgifter. Men maten vår blir ikkje brått dyrare av den grunn