Vil vurdera innstramming av jordvernmål

Landbruksministeren meiner heimfylket har eit spesielt ansvar for jordvern. Ho er bekymra over at Rogaland er dårlegast i landet.

Landbruks- og matminister Olaug Vervik Bollestad meiner både kommunane, fylka og staten må gjera meir for å ta vare på matjorda.

Olav Olsen, Aftenposten
  • Kristine M. Stensland (Stavanger Aftenblad)
Publisert:

Denne veka melde Aftenbladet at Rogaland var det fylket som omdisponerte mest landbruksjord i fjor, med 621 dekar. Karmøy, Sandnes og Gjesdal, som er bustadkommunen til landbruksministeren, toppa verstinglista i fylket.

– Eg blei bekymra då eg las dette. Rogaland har eit spesielt ansvar når det gjeld jordvern og bruk av jord. Me er eit fylke med god jord, og me har ein stor del av den samla jorda i Noreg, seier landbruks- og matminister Olaug Vervik Bollestad (KrF)

Vil vurdera innstramming

– Me kan snakka oss blå og grøne om beredskap. Det nyttar ikkje om me ikkje tar vare på jorda vår, seier Bollestad.

I Noreg skal ein ikkje omdisponera meir enn 4000 dekar matjord i året.

– Det har me klart dei tre siste åra. Det er ikkje så lenge sidan me var heilt oppe i 10.000 dekar. Me har redusert, men om me køyrer vidare i den farten me gjer no, så øydelegg me utruleg mykje for framtida. Når eg har fått tala for 2020, vil eg gå gjennom tala for dei siste åra. Det kan henda eg kjem med forslag om å skjerpa jordvernmålet.

Senterpartiet har tidlegare foreslått å setja det nasjonale målet ned til 2000 dekar.

Dei vanskelege enkeltsakene

I fjor vedtok fylkestinget i Rogaland ein jordvernstrategi. Her sette dei seg som mål at ein skal omdisponera maksimalt 400 dekar i året innan 2022.

«Når enkeltsakene kjem, så pressar kommunane på, og mange parti er då villige til å omdisponera», uttalte fungerande fylkesordførar Arne Bergsvåg (Sp) i den tidlegare nemnde saka i Aftenbladet.

– Som Bergsvåg ser eg at det er vanskeleg når det kjem til enkeltsaker, seier Bollestad, som blei stortingspolitikar etter å ha vore ordførar i Gjesdal.

– Når me arbeidde med kommuneplanen, kom den eine bonden etter den andre med intensjonsavtalar med utbyggarar. Dei skulle berre bygga 20 hus, og så skulle dei dyrka lenger oppe. Men etter nokon år vil desse husa krevja vegar, og så vil ein kanskje bygga fem hus til. I staden for å bygga nye felt, må ein fortetta i sentrum slik at ein sikrar at ein ikkje får satellittar.

Bollestad viser til korleis det var då ho sjølv kjøpte tomt til bustad i Gjesdal.

– På den tida gjekk kommunane saman for å verna jorda. Eg kunne søka på kommunal tomt i Gjesdal sjølv om eg budde i Stavanger, fordi ein skulle bygga på fjell.

Haldningsarbeid på alle nivå

– Me har berre tre prosent dyrka mark. Den gode matjorda er driven i generasjonar. Ein kan ikkje erstatta matjorda med nokon pakkar jord frå Europris og seia at ein skal dyrka mat, seier Bollestad.

Ho meiner jordvern krev haldningsarbeid i både kommunar, fylke og staten.

– Me må stå skulder ved skulder.

Ministeren oppfordrar også bøndene til å vera bevisste.

– Heile 20 prosent av jorda som blir bygd ned, blir bygd ned av bøndene sjølve.

– Men dei er vel nøydde til å bygga ned jord om dei til dømes skal møta kravet om lausdriftsfjøs?

– Både ny teknologi og dyrevelferd krev nye bygningar. Poenget mitt er at det viktig korleis me legg dei.

Veg versus jord

Samferdsel er den viktigaste årsaka til nedbygging av jordbruksjord.

– Det er viktig å ha med dette perspektivet når ein skal bygga veg. Eg har hatt eigne møte med samferdsleministeren om dette, seier Bollestad.

Nye E39 mellom Ålgård og Lyngdal er planlagt gjennom jordbruksområde i Bollestad sin heimkommune. Gjesdal kommune har sett seg som mål at ti nye dekar med jord skal bli dyrka opp for kvar dekar som går med til vegbygginga.

– Det er ikkje heilt enkelt å flytta jord. Ekspertane har ulikt syn på kor vellykka dette er. Det er ein gedigen leveplass for mikro-organismar som det er vanskeleg å ta vare på ved flytting. Desse er viktige for å laga eit godt jordsmonn, seier Bollestad.

Les på E24+

Nasjonalt mål om meir norske grønsaker, men då må forbrukarane styra unna billig import

Les også

Regn og varme gir gode avlinger på jordene

Her kan du lese mer om

  1. Olaug Vervik Bollestad
  2. Gjesdal
  3. Jordvern
  4. Landbruk
  5. E39
  6. Jordbruk
mail
E24

Start dagen med

Morgengryn Logo

Hold deg oppdatert på de viktigste nyhetene, de siste nøkkeltallene, og dagens kalender. Tilbudet er gratis.

Flere artikler

  1. Matfylket Rogaland er dårlegast i landet på jordvern

  2. Jordvern-konfliktar i pressområde: Her tapte matjorda

  3. Betalt innhold

    Jordvernar trur nye E39 kan gje vinn-vinn-situasjon

  4. Annonsørinnhold

  5. Kraftfôr er blitt milliardbutikk

  6. Fleire investerer i tilleggsnæringar: Bondebrør satsa på kjøtskjering