Hevdar store kjeder vil hit: – Må endra dei konservative handelsreglane

Regionalplansjefen opplever stadig at regelen for handelsetablering blir utfordra. Ho fryktar tap av arbeidsplassar i sentrum om han blir endra.

Tommy Kvia og Harald Gudmestad har saman selt og utvikla fleire tomter på Håland. No står området til venstre for tur. I bakgrunnen ligg Biltema.

Kristine M. Stensland
  • Kristine M. Stensland (Stavanger Aftenblad)
Publisert:

– Me er i kontakt med arealkrevjande kjeder som vil etablera seg her, seier Harald Gudmestad, som driv eigedomsutvikling gjennom selskapet Planum AS.

Gudmestad og makkeren Tommy Kvia ønskjer å få nye aktørar på plass på den ledige tomta ved sida av Biltema på næringsområdet Håland på Bryne. Dei vil ikkje ut med mange namn, men av dei fire-fem aktørane Planum har på ønskelista, kan dei røpa at dei er i dialog med den svenske kjeda Jula.

Med dette utfordrar dei hovudregelen for etablering av handel i regionalplanen. Nyetablering eller utviding av eksisterande varehandelsverksemd er nemleg berre tillate i sentrumsområde. Det finst nokon unntak (sjå faktaboks), men Håland på Bryne er ikkje eitt av dei.

– Bryne er eit regionsenter

Regionalplanen som skal gjelda fram til 2050, er ikkje endeleg vedteken. Men hovudregelen i utkastet som var ute på høyring i vår, er den same som den som gjeld i dag.

– Dei må endra dei konservative reglane for kvar ein får lov å etablera handel. Bryne er eit regionsenter. Då er det logisk at ein har rom for at store, internasjonale aktørar skal kunna etablera seg her, seier Gudmestad.

Han meiner at fylkesadministrasjonen ikkje heng med i tida.

– Dei må ta omsyn til fotavtrykka til dei store kjedene. Biltema hadde til dømes ikkje fått plass i Bryne sentrum. Dersom ein må halda fram med dispensasjonar, blir det mykje lobbyverksemd, seier Gudmestad.

Fryktar at sentrum blir utkonkurrert

Regionalplansjef Christine Haver har dei siste åra jobba med å oppdatera regionalplanen.

– På Håland kan ein i dag handla meir eller mindre bilrelaterte varer hos Biltema, plantar, møbel og meir til. Kvifor kan ein ikkje like gjerne opna opp for meir handel når så mange allereie dreg dit for å handla?

– Det er eit stadig tilbakevendande tema. Mange har argumentert sterkt for opning for handel både her og andre stadar utanfor sentrum i regionen, svarer Haver.

I eit bakgrunnsnotat til den nye regionalplanen, kan ein lesa at fylkesrådmannen har sagt nei til cirka fire søknadar i året som er relaterte til regelen for handelsetablering i perioden 2016 til 2019.

– Etablering utanfor sentrum gjev billigare tomter og billigare bygg. Dette gjev sentrumshandelen konkurranse. Varehandelen slit no. Og mitt spørsmål er om desse «big box»-aktørane (journ.merk.: store varehus) gjev fleire eller færre arbeidsplassar? Statistikken viser at nye etableringar hos dei store aktørane reduserer omsettinga hos dei små, og mange forsvinn, typisk dei som er lokaliserte i sentrum, seier Haver.

Ho viser også til at etableringar utanfor sentrum ofte fører til auka biltransport.

Regionalplansjef Christine Haver vil ikkje opna for at Sør-Jæren får eit handelsområde som tilsvarer Forus på Nord-Jæren.

Jeanette Larsen

Eit Forus for Sør-Jæren?

Time kommune meiner at Håland bør kunna bli for Sør-Jæren det Forus er for Nord-Jæren. Då dei vedtok ny kommuneplan i fjor, foreslo dei å legga til rette for varehandel for verksemder som er større enn 1500 kvadratmeter på næringsområdet. Dei hevdar at det er vanskeleg å finna plass til slike butikkar i sentrum.

Status for kommuneplanen til Time, er at både Fylkesmannen og fylkeskommunen har fremma motsegn. Ein ventar på at Kommunal- og moderniseringsdepartementet skal svara på kva syn dei har på saka.

– Skal alle frå Sør-Jæren måtta køyra til Forus for å få tak i varer frå butikkane som Gudmestad og Time kommune meiner at ikkje får plass i sentrum?

– Konsulentane som har laga ein rapport for oss, peiker på at dei fleste aktørane har høve til å tilpassa seg eit sentrum. Mange av dei har forretningskonsept med små varer på stor plass. Omsettinga hos dei store vil ifølgje konsulentane våre ofte vera opptil femti prosent lågare per kvadratmeter enn i kjøpesenter og sentrumshandel, svarer Haver.

Ho fortel at dei har vurdert behovet for eksterne handelsområde i Time og på Forus grundig.

– Me enda opp med at fordelane ikkje veg opp for dei store ulempe det vil føra med seg. Me foreslår derfor å halda fram med den praksisen me har i dag, seier Haver.

Ho ønskjer, som Gudmestad, at Bryne skal bli eit sterkare regionsenter.

– Vårt håp er at ein i større grad kan sjå Bryne sentrum som ei mogleg lokalisering. Opnar me opp for nyetableringar på Håland, viser statistikken at handelen flyttar dit, ikkje at det bli etablert ny handel.

I juni vedtok Time kommune eit høyringssvar til den nye regionalplanen. Fleirtalet i kommunestyret ønskjer at regionalplanen bør opna for «nyetablering og relokalisering av større handelsenheter» på Håland. Dette ønskjer dei mellom anna for å få avklart spørsmålet om handelsetablering på eit heilskapleg, overordna nivå, i staden for å måtta behandla kvar enkelt sak for seg.

Kampen for Biltema

Det er ikkje fyrste gongen Gudmestad og Kvia kjempar mot regionalplanen.

– Det tok tre år å få etablert Biltema der. Det er eit skikkeleg slit å halda på med slike prosessar, seier Gudmestad.

Hausten 2016 fekk Biltema grønt lys til å flytta til Håland og etablera varehus på 7500 kvadratmeter. Fylkesmannen sa fyrst nei, men endra meining fordi det var snakk om «relokalisering av en allerede etablert næringsaktør i kommunen», som låg utanfor sentrum også i utgangspunktet.

– Biltema har 2500 kortinnslag kvar dag no. Dei merkar at dei har eit regionalt nedslagsfelt. Kundane deira kjem mellom anna frå stadar som Tananger og Gjesdal, seier Gudmestad

– Men då har det vel generert meir trafikk på Bryne, noko som ikkje synest å vera i samsvar med regionalplanen sine omsyn til miljø og helsefremmande transport?

– Det viser at det var behov for eit utsal på ein god stad, svarer Gudmestad.

Harald Gudmestad fortel at tomta dei ønskjer seg aktørar til, ligg inntil den absolutte jordverngrensa på Bryne.

Kristine M. Stensland

Frå matjord til næringsområde

Planum har hjørnekontor i 15. etasje på Høghuset i Forum Jæren. Her har dei utsikt over heile Bryne, med næringsområdet Håland i sør.

– Eg har utvikla heile området der etter at eg inngjekk avtale med to bønder som eigde det. På den tida måtte ein omtrent reisa til Forus om ein skulle få tak i ei treflis. Det syntest eg var ulogisk. Eg har jobba med regionutvikling sidan den gong, seier Gudmestad.

– Kva tankar gjer du deg om at næringsområdet har lagt beslag på matjord?

– Ein stor del av det som er på Håland, har ikkje vore i bruk som jordbruksjord. Ein må ha ei rigid haldning til det å frigje slik jord. Men me kan ikkje stoppa utviklinga. Då må me bruka det arealet me har, på ein strukturert måte.

– Kva om ein heller bestemte seg for å seia at Bryne, som er omgjeve av matjord, er ferdig utvikla, og i staden satsa på å utvikla til dømes Ålgård, der mykje er fjell?

– Det er eit ømfintleg tema. Men det blir feil å legga det til Ålgård. For det ligg svære verdiar her på Bryne.

Her kan du lese mer om

  1. Handel
  2. Time kommune
  3. Biltema
  4. Forus
  5. Rogaland fylkeskommune
  6. Kommunal- og moderniseringsdepartementet
  7. Bryne
mail
E24

Start dagen med

Morgengryn Logo

Hold deg oppdatert på de viktigste nyhetene, de siste nøkkeltallene, og dagens kalender. Tilbudet er gratis.

Flere artikler

  1. Kritiserer handelsregel: – Skremmande at dei vil knebla utviklinga

  2. Rapport: Viruskrisen gir kraftig vekst for norsk dagligvare

  3. Eiendomsprofiler skal bygge leilighetsprosjekt til 450 millioner

  4. Annonsørinnhold

  5. Amazon hinter om Norge-etablering i stillingsutlysning

  6. Jollyroom hentet 186 millioner kroner i ny emisjon