Corona-effekt: Har selt 18 prosent meir mjølk

– Kapasiteten er sprengd, seier Q-sjefen. Utvidinga til 700 millionar kroner er så godt som i rute.

Bent Myrdahl i Q-meieriene har som mål at 30 prosent av mjølka som blir selt i Noreg, skal ha Q-merket på seg.

Jan Inge Haga
  • Kristine M. Stensland (Stavanger Aftenblad)
Publisert:,

– Me kan alltid bli betre, seier Bent Myrdahl, dagleg leiar i Q-meieriene AS, på spørsmål om kva han synest om resultata frå 2019.

Tine-konkurrenten held fram med ein jamn vekst som starta i 2016. Driftsinntektene auka med 1,7 prosent frå 2018 til 2019 og enda på 1,85 milliardar kroner. Til samanlikning hadde Tine SA 18 milliardar kroner i driftsinntekter i fjor.

Q-meieriene AS20192018
Inntekter1,85 milliardar kroner1,82 milliardar kroner
Driftsresultat138 millionar kroner111 millionar kroner
Resultat før skatt139 millionar kroner110 millionar kroner
Kjelde: Brønnøysundregistrene

Nærmar seg marknadsmålet

Q-meieriene har som mål å ha 30 prosent av marknaden. Myhrdal fortel at målet er nådd for rømme, og at mjølka nærmar seg.

– Me er fornøgde med at me i fjor at me auka marknadsdelen innan mjølk frå 24,2 til 25,6 prosent. Det er eit bra tal i ein marknad som går tilbake. I fjor gjekk mjølkemarknaden ned med 2,6 prosent, seier Myrdahl.

Når rekneskapen for 2020 skal bli sett opp, vil derimot mjølketrenden sjå annleis ut.

– Etter at coronaen kom, har mange begynt å bruka meir mjølk, både som drikke og til baking. Det har halde seg i heile sommar. I år ligg me på 18 prosent auke samanlikna med same periode i fjor. Totalmarknaden for mjølk har gått opp 6–7 prosent, seier sjefen i det Kavli-eigde selskapet.

Bygger for 700 millionar

Når det gjeld yoghurt, har Q-meieriene ein lengre veg igjen til målet.

– I fjor gjekk me frå å ha 13 til 16 prosent av marknaden. Men me har sprengt kapasiteten vår. Det er derfor me bygger ut for 700 millionar kroner på Jæren, seier Myrdahl.

Då Aftenbladet skreiv om utbygginga i mai, var investeringa på 600 millionar kroner. Myrdahl forklarer auken med at dei bestemte seg for å kjøpa inn ei ny mjølkelinje.

Om ein passerer meieriet deira på Øksnevad i Klepp, ser ein at bygginga er i full gang.

– Bygningsmassen skal vera ferdig til nyttår. Og så skal me ha testkøyring dei tre fyrste månadane. Me ligg éin månad etter planen fordi me hadde lagt ein straumkabel feil.

Ifølgje Myrdahl skal Q-meieriene kunna auka produksjonen med godt over 30 prosent når den nye delen er klar til bruk.

Styreleiar Kristine Aasheim og dagleg leiar Bent Myrdahl blei fotograferte på byggetomta i mai.

Jan Inge Haga

Kjøper mjølk av Tine

Konkurrenten Tine har rolla som marknadsregulator i Noreg. Det betyr blant anna at dei har plikt til å ta imot mjølk frå alle mjølkeprodusentar i Noreg.

– Eg har snakka med bønder som hevdar at de i Q-meieria hentar mjølka dykkar hos dei største og mest tilgjengelege produsentane. Kva seier du til ein slik påstand?

– Den innvendinga har eg høyrt før. Men det stemmer ikkje, for me tar alle slags produsentar. I Valdres hentar me for eksempel mjølk frå 15 seterdrifter. Og me har produsentar som leverer frå 100.000 liter til éin million liter mjølk i året, seier Myrdahl.

Som marknadsregulator har Tine også plikt til å forsyna andre aktørar med mjølk om dei treng det.

– På meieriet i Gausdal kjøper me 15 millionar liter mjølk frå Tine og bruker 15 millionar liter mjølk frå eigne produsentar. På Jæren er me sjølvforsynte med 90 millionar liter.

Han synest det er «greitt nok» å kjøpa mjølk frå Tine.

– Men hovudstrategien er at me skal dekka salet av mjølk med eiga mjølk.

Les også

Forseinking i Irland kostar Tine 10 millionar kroner i månaden

Her kan du lese mer om

  1. Q-Meieriene AS
  2. Tine
  3. Kavli
  4. Melk
  5. Meieri
mail
E24

Start dagen med

Morgengryn Logo

Hold deg oppdatert på de viktigste nyhetene, de siste nøkkeltallene, og dagens kalender. Tilbudet er gratis.

Flere artikler

  1. Forseinking i Irland kostar Tine 10 millionar kroner i månaden

  2. Bønder trua med kjøtkutt på 900 tonn: – Me slapp å gjennomføra

  3. Nortura er i gang med snuoperasjon

  4. Annonsørinnhold

  5. Betalt innhold

    Eit av landets største gartneri investerer i kunstig intelligens

  6. Betalt innhold

    Nasjonalt mål om meir norske grønsaker, men då må forbrukarane styra unna billig import