Startar arbeidsdagen 03.00 for å kjempa mot dei store matleverandørane

Kurt Ove Høyland er leiar for ein lokal utfordrar i ein marknad dominert av store aktørar. Arbeidsdagen hans startar klokka 03, og arbeidsveka er som regel sju dagar lang.

Kurt Ove Høyland, dagleg leiar hos Germann Vervik, kontrollerer at dei norske jordbæra er som dei skal vera.

Jon Ingemundsen
  • Kristine M. Stensland (Stavanger Aftenblad)
Publisert:,

– Det er grassat mykje å gjera. Me er midt i sesongen for jordbær, seier Kurt Ove Høyland.

Han er dagleg leiar hos Germann Vervik, ein frukt- og grønsakleverandør i Sandnes, som hovudsakleg leverer til storhushaldningar.

Regjeringa vil ha meir konkurranse

Den 19. juni leverte regjeringa ei stortingsmelding om konkurransen i daglegvaremarknaden. «Noreg har høgare prisar og mindre vareutval i daglegvarehandelen enn nabolanda våre», kan ein lesa i meldinga. På lista over moglege årsaker til dette, finn ein det som blir kalla for «ein utfordrande konkurransesituasjon». Regjeringa peiker på at det er «få uavhengige grossistar som leverer tenester til aktørane i verdikjeda for daglegvarer.» Som eit tiltak for å betra konkurransesituasjonen, vil regjeringa mellom anna «undersøkje om det er reell tilgang på grossisttenester for nye aktørar» og «vurdere behovet for regulering av tilgang på grossisttenester».

– Eg er glad for at styresmaktene har fokus på dette. Dei store har for mykje makt. Dei eig alt. For 25 år sidan var me om lag fem til ti mindre aktørar i Rogaland. Men dei siste 30 åra har det blitt større konstellasjonar, og fleire av dei mindre er blitt kjøpte opp, seier Høyland.

– Kva har forbrukarane å vinna på å ha meir mangfald?

– Ein kan få betre prisar, kjappare leveringar og meir nærleik. Dessutan kan me som er mindre, ta inn nisjevarer som dei store ikkje får inn.

Talet på grønsakprodusentar i Rogaland har gått ned. Trur du at dominansen til dei store grossistane er ein del av årsaka?

– Ja, ja, ja. Dei store grossistane vil berre ha store produsentar. Dei ønskjer å kunna få store volum frå éin plass.

Arve Gladheim, organisasjonssjef i Gartnerhallen som leverer til Bama, har tidlegare sagt til Aftenbladet/E24 at størrelsen i seg sjølv ikkje er avgjerande når dei vurderer søknadar frå nye produsentar, «så lenge dei kan visa til tryggleik for produksjonen av det volumet dei planlegg». Han ønsker ikkje å kommentera påstanden frå Høyland om at «dei store har for mykje makt».

Høyland har sjølv jobba hos ein av dei store aktørane.

– Men eg hoppa av i 2005. Det har eg aldri angra på. Eg vil heller driva med god, gammaldags frukt- og grønt-handel. Her kjem kunden sjølv inn og hentar varene om dei vil, og me stenger ikkje før alle har fått sitt.

Les også

Gründere ville dyrke norsk rucola med ny teknologi: – Nye aktører slipper ikke til i grøntmarkedet

På lageret til Germann Vervik er det mykje forskjellig, mellom anna desse lilla gulrøtene.

Jon Ingemundsen

Over 400 kundar

– Til saman fakturerer me 4–500 faste kundar. Dette inkluderer mellom anna torghandlarar og gatekjøkken. Me er også veldig tungt inne i grossistsal frå Jæren til Oslo-marknaden. Eg samlar saman leveransar frå produsentane, slik at dei slepp å betala for dyr transport for mindre leveransar sjølve. Dessutan har me ein fot innanfor daglegvaremarknaden lokalt, seier Høyland.

Under intervjuet vibrerer telefonen hans mange gongar. Dei fleste lar han ringa frå seg, men nokon svarer han på. Dei er frå butikkar som treng varer, og det raskt.

– Det var ein butikk som ringde om eg hadde norske agurkar og skotsikker vest, seier Høyland og ler.

Han forklarer at den skotsikre vesten er ei overdriving som speler på at det ikkje er så populært at han kjem med varer til butikkar som eigentleg høyrer til hos dei store leverandørane. Høyland verkar ganske så nøgd når han viser fram esker som er merkte med lokale butikknamn nede på det kjølige lageret.

Prioriterer norske varer

Germann Vervik har dessutan funne seg ein marknad blant utsalsstadar som ikkje er kopla til dei store aktørane i daglegvaremarknaden.

– Gardsutsala har ikkje andre stadar å gå, for dei store tar dei ikkje inn fordi utsala konkurrerer med butikkjedene, seier Høyland.

– Aftenbladet skreiv nyleg om potensialet for å dyrka meir grønsaker i Rogaland. Ei av utfordringane som blei nemnde, var priskonkurransen i møte med importerte matvarer. Korleis er forholdet mellom importerte og lokale grønsaker hos dykk?

– Det er vêr og vind som avgjer kva me kan levera. Det er lite import no i sesongen. Om eg ikkje hadde hatt eit forhold til produsentane, kunne eg ha spekulert i billigare import. Men eg er veldig oppteken av å ha norske varer, seier Høyland.

Kurt Ove Høyland er sjølv med på å henta varene som skal til kundane.

Jon Ingemundsen

Fisketorget bytte leverandør

Ein av kundane til Germann Vervik er restauranten Fisketorget i Stavanger.

– Me skifta over fordi konkurrenten var for stor i forhold til det me skulle ha. Germann Vervik er ein lokal aktør som jobbar mykje med lokale produsentar og sesongvarer. Dei er veldig, veldig flinke, skryter Karl Erik Pallesen, som er innehavar og kokk på sjømatrestauranten.

Han er svært oppteken e av å bruka lokale råvarer.

– Om konkurrenten sleit med å få tak i sesongvarer, så kunne det henda at me for eksempel fekk salat frå Portugal i staden for frå Randaberg. Me sparer kanskje fire kroner kiloet på å få salat frå Portugal, men me betaler gjerne litt meir for lokale produkt, for det synest me det er verdt. Germann Vervik har ein heilt annan kontroll på produkta sine samanlikna med dei veldig store som har store mengder inne. Det er i alle fall slik me opplever det. Dessutan er dei veldig fleksible når det gjeld leveringstidspunkt. Me har ikkje store lager og kjølerom, og når det då er travelt hos oss, treng me ein leverandør som kan levera ofte.

Pallesen er også involvert i drifta av Matboden, som driv med catering og kantinedrift.

– Her bruker me framleis den store leverandøren, for det er ein annan type produksjon. Konkurrenten er betre enn Germann Vervik på dei store tinga.

Karl Erik Pallesen hos Fisketorget i Stavanger valde bort ein større aktør til fordel for den lokale leverandøren Germann Vervik.

Kristian Jacobsen

På jobb sju dagar i veka

Germann Vervik er registrert med 19 årsverk i 2019. Dei hadde ei omsetting på 186 millionar kroner, og årsresultatet før skatt blei 10 millionar kroner. Høyland skryter av innsatsen til alle dei tilsette, og han er veldig glad for at neste generasjon, dottera Anna S. Høyland og sonen Halvard S. Høyland, har begynt å jobba i bedrifta. Sjølv om skrivebordet til Høyland ber preg av at det her sit ein leiar som har ein del papirarbeid å ta seg av, hevdar sjefen at han bruker 90 prosent av arbeidstida si på golvet.

– Eg er her sju dagar i veka, bortsett frå når eg er i huset eg har i Spania. Eg begynner på jobb klokka 03 på kvardagane. På søndagar startar eg 04.30.

Høyland eig sjølv 20 prosent av selskapet, medan T L Måkestad eig resten.

– Måkestad kom inn som eigar i 99. Vervik og Måkestad har kjøpt to eigedommar ved sida av oss, og eig til saman 7,5 mål her på Vibemyr. Det me ikkje bruker sjølve, er utleigd. Det har vore godt å ha fleire bein å stå på no under koronakrisa, seier Høyland.

Tor-Inge Måkestad er ivrig etter å skryta av Høyland.

– Då Høyland blei dagleg leiar, blomstra både han og selskapet som det aldri hadde gjort før, seier Måkestad.

Høyland vaks opp med foreldre som dreiv drivhus på Njærheim i Hå kommune.

– Dei leverte til Germann Vervik på 60-talet. Då var det gamle Germann sjølv som dreiv. Han starta opp i 1954, seier Høyland.

Her kan du lese mer om

  1. Frukt og grønt
  2. Næringsliv
  3. Råvarer
  4. Restaurant

Flere artikler

  1. Betalt innhold

    Nasjonalt mål om meir norske grønsaker, men då må forbrukarane styra unna billig import

  2. Rosenberg-sjefen: – Det kjem til å jobba 1500 personar på prosjektet neste år

  3. A-krim på tilsyn i jordbruket: – Eg håper det er ryddigare i år enn tidlegare år

  4. Annonsørinnhold

  5. Opning for statleg lånegaranti tar havvind-aktørane eitt steg nærare gigantutbygging

  6. Betalt innhold

    Haugen Gardsmat er konkurs