Tide Buss kjøper seg inn i teknologiselskap
Busselskapet blar opp 20 millionar kroner og håper på miljøgevinst.
Tide Buss går inn som deleigar og partnar i teknologi- og mobilitetsselskapet Ferdia.
– Ferdia representerer noko nytt og spanande i ein bransje med eit betydeleg potensial for innovasjon, seier Roger Harkestad, konsernsjef i Tide.
Han trur løysingane til Ferdia kan gje både miljøgevinst og betre brukaropplevingar.
Tide skal eiga 28,6 prosent av selskapet. For denne eigardelen betaler dei 20 millionar kroner.
– Me verdset selskapet til 70 millionar kroner etter emisjon, seier Harkestad.
Færre tomme sete
Ferdia starta opp i 2016. Dei har utvikla digitale løysingar for turbussnæringa, og har eit eige nettverk av sjåførar.
Harkestad fortel at Tide har 150 eigne turbussar, i tillegg til 120–130 partnarar som køyrer turbussar for dei.
– Den viktigaste effekten av samarbeidet med Ferdia er at me skal kunna bruka både sjåførane og bilane våre oftare, seier Harkestad.
Lykkast dei med det, vil færre bussar køyra strekningar med ingen eller få passasjerar.
Administrerande direktør i Ferdia, Håkon Sæther, set pris på å få Tide med på laget.
– Tide er ein av dei største i landet innanfor turbuss-utleige. Dei vil tilføra oss både kapital til å satsa vidare, men også kompetanse, bransjeerfaring og eit betydeleg volum og nettverk av bussar til IT-plattforma vår, seier han i ei pressemelding.
Selskapet hans har fleire nye produkt på gang.
– Det er mykje ubrukt kapasitet i bransjen. Dette skal me gjera tilgjengeleg på heilt nye måtar, seier Sæther, som håper selskapet vil kunna veksa ikkje berre i Norge, men også i andre land i Europa.
Vanskeleg år
Tide Buss er eigd av DSD AS, som tidlegare heitte Det Stavangerske Dampskibsselskab. Tide er det nest største busselskapet i landet.
– Det siste året har vore vanskeleg for turbussnæringa. Me gler oss veldig til at folk skal bli vaksinerte, og til at grensene opnar, seier Harkestad.
Tide har også rutebussar, men desse inngår i dei digitale løysingane til Kolumbus.