Sak i Høgsterett: Hevdar innleigde offshore har fått for lite løn

Skal innleigde også få ta del i selskapsbonusen? Ja, meiner fagforeininga. Nei, meiner arbeidsgjevar.

Advokat Karianne Rettedal er i Høgsterett for å kjempa for at innleigde skal ha same rett på selskapsbonus som fast tilsette.

Jon Ingemundsen
  • Kristine M. Stensland (Stavanger Aftenblad)
Publisert:,

Kan innleigde venta å få selskapsbonus på lik linje med fast tilsette? Dette er spørsmålet Høgsterett no skal ta stilling til. Det skal dei gjera i ei rettssak der fagforeininga Industri Energi har saksøkt bemanningsbyrået Semco Maritime.

Industri Energi krev at to medlemmar som har vore utleigde av selskapet til Aker BP, skal få same bonusordning som dei som er tilsette hos Aker BP.

Ifølgje Asle Reime i Industri Energi er problemstillinga aktuell for langt fleire enn innleigde i Aker BP.

– I operatørselskap speler bonus ei større rolle enn i andre næringar me representerer. Bonusen er blitt ein større del av lønsutbetalingane, seier han.

Det er ikkje berre av omsyn til likebehandling av dei innleigde at Reime meiner saka er viktig. Han peiker på at det vil vera ugunstig for fast tilsette om det blir billigare for bedriftene å basera seg på innleige.

Saka var oppe i Høgsterett tysdag og onsdag denne veka. I Høgsterett er LO og NHO med som partshjelparar. Advokaten til NHO, Margrethe Meder, var onsdag ikkje tilgjengeleg for kommentar fordi ho er oppteken i retten.

Dommen er venta om eit par veker.

Er bonus løn?

Når eit bemanningsbyrå leiger ut ein arbeidstakar, skal arbeidstakar ha minst dei same vilkåra som ein fast tilsett når det gjeld løn. Dette slår arbeidsmiljølova fast.

Bonus står ikkje eksplisitt på lista over lovfesta rettar. Spørsmålet som er kjernen i rettssaka, er om bonus kan bli tolka som ein del av løna.

Dei to som var innleigde var tilsette hos Semco Maritime si avdeling på Sola og jobba offshore for Aker BP (tidlegare berre BP) som ein del av det faste mannskapet.

Den ordinære løna deira var lik den som dei tilsette med same stilling fekk. Men dei fekk ikkje den same bonusen.

De to innleigde kravde i 2017 at Semco Maritime skulle etterbetala bonus for åra som var gått sidan 2013. Men Semco Maritime nekta og hevda at selskapsbonus ikkje var å rekna som løn, og at likebehandlingskriteria i arbeidsmiljølova dermed ikkje var gjeldande. Då tok dei to saka til retten, med advokat frå fagforeininga Industri Energi.

Tingretten: Bonus er løn

I Stavanger tingrett blei Semco Maritime dømt til å betala over 200.000 kroner til kvar av dei to tilsette. Denne dommen anka selskapet.

Selskapet argumenterer med at ein slik bonus er basert på måloppnåinga til eit selskap eller eit konsern, og at dette er for lausrive frå innsatsen til enkeltpersonar til at ein kan tolka det som ein del av løna.

Tingrettsdommaren la til grunn at det ikkje ville vera snakk om reell likebehandling for innleigde om dei blir nekta å vera ein del av bonusordninga. Tingretten viste også til at regelen i arbeidsmiljølova kom inn då Noreg skulle implementera det europeiske vikarbyrådirektivet. Formålet med direktivet er å beskytta innleigde arbeidstakarar med eit prinsipp om likebehandling.

Lagmannsretten: Bonus er ikkje løn

Dommaren i lagmannsretten var derimot einig med Semco Maritime. Eitt av argumenta lagmannsretten legg vekt på, er at likebehandlinga ikkje gjeld absolutt alle rettar. Pensjonsrettar er blant unntaka.

Lagmannsretten meiner at selskapsbonus ikkje er ein del av løna fordi det er knytt til sjølve tilsettinga i selskapet, og ikkje til arbeidsytinga. Hovudmålet til ein selskapsbonus er, ifølgje lagmannsretten, blant anna å stimulera til lojalitet overfor arbeidsgjevar og vareta ein prestasjonskultur.

Her kan du lese mer om

  1. Arbeidsmiljøloven
  2. Vikarbyrådirektivet
  3. Høyesterett
mail
E24

Start dagen med

Morgengryn Logo

Hold deg oppdatert på de viktigste nyhetene, de siste nøkkeltallene, og dagens kalender. Tilbudet er gratis.

Flere artikler

  1. Leiar milliardsatsing: Skal forsyna New York med Equinor-vind

  2. Amerikanske medier: Trump har valgt Barrett til Høyesterett

  3. Ukjent eiendomsmagnat døde i 2009 – nå skal Høyesterett avgjøre milliardarvens skjebne

  4. Annonsørinnhold

  5. Norgesgruppen: – Det dårligste tidspunktet i hele året for en slik rapport

  6. Wizz Air med stikk til Norwegian etter å ha startet priskrig