Matavfall frå Bergen skal bli biogass på Jæren

Biogass frå IVAR blir brukt til transport og oppvarming. No skal avfall frå Bergen gjera produksjonen større.

Ingrid Nordbø er glad for at IKS-anlegget på Grødaland skal behandla matavfall frå Bergen.
Publisert: Publisert:

Matavfallet til 350.000 innbyggarar i og rundt Bergen skal frå 1. april bli sendt til IVAR sitt biogassanlegg i Hå kommune på Jæren.

Dette går fram av ein fersk avtale mellom IVAR Næring AS og BIR (Bergensområdets Interkommunale Renovasjonsselskap).

På anlegget produserer IVAR, som er eigd av kommunar i Rogaland, i dag biogass av matavfallet til cirka 350.000 innbyggarar. Når dette talet blir dobla, får IVAR nytta meir av kapasiteten dei allereie har på anlegget sitt.

– Avtalen er viktig for den sirkulære satsinga vår. Dette vil gje god, stabil biogassproduksjon på Jæren, fortel Ingrid Nordbø, administrerande direktør i IVAR IKS i ei pressemelding.

Biogassen går inn på gassnettet til Lyse og blir brukt til blant anna drivstoff og oppvarming.

IVAR produserer også biogass av slam. Med bidraget frå Bergen kan IVAR auka produksjonen frå cirka 40 gigawattimar til 48.

Renovasjonen, eit selskap som er eigd av kommunane Stavanger og Sandens, skal stå for transporten av matavfallet. Fyrste transportetappe går med Fjordline.

BIR jobbar med å etablera eit biogassanlegg på Voss. Avtalen med IVAR gjeld i 4,5 år.

Publisert:
Gå til e24.no

Her kan du lese mer om