Kan bli bryggeristreik frå laurdag

Tilsette i bryggeri og mineralvatnfabrikkar krev minstelønsgaranti. Torsdag startar meklinga.

Fleire av avdelingane til Coca-Cola i Noreg står på streikelista til Norsk Nærings- og Nytelsesmiddelarbeiderforbund.

Tommy Ellingsen
  • Kristine M. Stensland (Stavanger Aftenblad)
Publisert:

Frå midnatt på fredag kan det bli streik blant 880 tilsette på 33 bryggeri og mineralvatnfabrikkar. Det skjer dersom Norsk Nærings- og Nytelsesmiddelarbeiderforbund (NNN) og NHO Mat og Drikke ikkje blir einige i løpet av meklinga som startar på torsdag.

– Me ønsker ein garanti om at minsteløna ikkje skal kunna setjast ned, seier Ann Elise Hildebrandt som er bransjeansvarleg i NNN.

Eit anna krav NNN stiller, er å få halda på ein normarbeidsdag på 7,5 timar.

– Avtalen me har i dag, opnar for tolking. Her er det fare for at arbeidsgjevar kan bestemma at ein skal jobba 7,5 timar éin dag og ni ein annan dag, så lenge gjennomsnittet på ei veke blir 37,5.

Dei 33 bedriftene på lista utgjer dei fleste bryggeria og mineralvatnfabrikkane der NNN har medlemmar, bortsett frå mikrobryggeria.

Kor fort tørste forbrukarar får merka ein eventuell streik, kjem ifølgje Hildebrandt an på kor stort lager butikkane har.

– Det kan nok stoppa opp fortare i utelivet enn i butikkane, spår ho.

NNN har også varsla fare for streik i kjøtindustrien. Her er meklingsfristen sett til midnatt tysdag.

Publisert:

Her kan du lese mer om

  1. Bryggerier
  2. Coca Cola
  3. Aass Bryggeri
  4. Hansa Borg Bryggerier
  5. Grans Bryggeri
  6. Norsk Nærings- og Nytelsesmiddelarbeiderforbund

Flere artikler

  1. Lokalbryggeriet doblet omsetningen: Satset internasjonalt da barene stengte

  2. Julevarene er her: Forbereder seg på en sesong uten grensehandel

  3. Varsler opptrapping av sykehusstreiken

  4. 313 sykehusansatte går ut i streik etter brudd i meklingen

  5. Betalt innhold

    «Fortsatt våkner jeg og tenker på det vi gikk glipp av her i byen da vi sa nei til Kjell Inge Røkke og Aker»