Kraftfôr er blitt milliardbutikk

Fiskå Mølle er i vekst. Det Ryfylke-baserte selskapet bygger seg opp nasjonalt for å bli ein endå sterkare utfordrar til hovudkonkurrenten Felleskjøpet.

Leif Kåre Gjerde er dagleg leiar for Fiskå Mølle. Dei investerer stadig nye millionar i anlegget på Fiskå i Ryfylke.

Carina Johansen
  • Kristine M. Stensland (Stavanger Aftenblad)
Publisert:,

1,39 milliardar kroner. Dette er summen Fiskå Mølle på Tau selde varer for i fjor, 43 millionar kroner meir enn i 2018.

Den vara dei sel absolutt mest av, er kraftfôr. Dette står for ein milliard kroner av omsettinga, ifølgje dagleg leiar Leif Kåre Gjerde. I tillegg sel dei mellom anna gjødsel og såvarer.

– Sidan me starta med kraftfôr i 1965, har me stort sett hatt ei positiv utvikling frå år til år. Unntaket var ein liten nedgang i 2018. Men då var heile næringa pressa på marginane på grunn av tørk, seier Gjerde.

Allereie i fjor var dei tilbake i det sporet dei ønskjer å vera i.

– Me må prøva å veksa fem prosent til i år. Me er nokolunde i rute så langt.

Bortsett frå at dei måtte organisera seg litt annleis for å hindra smitte, har ikkje korona-situasjonen hatt negativ innverknad på bedrifta.

– Landbruket har om mogleg fått positive verknadar av koronaen. Stengde grenser gjev større etterspørsel etter norske landbruksvarer.

Fiskå Mølle AS, TauTal i millionar kroner
2019 2018Endring i prosent
Inntekter1 389, 41 346, 2+ 3
Driftsresultat47, 135,3+ 33
Resultat før skatt36, 527,2+ 34
Kjelde: Brønnøysundregistrene

Tilgangen til båttransport er ein av dei største fordelane med plasseringa på Fiskå.

Carina Johansen

To milliardar på landsbasis

Mølla på Fiskå ligg rett ved sjøen.

– Frå Tau leverer me varer heilt frå det som tidlegare var Aust-Agder i sør og opp til Finnmark. Kvar veke sender me to båtar nordover, med til saman 1000–2000 tonn med kraftfôr, seier Gjerde.

Fiskå Mølle har verksemder i fleire delar av landet, men hovudkontoret er på Tau. Fiskå-selskapa er eigde av Brødrene Nordbø AS, som også har base her. Ifølgje Gjerde finst det ikkje noko samla konsernrekneskap som tar for seg utelukkande Fiskå Mølle-bedriftene, då konsernet også inkluderer bedrifter i andre bransjar som Brødrene Nordbø har eigarinteresser i.

– Men om det hadde vore ein samla rekneskap for eit Fiskå-konsern, ville omsettinga samla vera på nesten to milliardar kroner. Om ein samla alle eigarinteressene Brødrene Nordbø har innanfor landbruk, er me oppe i 2,5 milliardar kroner i omsetting, seier Gjerde.

Han fortel at Fiskå Mølle dei siste åra har hatt størst vekst i Rogaland, i Trøndelag og på Austlandet.

– Det er fleire og fleire bønder som vil handla med oss. Det er blitt færre gardar, men gardane som finst, er større. Det har gjort bøndene meir profesjonelle, og då må me også vera det. Me bruker ressursar på hjelpa bøndene til å auka resultatet deira mest mogleg.

Den største konkurrenten deira i Rogaland er Felleskjøpet Rogland Agder.

– Me har 35 prosent av marknaden i Rogaland. Anlegget på Tau er det nest største anlegget for kraftfôrproduksjon i landet. Berre Felleskjøpet sitt anlegg på Kvalaberg er større, seier Gjerde.

Millioninvesteringar kvart år

Fiskå Mølle sørgjer stadig for å investera slik at dei kan veksa seg endå større.

– Me investerer kring 10–25 millionar kroner i året. I fjor investerte me for cirka 15 millionar kroner på Fiskå. No held me på å bygga opp lagerkapasiteten. Etter ferien skal 1200 kvadratmeter vera ferdige. I år ligg investeringane her på 12–13 millionar kroner.

Det er ikkje berre forbetringar på eige anlegg som inngår i investeringsbudsjettet.

– Me kjøper oss inn i selskap når det er mogleg. I 2018 gjekk me inn i Østmøllene som hadde ein tredjedel av marknaden i Østfold. I år har me kjøpt oss opp til majoritetsaksjonærar i Skjellfoss Korn AS, der me tidlegare berre hadde ein minoritetspost.

17 nye årsverk

Når produksjonen veks, trengst også fleire tilsette. I fjor auka Fiskå Mølle på Tau talet på tilsette frå 61 til 78.

– Då eg kom hit i 1999, var me rett under 30 årsverk. Me treng mykje forskjellig kompetanse, frå fagarbeidarar i produksjonen, til folk med spesialkompetanse innan ernæring, husdyrhald og økonomi, seier Gjerde.

Hans Bjåstad fekk jobb hos Fiskå i desember i fjor. Her held han styr på logistikken. – Det er blitt enklare å organisera etter at Ryfylke-tunellen opna. Men det går med meir diesel, seier han.

Carina Johansen

Cirka 70 av dei tilsette har hovudbase på Fiskå.

– Av desse er det berre eg som pendlar frå utanfor Tau, seier Gjerde.

Han fortel at det har vore kvernhus på Fiskå sidan svartedauden.

– Nordbø-brørne kom hit på 1890-talet. I dag er femte generasjon aktivt med i drifta her på Fiskå.

Lasse Voster er sommarvikar. – Far jobbar her. Før jobba farmor og farfar her også.

Carina Johansen

Korn, soya og raps

Gjerde forklarer at korn utgjer 70 prosent av ingrediensane i kraftfôret.

– Det kjem mest korn frå Austlandet. Det er derfor me bygger oss opp der, slik at me får tilgang på meir norsk korn.

Dei andre ingrediensane i fôret har reist lenger.

– Ti prosent av fôret er soya frå Brasil. Dessutan får me raps og andre råvarer frå området rundt Austersjøen.

– Soyaproduksjon i Brasil trugar regnskogen. Korleis stiller de dykk til det?

– Soyaen vår er sertifisert. Han er både GMO-fri (journ.merk.: Ikkje genmodifisert), han er produsert etter etiske retningslinjer som mellom anna utelukkar barnearbeid, og han er ikkje dyrka på område som nyleg er avskoga. Norsk kraftfôrindustri ligg lengst framme når det gjeld å stilla etiske krav til soyaproduksjon.

– Sjølv om soyaen de kjøper, ikkje er dyrka på område som nyleg er avskoga, så bidreg det vel likevel til å auka etterspørselen etter soya frå Brasil, noko som indirekte kan bidra til avskoging?

– I eit kort perspektiv er det vanskeleg å sjå korleis ein kan slutta å importera frå Brasil, for dei er så store innan GMO-fri soya. I USA er til dømes så godt som all soyaen genmodifisert, svarer Gjerde.

Hovudingrediensen i kraftfôret er norsk korn. Bransjen jobbar for at fleire av ingrediensane skal kunna bli produserte i Noreg.

Carina Johansen

Tre i kraftfôr

Fleire aktørar jobbar for at kraftfôr i Noreg skal ha færre importerte ingrediensar. Fiskå Mølle er ein av dei.

– På Austlandet har me eit prosjekt med utvinning av melasse frå tre. Tanken er at me skal bli sjølvforsynte innan 2022 eller 23. Fôret er allereie testa ut hos kyr i Rogaland. Det er eit fullgodt produkt.

Han håper med dette at trevirke frå skogane austpå skal erstatta import frå India og Sør-Amerika.

– Der er melassen eit biprodukt frå sukkerproduksjonen. Noreg importerer 70.000 tonn melasse i året. Cirka 12.000 tonn går til oss.

Ifølgje Gjerde er ein eit godt stykke unna å klara å erstatta proteinet i kraftfôret, som no kjem frå soya, med norske produkt.

– Soya har ei gunstig samansetting av aminosyrer og god pris. På kort sikt er det vanskeleg å sjå kva ein kan erstatta det med. Noreg har avgrensa areal for produksjon av proteinrike vekstar. Ein bør bruka desse areala til det dei er best eigna til, nemleg korn. Det får ein mest utbytte av per dekar.

Skal ein klara å framstilla protein til fôrproduksjon i Noreg, har Gjerde mest tru på å ta i bruk havet.

– Ein kan mellom anna bruka eincelleprotein som ein kan vinna ut frå algar.

Les også

Regn og varme gir gode avlinger på jordene

Les også

30.000 geiter blir kasta, men her går salet av kjøt unna

Her kan du lese mer om

  1. Ryfylke
  2. Fiskå Mølle
  3. Landbruk
  4. Grovfôr
  5. Tau
  6. Felleskjøpet
  7. Råvarer
mail
E24

Start dagen med

Morgengryn Logo

Hold deg oppdatert på de viktigste nyhetene, de siste nøkkeltallene, og dagens kalender. Tilbudet er gratis.

Flere artikler

  1. Ny kalkulator skal gje meir klimavenleg norsk mat

  2. Europa-satsing bidrog til femti prosent auke i omsetting

  3. Rygr er eitt av 50 bryggeri i ny turistsatsing

  4. Annonsørinnhold

  5. Betalt innhold

    Eit av landets største gartneri investerer i kunstig intelligens

  6. Betalt innhold

    Belgisk milliardkonsern investerte i jærsk humlefjøs