Nådde ikkje jordvernmålet likevel

Dei foreløpige tala gav ministeren grunn til å smila. Dei endelege tala vitnar om ein auke i omdisponeringa av dyrka mark.

Olaug V. Bollestad håpte på fire strake år med oppnådd jordvernmål. Slik blei det ikkje.

Pål Christensen
  • Kristine M. Stensland (Stavanger Aftenblad)
Publisert: Publisert:

I fjor omdisponerte norske kommunar til saman cirka 4676 dekar dyrka jord, ifølgje tal frå SSB. Stortinget har vedtatt at ikkje meir enn 4000 dekar skal bli omdisponert i løpet av eit år.

I mai sa landbruks- og matminister Olaug V. Bollestad til Aftenbladet/E24 at det såg ut til at målet for 2020 skulle bli nådd. Dersom det hadde vore tilfellet, ville jordvernmålet blitt nådd for fjerde år på rad. Ho baserte seg då på foreløpige tal, som viste seg å vera for optimistiske. I 2019 var talet 3803 dekar.

At jord blir omdisponert, betyr at det blir regulert til annan bruk. Alt som er omdisponert, blir ikkje nødvendigvis bygd ned. I 2020 blei 356 dekar dyrka jord ført tilbake til landbruksformål i staden for å bli til noko anna.

Innrapportering frå ny E16 og Ringeriksbanen skal vera hovudårsaka til at det nasjonale talet blei høgare enn venta. Dette melder Bollestad på heimesida til regjeringa. Ho meiner dette viser at jordvern er eit kontinuerleg arbeid, og at det behov for å halda fram innsatsen.

51 prosent av den omdisponerte jorda frå fjoråret skal bli brukt til samferdsel.

Skal stramma inn

Bollestad la nyleg fram ein oppdatert jordvernstrategi. Regjeringa vil at den årlege omdisponeringa av dyrka jord ikkje skal overstiga 3000 dekar. Dette målet skal vera nådd innan 2025. Etter at dei oppdaterte tala frå 2020 blei kjende, kallar Bollestad det nye målet for ambisiøst, men realistisk.

Arbeidarpartiet bidrog til å gje forslaget om 3000 dekar fleirtal i Stortinget. Då saka blei behandla i næringskomiteen, gjekk Senterpartiet inn for at grensa i staden burde bli sett til 2.000 dekar dyrka mark innan 2026.

Det førre målet blei fastsett i 2015. Målet var då at den årlege omdisponeringa av dyrka jord måtte vera under 4000 dekar innan 2020.

Rogaland nærmar seg målet

Rogaland har som mål å ikkje omdisponera meir enn 400 dekar dyrka jord i året innan 2022. I 2019 var dei eit godt stykke unna då 621 dekar dyrka jord blei omdisponert. I fjor kom landbruksfylket ned i 471 dekar, ifølgje SSB sin statistikk.

Les også

Landbruksministeren strammar inn jordvernet: – Skulle ønskt eg kunne gå lenger

Publisert:

Her kan du lese mer om

  1. Jordvern
  2. Olaug Bollestad
  3. AftenbladetE24

Flere artikler

  1. Landbruksministeren strammar inn jordvernet: – Skulle ønskt eg kunne gå lenger

  2. Bøndenes grasrotopprør har fått over 10.000 underskrifter

  3. Betalt innhold

    Forsker fikk seg en overraskelse da han sjekket hvilken regjering som tilbyr mest til bøndene

  4. Betalt innhold

    Jaktar på ungdommar med raske hender som kan redda årets jordbær

  5. Bonderebellar ber om forhandlingsbrot: – Eg er lei meg