Vil endra lova for å hindra at gardar blir liggande brakk

Landbrukseigedommar i dødsbu kan forfalla i mange år før ny eigar overtar. Det vil regjeringa ha slutt på.

Landbruks- og matminister Olaug Bollestad (KrF) meiner det er viktig å få på plass ein tidsfrist for kor lenge landbrukseigedommar kan ligga i dødsbu.

Martin Slottemo Lyngstad
  • Kristine M. Stensland (Stavanger Aftenblad)
Publisert:

Regjeringa foreslår at landbrukseigedommar som inngår i dødsbu, må vera overførte til ny eigar innan tre år etter dødsfallet.

– Dette vil bidra til raskare eigarskifte, slik at gardar ikkje blir liggande brakk i mange år. Fristen vil føra til meir aktiv gardsdrift, busetting og aktivitet i lokalsamfunn rundt om i landet, seier landbruks- og matminister Olaug Bollestad i ei pressemelding.

Forslaget til endringar i arvelova gjeld eigedommar med minst fem dekar jordbruksareal eller minst 25 dekar produktiv skog. Både Norges Bondelag og Norges Skogeierforbund støttar forslaget.

Generalsekretær Sigrid Hjørnegård i Bondelaget trur ei lovendring vil bidra til at fleire landbrukseigedommar blir haldne i aktiv bruk, og at det vil kunna føra til auka busetting i distrikta.

Ellen Alfsen, kommunikasjonsdirektør i Norsk Skogeierforbund, viser til at det finst eksempel på at dødsbø stoppar eller forseinkar vern av skog, bygging av skogsbilvegar og nødvendige jordskifte.

– Det er uheldig at landbrukseigedommar som kunne ha vore selt til nokon som gjerne ville driva garden, busetja seg i bygda og bidra til auka verdiskaping, i staden blir ståande tomme og forfalla, uttaler ho i ei pressemelding.

Her kan du lese mer om

  1. Landbruk
  2. Arveloven
mail
E24

Start dagen med

Morgengryn Logo

Hold deg oppdatert på de viktigste nyhetene, de siste nøkkeltallene, og dagens kalender. Tilbudet er gratis.

Flere artikler

  1. Ny kalkulator skal gje meir klimavenleg norsk mat

  2. Norge signerte naturerklæring forrige uke: – I statsbudsjettet er det glemt

  3. Forsker om landbrukets klimaplan: Bygger på uferdig teknologi

  4. Annonsørinnhold

  5. Staten sier nei til mer Norwegian-støtte: – En knyttneve i magen

  6. Høyre kritisk til Aps planer om aktiv stat: Krangler om «Aker-eventyret»