Bjelland overlèt sjefsstolen til svigersonen

Då kjærasten til dottera bad om jobb i 2006, var Ole Bjelland fyrst skeptisk. No overtar svigersonen som dagleg leiar.

Joakim Lund Hetland og Ole Bjelland utanfor nybygget som Bjelland AS nyleg flytta inn ved Øksnevadporten på Jæren.
  • Kristine M. Stensland (Stavanger Aftenblad)
Publisert: Publisert:

– Det er store sko å fylla, seier Joakim Lund Hetland.

Frå nyttår overtar han jobben som dagleg leiar av entreprenøren Bjelland AS. Bedrifta har 135 tilsette og omsette for 303 millionar kroner i 2020.

Til no er det Ole Bjelland, svigerfar til Hetland, som har styrt skuta. Det har han gjort i snart 20 år, sidan han starta selskapet i 2002.

Neste år blir Ole Bjelland 65 år, og han meiner tida er inne for at neste generasjon overtar.

– Det er viktig at dei får begynna når dei er på topp, seier han og refererer til både dottera si Camilla Bjelland, som er økonomisjef, og Hetland.

Ein diesel-bransje

Sjølv om dei har klart å halda alle i arbeid, har 2021 vore eit tøft år for Bjelland.

– Bransjen har sett ringverknadane av korona. Men no ser det ut til at prosjekt som er blitt utsette, vi koma fortløpande. Om dei blir realiserte, blir det travelt, seier Hetland.

Som ny leiar ser han ikkje for seg at han kjem til å gjera store endringar. Han har vore den høgre handa til Ole Bjelland i årevis, og han set pris på å ha svigerfaren til stades som mentor i tida framover.

Men noko må Hetland likevel gjera annleis enn før, for bransjen står overfor store endringar i åra som kjem.

Bjelland AS er ein del av ein bransje som med Hetland sine eigne ord, «er glad i diesel». No må dei tilpassa seg nye miljøkrav.

– Dette må gå gradvis, for det er snakk om ekstremt store investeringar. Ein grøn maskin kan vera tre gongar dyrare enn ein som går på diesel, seier Hetland, som ikkje er i tvil om at dette vil føra til at det blir dyrare å få utført anleggsprosjekt framover.

Les på E24+

Veit ikkje kor mykje klimavenlege byggeplassar vil kosta kommunen

Svigerfar var skeptisk

Hetland blei kjærasten til Camilla Bjelland som 17-åring. Dette blei vegen hans inn i selskapet, ettersom han slik fekk kjennskap til at Ole Bjelland trengde folk.

I 2006 var Hetland nyleg ferdig med læretida si som elektrikar, men allereie lei av yrket.

– Ole trudde ikkje ein elektrikar kunne jobba i anleggsbransjen. Men det blei vanskeleg for han å seia nei då eg sa eg ville begynna på noko nytt, seier Hetland, som etter dette gradvis jobba seg oppover i selskapet.

– Eg var litt skeptisk, ja. Men han er eit arbeidsjern, seier Ole Bjelland som fort la til sides skepsisen.

Han er glad for at både dottera Camilla, som er medeigar i selskapet, og ektemannen hennar er interesserte i å jobba i Bjelland.

– Eg er privilegert, for det er ikkje ei sjølvfølgje at ein får ungar som vil halda på med dette. Det er ein spesiell livsstil, seier Bjelland som sjølv er van med tidlege morgonar og å vera tilgjengeleg døgnet rundt.

– Om ein ikkje er på, kan ein gå glipp av store moglegheiter, seier han.

Pensjonist har han ikkje tenkt å bli med det fyrste. Han held fram som leiar i konsernet som i tillegg til driftsselskapet Bjelland AS, også inneheld eit maskinselskap og fleire eigedomsselskap. Dermed reknar han med at det blir nok å gjera.

– Me liker å skapa, seier han.

Publisert:
Gå til e24.no

Her kan du lese mer om

  1. Ole Bjelland
  2. Jæren

Flere artikler

  1. Betalt innhold

    Veit ikkje kor mykje klimavenlege byggeplassar vil kosta kommunen

  2. Betalt innhold

    Energirekninga auka med ti millionar kroner

  3. Betalt innhold

    Her er 46 tilsette frå Ukraina. Over halvparten er framleis i heimlandet

  4. Nortura Forus-sjefen sluttar på grunn av konsernet sine planar

  5. Fryktar redusert matproduksjon: – Kostnadane har stige enormt