Stavanger-ordføraren åtvarar Nortura mot å flytta arbeidsplassar austover

Klubbleiaren hos Nortura Forus har varsla klubben om at fleire titals arbeidsplassar kan vera i fare. Nortura-leiinga er foreløpig ordknapp.

Ordførar Kari Nessa Nordtun (Ap) ber Nortura revurdera planane sine. Varaordførar Dagny Sunnanå Hausken (Sp) (til venstre i bildet) har også engasjert seg i saka.
  • Kristine M. Stensland (Stavanger Aftenblad)
Publisert: Publisert:

«Det er ei veldig dårleg sommarhelsing å senda dei tilsette», sa Ken Ove Sletthaug, klubbleiar for Norsk Nærings- og Nytelsesmiddelarbeiderforbund hos Nortura på Forus, i juni 2020.

Bakgrunnen for dette var at Nortura la fram ein fireårig industriutviklingsplan for raudt kjøtt. Sletthaug hevda då at planen ville føra til at 450 tilsette kan bli til overs i Rogaland, om ein ser samla på Forus, Sandeid og Egersund.

I fjor sa Nortura at endelege avgjerder skal bli tatt i løpet av dei komande fire åra.

– I morgon tidleg kjem Nortura for å presentera konsernsjefen si innstilling. I fyrste omgang går det ut på å flytta skjereaktiviteten frå Forus og Steinkjer til Tønsberg, seier Sletthaug, som tysdag har orientert klubben om kva som kjem.

Rundt 70–80 arbeidsplassar av totalt 550 på heile anlegget er ifølgje Sletthaug involvert i skjeringa.

Ken Ove Sletthaug er representant for dei tilsette i konsernstyret til Nortura SA.

– Dette er proppen i badekaret. Det er viden kjent at dersom skjeringa ryk, så går resten også, seier han.

Aftenbladet/E24 har kontakta Nortura for å få bekrefta informasjonen Sletthaug kjem med. «Det er riktig at vi behandler en utredning om framtidig skjæring av grisekjøtt på Forus og i Steinkjer. Vi kan ikke kommentere saker som er til behandling, men vi vil offentliggjøre konsernsjefens innstilling når saken er ferdig behandlet», skriv Kjell S. Rakkenes, konserndirektør for kommunikasjon, samfunnsansvar og berekraft.

Styreleiar Trine Hasvang Vaag har tidlegare uttalt til Nationen at skjerelinja i Steinkjer vil bli behandla på styremøte den 18. oktober. Dette er også datoen som gjeld for Forus, ifølgje Sletthaug.

Fabrikksjef Olav Tandberg ønsker ikkje å kommentera saka før han sjølv har fått snakka med dei tilsette onsdag morgon.

Ordførarbrev til Nortura

«Undertegnede er gjort kjent med at Nortura vurderer flytting av arbeidet med å skjære gris fra Nortura Forus til Tønsberg. De ansatte frykter at dette er starten på slutten for virksomheten til selskapet i Stavanger. Jeg deler denne bekymringen, og vil med dette sende en sterk oppfordring om å revurdere en slik beslutning», skriv Stavanger-ordførar Kari Nessa Nordtun i eit brev til Nortura som blir sendt tysdag.

– Det er urovekkande at ein så stor aktør som Nortura i praksis legg ned mange hundre arbeidsplassar i regionen for å sentralisera på Austlandet, seier Nordtun, som då viser til heilskapen i industriutviklingsplanen.

Sjølv om ingenting er bestemt, bad Nortura Stavanger kommune i fjor sommar om å få ei ny områderegulering av Forus-tomta.

«Det er uaktuell politikk for Stavanger Arbeiderparti og dagens politiske flertall å flytte arbeidsplasser i denne skalaen for å bygge bolig. Stavanger kommune har allerede en rekke tomter prosjektert og regulert til bolig for framtidig utvidelse av boligmassen. Det er samtidig av høy viktighet å verne industritomter for framtiden», skriv ordføraren i brevet ho no sender til Nortura.

Støtte frå LO

Onsdag morgon vil LO Rogaland arrangera fanemarkering for å visa støtte til dei tilsette hos Nortura.

– Me ber om ein stopp i sentraliseringa av industriarbeidsplassar. Me ønsker ein plan B for vidare drift på Forus-anlegget, som er eit av dei største i Nortura, seier Sletthaug.

I eit ferskt vedtak frå LO sitt regionråd i Rogaland, kan ein lesa at dei «ser med sterk bekymring på sentraliseringen av Norge», og viser til industriutviklingsplanen til Nortura som eit eksempel på dette. Dersom Nortura i denne omgang bestemmer seg for å flytta skjering av gris frå Forus og Steinkjer til Tønsberg, meiner styret i regionrådet at «det vil ha alvorlige konsekvenser for de familier som blir berørt, men også for landbrukskommunene i Rogaland som mister både svært viktige arbeidsplasser og skatteinngang».

I den overordna planen til Nortura ligg det også inne at slaktinga som i dag skjer på Forus, i Egersund og på Sandeid kan koma til å bli flytta til Kviamarka i Hå, der Nortura vurderer å gjera store investeringar. Pølseproduksjonen som i dag skjer på Forus, trur Nortura det kan vera meir lønsamt å flytta til Tønsberg. Men her er ingenting endeleg vedtatt.

Les også

Nortura er i gang med snuoperasjon

Les også

Vil møta Nortura for å berga arbeidsplassar

Les også

30 Nortura-ansatte i Målselv mister jobben

Les på E24+

Redusert grensehandel har skapt nye kjøtt-jobbar

Publisert:
Gå til e24.no

Her kan du lese mer om

  1. Nortura
  2. Kari Nessa Nordtun
  3. AftenbladetE24

Flere artikler

  1. 147 ansatte i Nortura mister jobben: – Nedslående

  2. Kjøttskjærer fikk trist beskjed om jobbkutt

  3. Nortura vil kutte 126,5 millioner på skjæring av gris

  4. Nordic Edge: Stavanger vil testa persondrone i 2023

  5. Betalt innhold

    Slik skapte radarparet 100 IT-arbeidsplasser