Q-meieriene tapte mot staten i retten

Q-meieriene saksøkte staten etter å ha fått eit krav om å betala tilbake 11 millionar kroner.

Kristine Aasheim er styreleiar for Q-meieriene.
  • Kristine M. Stensland (Stavanger Aftenblad)
Publisert: Publisert:

– Me opplever at retten ikkje har tatt stilling til det «eigentlege» spørsmålet i saka, nemleg om statens krav er forelda etter norsk lov, skriv Kristine Aasheim, administrerande direktør hos Kavli Norge som eig Q-meieriene, i ein e-post til Aftenbladet/E24.

I fjor fekk Q-meieriene eit krav frå staten på 11 millionar kroner. Q-meieriene betalte, men gjekk så til sak mot staten fordi dei meinte kravet var forelda.

Denne veka frifann Oslo tingrett staten. Aasheim fortel at dei no vurderer om dei skal anka saka.

Les på E24+

Med dette anlegget vil Q-meieriene stela fleire kundar frå Tine

Bakgrunnen for million-kravet frå staten var at Q-meieriene fram til 2016 fekk utbetalt eit tilskot for distribusjon av smakstilsette mjølke- og jogurtprodukt. I 2017 kom Oslo tingrett fram til at denne støtta var i strid med EØS-avtalen. Staten kravde derfor å få tilbake den delen av tilskotet som var utbetalt sidan 2010.

Når retten no frifinn staten, bruker dei blant anna følgjande argument: «Selv om departementet måtte ha tatt feil i foreldelsesspørsmålet, blir ikke Vedtaket mer ugyldig av den grunn når rettsfølgen av foreldelse ikke er ugyldighet».

Q-meieriene tapte søksmålet, men dei slepp å betala sakskostnadane.

Publisert:
Gå til e24.no

Her kan du lese mer om

  1. Meieri
  2. Kavli
  3. Q-Meieriene AS
  4. AftenbladetE24
  5. Oslo tingrett

Flere artikler

  1. «Rykande ueinig» i dom, men ankar ikkje

  2. Q-meieriene frykter for eksistensen etter tilskuddskutt: – Tine prøver å skvise oss ut

  3. Uenigheter rundt kabelgrøft endte i retten: Q-meieriene må betale 1,5 millioner til Risa

  4. Oslo kommune tapte kostbar kaffekamp

  5. Gjenåpningen endrer ingenting for norske hytteeiere i Sverige